Gå til innhold
Arkivverket

SF Gloppen - tilbake til Malene Hansdtr Vereide og hennar etterkomarar.


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Denne dama har vore tema i fleire debattar. Eg viser spesielt til denne tråden frå 2011:

 

Her var vi fleire deltakarar som gjorde ein stor innsats for å få kartlagt litt om kven ho var, og kven ho hadde etter seg. Vi fekk fastslått at ekteskapet hennar med Berent Janson (Balchen) var kortvarig og utan felles born, og det ser heldigvis til å ha slått gjennom ute på nettet og, td Geni. (Truleg heitte mor til Berent sine born Malene, men det er garantert ikkje den same Malene).

 

Vi fann ikkje ut kven ho var; vi var klar over teorien om at ho var dotter til Hans Absalonsen Beyer, men fann ikkje noko bevis på det. Dersom nokon i dei følgjande 9 åra har funne dokumentasjon på det, eller ein annan farskap, vil vi gjerne få høyre om det.

 

Når det gjeld etterkomarane hennar, hadde vi namnet på fleire born som ho fekk med Ola Nilsson Vereide, men vi er ikkje sikre på om vi har funne alle, og vi veit ikkje om det vi trur vi veit, er rett. Vi veit ikkje rekkjefølgja, så denne oppramsinga blir litt tilfeldig. 

 

I bygdeboka for Gloppen skriv Aaland: "Born i 1666: Nils, 30 år, Absalon, 24 år. Sønenen Oluf og Erik døydde tidleg. Laurits var vanfør (d. etter 1650), dottera Karen, g.m. Jens Tonning, Stryn".  Vi prøvde å finne dokumentasjonen for dette, men det var ikkje like lett. Mi rekkje har sett ca slik ut til denne tid:

 

- Det er rimeleg å tru at dei har hatt både Nils og Hans tidleg i barneflokken (oppkalling), men at desse har døydd unge; Nils så tidleg at namnet kunne brukast oppatt seinare, og Hans så seint at det ikkje var fleire born å setje namn på.

 

- Oluf (Ola) finn vi i koppskatten i 1645, og i tingboka 1658, der han sel ein gardpart til broren Erik. Det er rimeleg at han har døydd frå garden barnlaus, sidan Absalon seinare overtek. 

 

- Erik  står også i koppskatten 1645, og med hendinga i tingboka 1658 meiner vi han er den same som er oppsitjar på Vereide i 1666, med ein alder som tilsvarer fødselsår 1628, og med sønene Oluf, Søren og Laurits som vi ikkje har noko meir på seinare.

 

- Nils ca 1636 har vi berre frå 1666-manntalet.

 

- Absalon ca 1641 finn vi også i 1666; han overtok garden og livet og etterkomarane hans er rimeleg godt dokumentert.

 

- Laurits (Lars) har vi berre Aaland sine ord på.

 

- Karen. Aaland skriv at ho vart gift med Jens Tonning, men det er vi ikkje sikre på. Vi fann at ho nok har hatt eit kjærastforhold til henne, det framgår av tingboka for 1659, men det kan også sjå ut som om det ikkje blei noko meir ut av det. På Geni finn ein henne gift med Peder Jensson Rake (hans andre ekteskap). Dette var ikkje framme i debatten i 2011; er det noko som kan dokumenterast nokon stad?

 

- Med så lang barneperiode er det rimeleg å tru at det har vore fleire born, ikkje minst at det har vore fleire døtre enn den Aaland nemner; vi har i grunnen allereie bevis for det, i og med at tingboka 1758 omtalar Absalon sine "søstre", i fleirtal.

 

No trur eg muligens eg er på sporet av fleire i denne barneflokken. I samband med denne debatten 

 

 

Dette emnet omhandlar son til Malene Absalonsdtr Vereide, barnebarn til den Malene som er hovudperson i det emnet eg opprettar no.

Der får eg undervegs servert dette av bidragsytar Svein Rindedal:

 

Frå  J.W.Blichs "Exstract fra Bergen Byes Skifteregistreringsprotokoller " 21.nov.1729 etter Pige Margrete Eriksdtr    

 

Arvingane er "Hennes søskenbarn" -

Ellen Absalonsdtr * =Ole Jonsen

Kirsten Absalonsdtr * Lars Knutsen Bech

Ragnille Warniksdtr * Lars Nilsen

sal.Malenes barn

                Morten Mortensen 8år

                Absalon           "       5år

                Ellen Maria    Mortensdtr 5år

               Marthe Kirstine     "

Formynder for barna Stephen Monsen, Stolmager

 

Dette er eit utdrag av eit skifte; vi anar ikkje om alle arvingane er nemnde eller kva som eventuelt er grunnlaget for å ta med berre nokre. Eg har prøvd å finne ut kvar skiftet eventuelt kan sjåast, men er ikkje i mål med det; kanskje eksisterer det for den del ikkje lenger. Men:

 

Eg kjenner straks att dei tre systrene Elen, Kirsten og Malene Absalonsdøtre, alle busette i Bergen, far Absalon Olsson Vereide, Malene Hansdtr sin son.

Sjølvsagt vil ein arvelatar kunne ha syskenborn på to sider (mor og far), så eg har ingen garanti for at arvelatar Margrete også er barnebarn av Malene Hansdtr, men det er ein besnærande tanke, sidan vi veit at ho hadde ein son som heitte Erik. Det er heller ikkje utenkjeleg at det kan vere mor til Margrete som er møtepunktet med Vereids-slekta. Er det nokon som har noko å tilføye til dette?

 

Så er det denne "Ragnille Warniksdtr". Her er vi vel garantert på Vereide-sida i alle fall. Eg finn henne nemleg 5 gonger i kyrkjebøkene for Bergen, alle gongene som Warnersdtr:

 

Brur 1720 - https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000195833

Mor 1721 - https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006012577

Fadder 1721 - https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005942158 - til Malene Absalonsdtr Vereide sitt barn.

Mor 1723 - https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006014895

Fadder 1724 - https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006017075 

 

Dåpen i 1721 er det einaste møtepunktet med Vereids-slekta, men det er nok til å overtyde meg: Ragnhild må ha hatt mor frå Vereide. 

 

Warnick/Warner/Werner - fleire skrivemåtar for same namn. Det er eit heller uvanleg namn, og her i Nordfjord kjenner vi ingen før Verner Sveinson på Kyrkjeeide, brukar ca 1680, 58 år i manntalet 1701. I følgje bygdeboka var han gift med enkja etter føremannen Mattis Pederson, og denne enkja skal heite Alet Olsdtr. Kanskje kan det vere same mannen som er nemnt i eit skifte på Osdal i Volda; han må i så fall ha gifta seg på nytt etter Alet.

 

SAT, Sunnmøre sorenskriveri, 3/3A/L0002: Skifteprotokoll 02A, 1703-1707, s. 414b-415a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090123670748
 

Då slår sjølvsagt fantasien min inn, og tenkjer at Alet Olsdtr kan vere mor til Ragnhild i Bergen, og ei dotter av Ola Nilsson Vereide. Er det nokon som kan seie noko om denne teorien, eller gje andre forklaringar på korleis slektskapen er?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er noe fra samme kilde.

Altså 16.februar 1732

Absalon Christoffersen * Anna Pedersdtr

Hans far Christen Nilsen Vereide i Gloppen

Hans halvbror Ole Absalonsen

 

Ser at jeg selv

har tilføyd Balchen, så dette er vel kjent.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er interessant, men ikkje heilt relevant i denne samanhengen.

Halvbroren Ola Absalonson er barnebarn av Malene Hansdtr; Absalon Kristenson sjølv er det ikkje. 

Men nyttig uansett; eg har visst at han var død før faren Kristen, men ikkje kvar og når.

(Balchen kan du stryke 🙂 )

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Aase. Dette var interessant.

Men dessverre har jeg nok ikke noe nytt å tilføye her, jeg har jobbet med helt andre ting siden sist.

Men jeg følger med og skulle det dukke opp noe jeg kan tilføre debatten gir jeg lyd fra meg.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg limer inn her det eg har om borna til den eine av Malene sine søner, Absalon Olsson Vereide.

 

Eg har denne barnerekkja etter han, alle med Marie Helt. Bygdeboka nemner ei muleg fyrstekone frå Lotsberg, men eg har ikkje funne dokumentasjon på det.

 

1. Elen, kalkulert f.år 1686; død i Bergen ca 1742, skifte 1742 viser borna som overlever henne. https://www.digitalarkivet.no/sk20081111630441

2. Malene, 1688-1689.

3. Ola, 1689 - overtok garden og hadde fleire born som eg har bra oversikt over.

4. Abelone, 1689 - 1767; død på Bakkesundholmen i Sund kommune; har mykje etterslekt i følgje geni.com.

5. Malene, kal 1691, død i Bergen før 1729; temaet om skreddaren Absalon viser kva vi veit om etterslekta hennar, som ser ut til å gå ut i null.

6. Kirstine, kal 1694, skifte etter henne i Bergen 1737 viser mann og born. https://www.digitalarkivet.no/sk20081111630262

 

Desse 5 som levde opp stemmer med skiftet etter mora. 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.