Jump to content
Arkivverket

Gaardeier Kittel Kittelsen Sandvik, f. Nissedal 1842, via Plåterud i Lørenskog til Oslo?


Recommended Posts

Håvard Moe

Eg har lenge prøvd å finne ut av detaljar kring flyttinga til ein familie Sandvik frå Nissedal i Telemark til Oslo kring århundreskiftet. Ei kort oppsummering så langt:

 

Far Kittel Kittelsen f. 1842 og mor Anne Paulsdotter f. 1841 er nemnt på Sandvik i Nissedal i 1891 med borna Kittel f. 1868, Paul f. 1870, Tone f. 1873 og Gunnar f. 1877. I same husstand er nemnt losjerande lærar Søren Sørbotten. I løpet av året etter har familien forflytta seg til Solum, når dottera Tone og Søren Sørbotten blir gift her i juli og sonen Gunnar konfirmert i oktober 1892. Våren etter dette dør sonen Paul. Om han har eg prøvd å finne meir info før, jfr. denne tråden her: 

 

 

Det neste som kan finnast er dødsfallet til mor Anne i 1895. Familien er da på Plåterud i Lørenskog:

 

SAO, Skedsmo lensmannskontor, H/Hb/L0003: Dødsfallsprotokoll, 1895-1896
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090529321188 

 

SAO, Skedsmo prestekontor Kirkebøker, F/Fb/L0001: Ministerialbok nr. II 1, 1883-1901, s. 146
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060927010226

 

Her er far Kittel oppgitt som Gaardmand og med bustad Plåterud. I dødsfallmeldinga er oppgitt at det er to myndige og eitt umyndig barn. Yrket gaardmand tolker eg til å vere gardsarbeidar - gardbrukarar og husmenn er oppgitt å vere det (hhv. gardbr. og husmand nemnt på same sida), men eg blir litt usikker når eg har fått tolka dødsfallmeldinga. Når denne nemner "Plaaterud paa Lørenskogen ca 150 Maal heftet til fuld Værdi " tyder det vel på noko fast eigedom med pant? Eg har ikkje funne noko i panteregisteret for Skedsmo under Plåterud, og det er ikkje noko nemnt i Lørenskogboka om desse folka.


Etter dette ser det ut til at dei har havna i Oslo. Gunnar vert gift på Sagene i 1898 (bustad Sannergt. 8). Seinare same år bur han i Thorvald Meyers gt. 18. og i 1900 i Stenstrupt gt. 17. Frå 1902-1916 er bustad Mossegata 11. Meir om Gunnar og uavklarte spørsmål her:

 

I 1900, er far Kittel og eldste bror Kittel nemnt hjå yngste bror Gunnar i Oslo som hhv. gaardeier og gaardskarl:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037045169889#

 

Dei er her oppgitt med familiestilling fl %b% som skulle bety losjerande, høyrer til familien (fl). den overstrøkne b-en for besøkende er vel overstrøke av ein grunn. Eg har ikkje funne desse to nokon anna stad i 1900. Er gårdeier i denne konteksten eigar av gård i Oslo, eller kan dette vere eigedom i Lørenskog? Dersom det er i Oslo er eg på ukjent grunn for min del. Kor kan ein ev. finne noko slikt? Er pantebøkene i Oslo organisert etter gater eller gnr?

 

Broren Kittel er for øvrig nemnt som "fhv. Gaardbruger" i adressebok for Oslo i 1905 og 1906 og som "gaardeier" i 1916. Han dør 1918 i Bærum. 

 

1900 er siste gong eg har funne far Kittel nemnt. Eldste bror Kittel er nemnt saman med broren Gunnar i Stenstrups gt. 17 i 1900, i Mossegaten 11 i 1902-1916 og til sist død på Haslum i østre Bærum (der familien vel fortsatt har eigedom), men far har eg ikkje funne noko meire på. Har vore gjennom død i Sagene meninghet 1900-1905 og i Lørenskog 1900-1915, men ingen der.

 

Edited by Håvard Moe
Link to post
Share on other sites
  • Håvard Moe changed the title to Gaardeier Kittel Kittelsen Sandvik, f. Nissedal 1842, via Plåterud i Lørenskog til Oslo?
Sven Hjortland
15 timer siden, Håvard Moe skrev:

1900 er siste gong eg har funne far Kittel nemnt

Nummer 749

 

Oslo fylke, Oslo skifterett, Dødsfallsprotokoll nr. C 1 (1899-1903), Dødsfallsprotokollside, Side 339
Permanent bilde-ID: sk20090515340340
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090515340340
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090515340340.jpg
 

  • Thanks 1
Link to post
Share on other sites
Håvard Moe

Jøss - der var han jo. Og eg som var gjennom døde i Sagene seinast i går. Tusen takk!

 

Er det nokon som klarer å tyde dødsårsaken? 

 

Eg prøver no å finne ut av kva slags går det kan vere snakk om. Pantebøker i Oslo og omhengn er ikkje like greitt å finne fram i. Så stusser eg jo litt på at ein gårdeier "Eier intet til Skifte"...

Edited by Håvard Moe
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.