Jump to content
Arkivverket

Kristoffer Johan Andreasson Notøy frå Nautøy i Solund (1890-1967) med kone frå Sveio og huslyden deira?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg nett er vorten merksam på og som lyt komma med i det komande bandet av bygdebokserien frå Luster, men det er særleg eit par vigsler eg har vanskar med å funna ut av.  Kanskje nokon kan hjelpa meg?

 

Manuskriptet ser i kveld slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande og nyttige innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites

Fant en vielse du bør sjekke. Nykirken i 1917.

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001476384

 

Edit: Skannet versjon.

Nr. 145:

SAB, Nykirken Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. D 6, 1913-1918, s. 123
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050815020478
 

 

Edited by Trude Nilsen
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Trude, Carl og Kristian for kjempefine innlegg om denne huslyden!

 

So vidt eg kan sjå, har eg fått svar på det aller meste, berre vigselsdatoen til Johannes Kvalvik og Anna Notøy står att, men den lyt me truleg henta frå kyrkjekontoret i Solund?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning foir manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kristoffer Johan Andreasson Notøy, frå Kvalvik, Nautøy i Solund, var f. i Solund 2.2.1890 og gifte seg i Nykyrkja i Bergen 25.5.1917 med Anna Serina, kjend som Serina Johannesdotter Tvedt frå Vasnes under Tveit ytre i Sveio, f. i Sveio 5.10.1882.

Kristoffer Notøy var fiskar, medan Serina var sildefabrikkarbeidar.  Dei budde på Strand, Nautøy i Solund fram til 1960.

I 1960 flytte Kristoffer og Serina Notøy som pensjonistar med einaste dotter deira (sjå under) inn i Munthe-huset i Kroken, og Kristoffer d. på sjukehuset i Lærdal 14.12.1967.

Serina Notøy flytte i 1968 med dotteri og svigersonen til Hordvik i Åsane, Bergen der ho d. 23.6.1974.

Kristoffer og Serina fekk ei dotter i lag:

 1. Anna Birgitte Kristoffersdotter Notøy (1920-2008), vart gift med fiskar, styrmann og rutebåtskippar Johannes Johannesson Kvalvik her i Munthe-huset (1918-1997), sjå under.

 

Johannes Johannesson Kvalvik, opphavleg frå Kvalvik, Nautøy i Solund, var f. i Solund 29.12.1918 og gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – Solund des. 1946!?)

 

     med Anna Birgitte Kristoffersdotter Notøy, dotter av føregåande, men opphavleg frå Strand, Nautøy i Solund, f. i Solund 11.2.1920.

Johannes Kvalvik var fiskar og styrmann, og han og Anna budde på Kvalvik, Nautøy i Solund fram til 1960.

Men i 1960 vart Johannes Kvalvik tilsett som rutebåtskippar på ferja mellom Kroken og Årdal, og han og Anna flytte same året inn i Munthe-huset som leigebuarar.  Her vart dei buande fram til 1968.

 I 1968 flytte so Johannes og Anna Kvalvik til Hordvik i Åsane, Bergen der Johannes heldt fram som styrmann.  Han d. på Hordvik 2.9.1997, medan Anna Kvalvik d. på eit sjukehus i Bergen 1.5.2008.

Johannes og Anna Kvalvik fekk fem søner i lag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
  • 2 months later...
Gisle Hersvik

Eg har dessverre ikkje den eksakte datoen, men det kan synes som det føregjekk i Solund så det bør vere mogeleg å få denne datoen frå soknepresten i Solund.

 

 

1EBA9F6E-3343-42FD-A684-97CFF752E862.jpeg

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Gisle for nytt innlegg!

 

Eg har i mellomtidi frå ein av sønene lukkast få tak i denne vigselsdatoen - dei vart vigde i Solund 18.12.1946.

 

Soleis er dette problemet løyst, og eg eg kjempenøgd!

  • Like 1
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.