Jump to content
Arkivverket

Britha Torbjørnsdotter frå Nes i Luster (1838-1914) - til Amerika i 1851 og gift to gongar - først med Jørgen Sørenson frå Lårdal (1821-1872) og sidan med Erik Olson Fossen frå ?? (1848-1924) - kven var desse ektemakane hennar? - utvandringsåri deira?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg har vore på leiting etter i minst 35 år, og som eg so langt ikkje har greidd å finna skikkeleg ut av.  Jente kom frå Luster i Sogn, men dei to ektemakane hennar skapar vanskar...!  Kan nokon please hjelpa meg?

 

Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for Britha og mennene hennar:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Gjennom mange nye og spennande innlegg har eg no oppdatert dette manuskriptet, og ein ny versjon følgjer i innlegg #11 under

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til utfylling av desse detaljane!
Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Oddgeir Fossli

Og immigrasjonen til Erik og tar jeg ikke feil så er det foreldrene hans som er listet under Ole Pedersen og Marie Eriksen samt broren Peder Olsen.

 

Name:Erich O Fossen

Arrival Date:9 Jul 1874

Birth Date:abt 1847

Age:27

Gender:Male

Ethnicity/ Nationality:Norwegian

Place of Origin:Norway

Port of Departure:Bergen, Norway

Destination:USA

Port of Arrival:New York, New York, USA

Ship Name:Hakon Adelstein

 

image.thumb.png.ffb892a093abd06c35cacad0d914d985.png

Edited by Oddgeir Fossli
Link to post
Share on other sites
Oddgeir Fossli

Her er Erik med foreldre i 1865:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038036003547

 

Tellingskrets: 006 Deel af Garvig, Berg og Knapper

Bosted land: 0016 Fossen (plads)

               
001 Ole Pedersen 01 57 N Odalen - Hf g Hm m Jord
002 Mari Eriksdatter 01 57 Søndre Odalen - hans Kone g -
003 Peder Olsen 01 25 N Odalen - deres Søn ug -
004 Erik Olsen 01 18 N Odalen - deres Søn ug -
005 Marie Sørensdatter 01 20 N Odalen - - ug Tjenestepige
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Oddgeir og Sven for mange spennande innlegg om denne huslyden!

 

Vigsli til Jørgen og Britha ser ut til å stå att som ei kjempeutfordring, og likeins utvandringsåret til Jørgen, men opphavi til båe ektemakane hennar er stort sett «på plass».  Eg har berre litt vanskar med å definera opphavi til Søren Evenson og Maria Eriksdotter...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Britha Torbjørnsdotter {Næs}, f. {i Luster} 19.11.1838,

Betsey Torgerson utvandra til Amerika med foreldri sine i 1851 og gifte seg første gongen

 

##### (date and place of her 1st marriage? – about 1855?)

 

med Jørgen Sørenson frå Håtveit i Lårdal, Telemark, i Amerika kjend som Jorgen Sanderson.  Han var son av husmann Søren Evenson på Tvigyva under Håtveit, opphavleg frå

 

##### (kvar var han fødd/oppvaksen? – Semand? – plass eller gard? – vigde 18.7.1811 –  https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002373424

 

og kona Saave Jørgensdotter frå Homme søndre under

 

##### (under kva gard? – 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058319000311

 

og f. i Lårdal 30.12.1821.  Jorgen utvandra til Amerika i

 

##### (utvandringsåret hans?)

 

Jorgen og Betsey slo seg ned som farmarar i Norway township, Fillmore Co., Minn. der Jorgen d. 16.4.1872.  Betsey gifte seg att i Fillmore Co., Minn. 19.1.1875 med Erik Olson frå Stormoen nordre i Nord-Odal, i Amerika kjend som Erick Fossen.  Han var son av husmann Ole Pederson på Fossen under Stormoen nordre og kona Maria Eriksdotter frå

 

##### (kvar var ho fødd/oppvaksi? – Farset? – plass eller gard? – vigde 19.4.1838 –  https://media.digitalarkivet.no/view/9145/169

 

og f. i Nord-Odal 29.1.1848.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1874.  Erick og Betsey farma òg i Norway township, Fillmore Co., Minn. der Betsey d. 13.1.1914.  Erick Fossen d. same staden 22.5.1924.  Betsey fekk i alt femten born; ti av dei var frå første ekteskapet, medan Erick Fossen var far til dei fem yngste:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
  • Lars E. Øyane changed the title to Britha Torbjørnsdotter frå Nes i Luster (1838-1914) - til Amerika i 1851 og gift to gongar - først med Jørgen Sørenson frå Lårdal (1821-1872) og sidan med Erik Olson Fossen frå ?? (1848-1924) - kven var desse ektemakane hennar? - utvandringsåri deira?
Lars E. Øyane

Innlegg #12:

 

So har eg endeleg greidd å finna vigsli til Betsey og Jorgen Sanderson - i Fillmore Co., MN 9.8.1855:

 

Name: Betsy Jorgerson
Gender: Female
Age: 18
Birth Date: 1837
Marriage Date: 9 Aug 1855
Marriage Place: Fillmore, Minnesota
Spouse's Name: John Landerson
Spouse Gender: Male
Spouse Age: 30
Spouse Birth Date: 1825
Event Type: Marriage
FHL Film Number: 1316808

 

Soleis sit me att med desse utfordringane:

 

* Utvandringsåret til Jørgen frå Lårdal? (sjå innlegg #13!)

 

* Opphavet til Søren Evenson i Lårdal?

 

* Opphavet til Maria Eriksdotter i Sør-Ådal?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #13:

 

So har eg bladd meg igkennom kyrkjebøkene frå Lårdal, og her fann eg utvandringi til Jørgen Sørenson i 1845:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/1384/242

 

Men kva gardsnamn har han her (øvst på høgre side)?

 

Soleis har me eitt spørsmål mindre...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
Akkurat nå, Lars E. Øyane skrev:

Men kva gardsnamn har han her (øvst på høgre side)?

Mest trolig Bjaaland

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #15:

 

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget!

 

Eg ser no at Gerhard B. Naeseth i sin emigrant-biografi ogso nemner Jørgen Sørenson Bjaaland som emigrant frå Lårdal i 1845, men Gerhard greidde aldri finna lagnaden hans i Amerika!

 

Men kvar Jørgen hadde dette namnet ifrå, veit me ikkje.  Kanskje tente han på denne garden?  So seint som ved konfirmasjonen i 1838 heitte han framleis Tvigyva: https://media.digitalarkivet.no/view/1384/205

 

Eg vonar framleis å finna ut av dei siste detaljane her (sjå innlegg #12) og takkar på ny for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.