Gå til innhold
Arkivverket

Lars Andersson - fødd i Luster 1817 - flytte i 1833 til Byrknes i Gulen for å tena der - men kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Lars Andersson vart døypt i Luster 10.8.1817.

 

Han var fødd utanfor ekteskap av foreldri:

 

Anders Torbjørnson (1781-1867),  som sidan vart husmann under Hengesteg i Luster

 

Martha Larsdotter (1786-1861), husmannsdotter frå Bruheim i Jostedalen som i 1839 vart gift med ein husmann under Nes i Luster.

 

Frå ei flytteliste har eg finne at Lars Andersson i 1833 flytte til Byrknes i Gulen for å tena der, men eg har aldri greidd å finna han att der ute!

 

Er det mogeleg å komma vidare med denne utfordringi?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Carsten for eit svært spennande og overraskande innlegg!

 

Ingen tvil om at dette er rett mann, og han ser ut til å ha butt på Koksøy i Gulen då han i 1841 flytte til Bergen...

 

Eg har no søkt etter Lars både høgt og lågt i Bergen, men so langt utan resultat!  Kvar kan han ha vorte av?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp denne guten frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Carsten og Aase for nye inspirerande innlegg!

 

Eg er samd med dykk båe i at denne Lars Andersson som utvandra i 1851, er ein svært god «kandidat».  Men nokre spørsmål reiser seg:

 

* Veit me noko om kvar i Noreg desse passasjerane på briggen Incognito kom ifrå?  Eg ser skipet siglde frå Christiania!  Og i alle fall passasjerane #8 og #9 kom frå Hof på Hedmarken: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWWJ-16B

 

* Elles finn eg ingen Lars Andersson i FT1860 frå Amerika som verkeleg høver til «vår» Lars.  FT1860 har tre personar i rett alder, men dei hadde alle born med seg frå Noreg!

 

* Tilgjengelege vigselsregister frå Midt-Vesten har òg fleire Lars Anderssons gifte i 1850-åri, men ingen av dei tykkjer høva til «vår»...

 

Eg har ein mistanke om at denne Lars Andersson frå Incognito ikkje kan vera den me søker etter...

 

Men eg takkar på ny for alle gode tips og krossar fingrer og tær for at rett person vil dukka opp, ein eller annan stad!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.