Gå til innhold
Arkivverket

Sophia Andersdotter frå Nes i Luster (1844-1900), med ei dotter og gravid med dotter #2 - til Amerika i 1870 - gift i MN med Halvor Gulbrandson «Brotten» frå Jevnaker (1839-1924) - kvar vart det av døtrene hennar, kva med sønene Gilbert og Henry Brotten?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Sophia Andersdotter frå Nes i Luster (1844-1900) var ei jente eg jobba mykje med under vitjingi mi i Minnesota i 1982, og eg fekk bra med opplysningar om dei fleste borni hennar, men det var svært lite eg fekk av opplysningar om dei to døtrene, Bertha og Anna, som ho fekk før ekteskapet sitt med Halvor Gulbrandson «Brotten».  Kanskje det let seg gjera no å finna ut litt meir om desse jentene?

 

Eg saknar ogso ymse andre detaljar, som kanskje nokon kan hjelpa meg med?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter ei spennande oppdaging av Lars J. er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #3!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

. Gilbert Edward Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 8.5.1874, d. i Bay City, Wis.

 

 

 

     ##### (date of his death? – 1945? – family trees say July 6, 1933 in Roseau Co., MN?? – does not seem to be correct!)

 

 

 

     Gilbert gifte seg i Waseca Co., Minn. 15.3.1911 med Amanda Westerberg, f. i Carlton Co., Minn. 4.3.1885.  Men ho d. i Pepin Co., Wis. alt 22.1.1918.  Gilbert og Amanda Brotten farma i lag med foreldri hennar i Stockholm township, Pepin Co., Wis. og fekk ei dotter i lag.

Gilbert døde 19. juni 1945 i Red Wing, Goodhue, Minnesota

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDWF-KY7

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for eit overraskande og spennande innlegg!

 

Det var interessant å sjå at Gilbert endra namnet sitt attende til Guldbrandson, men det var nok ikkje so lenge Gilbert budde i Red Wing, MN.  I 1940 budde han nemleg hjå dotter si i Bay City, Pierce Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89M1-CHWK

 

Alt i 1930 budde dotteri hjå dei som kort tid etter vart svigerforeldri hennar i Bay City, WI, og då skreiv ho seg framleis Brotten, men far hennar ser eg ikkje noko til i 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRZC-JXJ

 

Eg har oppdatert manuskriptet frå innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Sophia Andersdotter {Næss}, f. {i Luster} 22.10.1844,

Sophie Anderson utvandra til Amerika i 1870 og gifte seg i Freeborn Co., Minn. 13.10.1872 med Halvor Gulbrandson frå

 

##### (kvar oppvaksen? – Bråthen på Jevnaker? – konf. 1855 (med uleseleg  bustad):

       https://media.digitalarkivet.no/view/8966/145

       fødsli 15.8.1839 – uekte: https://media.digitalarkivet.no/view/8966/13

       1841: søster Anna f. i Gudlieiget: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000036481443

      

i Amerika kjend som Halvor Brotten.  Han var son av

 

##### (yrkestitel?)

 

Gulbrand Pederson på

 

##### (bustaden deira? – finn dei ikkje i FT1865! – Halvor gardbrukarson frå Godlia, Bertha gardbrukardotter frå Mutta – vigde Jevnaker 26.12.1840: https://media.digitalarkivet.no/view/8966/162

 

opphavleg frå Godlia og kona Bertha Halvorsdotter frå Mutta og f. på Jevnaker 15.8.1839, men utvandra til Amerika i 1867.  Halvor og Sophie Brotten farma ei tid i Hartland township, Freeborn Co., Minn., men flytte sidan inn til byen Hartland, Freeborn Co., Minn., der Halvor livnærte seg som murar («stone mason»).  Sophie d. i Hartland, Minn. 22.2.1900, medan Halvor Brotten d. i Minneapolis, Minn. 29.3.1924.  Dei fekk ni born i lag, men Sophia hadde òg to døtrer frå før:

a. Bertha Anderson, dotter av Sophia og husmannssonen Nils Andersson frå Teigen under Sviggum i Hafslo (1846-1922), var f. Luster 11.11.1866, men utvandra til Amerika med mor si i 1870 og d.

 

     ##### (date and place of her death?)

 

     Bertha gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage?)

 

     med

 

     ##### (husband’s full name? – Bommegan?)

 

     ##### (info on him?)

 

     ##### (occupation and places of their residence? – farmed in Waseca Co., MN(?) – later?)

 

     ##### (number of sns and daughters?)

 

b. Anna Anderson, dotter av Sophia og husmann Anders Johannesson på Hesjebakken under Rønnei (1852-1930), var f. i Freeborn Co., Minn. 23.9.1870 og d. i Minneapolis, Minn.

 

     ##### (date of her death? - 1925?)

 

     Anna gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – 1890’s?)

 

     med Ole Olson

 

     ##### (info on him? – died in Minneapolis, MN 1937?)

 

     Ole Olson var vaktmeistar («janitor»), og han og Anna budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Dei fekk tre born i lag.

c. Gustine Andrea Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 23.2.1873, d. i Minneapolis, Minn. 14.11.1959.  Gustine gifte seg i Minneapolis, Minn. 27.12.1906 med enkjemannen Elling A. Ellickson, f. i Columbia Co., Wis. 1.11.1849.  Han d. i Edina, Minn. 10.11.1934.  Gustine og Elling Ellickson farma i Lemond township, Steele Co., Minn. til dei i 1926 som pensjonistar flytte til Edina, Hennepin Co., Minn.  Dei fekk fem born i lag, men Gustoine hadde òg ein son frå før, medan Elling hadde fire born frå første ekteskapet sitt.

d. Gilbert Edward Brotten, sidan kjend som Gilbert Gulbrandson, f. i Freeborn Co., Minn. 8.5.1874, d. i Red Wing, Minn. 19.6.1945.  Gilbert gifte seg i Waseca Co., Minn. 15.3.1911 med Amanda Westerberg, f. i Carlton Co., Minn. 4.3.1885.  Men ho d. i Pepin Co., Wis. alt 22.1.1918.  Gilbert og Amanda Brotten farma i lag med foreldri hennar i Stockholm township, Pepin Co., Wis., men som enkjemann flytte Gilbert på 1930-talet inn hjå dotter si i Bay City, Pierce Co., Wis.  Han og Amanda fekk berre den eine dotteri i lag.

e. Henry Albert Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 26.6.1875, var ei tid farmarbeidar («farm laborer») og budde i Owatonna, Steele Co., Minn., men vart sidan skogsarbeidar («logger») i det nordlege Wisconsin der han d. ugift i ein farang

 

     ##### (exact date and place of his death?)

 

     1924.

f. Anders, kjend som Andrew Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 21.11.1876, d. ugift i Medicine Lake, Hennepin Co., Minn. 10.5.1954.  Andrew Brotten var mellom anna jarnbanearbeidar, farmarbeidar og kalkpussarbeidar («railroad worker, farm laborer and plasterer») og budde for det meste i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.

g. Syvert Peder, kjend som Severt Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 29.4.1878, d. ugift i Minneapolis, Minn. 28.8.1950.  Severt Brotten var ei tid farmarbeidar («farm laborer») i Devils Lake, Ramsey Co., N.D., men vart sidan arbeidar («laborer») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.

h. Helene, kjend som Helen Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 14.1.1880, d. i New Richland, Minn. 1.3.1915.  Helen gifte seg første gongen i Freeborn Co., Minn. 20.3.1899 med Olaf C. Worke.  Han var f. i Steele Co., Minn. 7.2.1875, men d. i Freeborn Co., Minn. alt 2.1.1906.  Helen gifte seg so att i Freeborn Co., Minn. 2.9.1909 med Inger J. Hallum.  Han var f. i Freeborn Co., Minn. 9.2.1863 og d. i Albert Lea, Minn. 26.6.1946.  Olaf Worke var farmar, og han og Helen budde i Hartland township, Freeborn Co., Minn.  Inger Hallum var målar («painter»), og han og Helen budde i Manchester township, Freeborn Co., Minn.  Helen fekk i alt sju born, fire frå første ekteskapet og tre med Inger Hallum.

i. Karen Marie, kjend som Marie Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 18.10.1881, d. i Freeborn Co., Minn. 28.1.1890.

j. Theodore Oscar, kjend som Oscar Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 11.9.1885, d. i Minneapolis, Minn. 14.7.1951.  Oscar Brotten gifte seg i Minneapolis, Minn. 2.12.1922 med Ella M. Larson.  Ho var f. i Carver Co., Minn. 2.2.1883, men d. i Minneapolis, Minn. 24.2.1925.  Oscar Brotten var innandørs kalkpussarbei­dar («interior decoration plasterer»), og han og Ella budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Dei var barnlause.

k. Julia Petrine, kjend som Julia Marie Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 27.11.1887, d. i Winona, Minn. 13.6.1949.  Ho gifte seg første gongen i Waseca Co., Minn. 9.4.1908 med Charles Matthew Wilkenson, f. i Freeborn Co., Minn. 25.9.1878.  Han d. i Portland, Ore. 12.10.1948.  Charles Wilkenson var jarnbanefyrbøtar («railroad fireman»), og han og Julia budde for det meste i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men vart skilde kring 1932, og Julia gifte seg so 28.11.1934 att i Winona Co., Minn. med Adelbert, kjend som Delbert Morey, f. i Winona Co., Minn. 10.5.1880.  Han d. i Winona Co., Minn. 3.6.1959.  Delbert hadde i mange år vore farmarbeidar og ranchar i Adams Co., N.D. og i Corson Co., S.D., men han og Julia farma i Warren township, Winona Co., Minn.  Julia fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar framleis at nokon kan identifisera bustaden som denne huslyden hadde på Jevnaker, og ikkje minst er lagnadane til dei to døtrene hennar, Bertha og Anna, ei kjempeutfordring!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Eg har søkt gjennom kyrkjebøkene for Minneapolis, MN etter born fødde av foreldre Ole Olson og kona Anna, og eg fann ein svært so lovande «kandidat»:

 

* Jennie Amanda Olson, fødd 18.8.1895 av Ole Olson og Anna: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314388-00407?treeid=&personid=&hintid=&queryId=008067e13208e7234a783308cd924470&usePUB=true&_phsrc=Nzx22330&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.187200744.1971513629.1607288715-1442769865.1532627837&pId=3519892

 

Kan dette vera dotteri til Sophia Andersdotter?

 

Eg finn ikkje noko meir om denne Jennie Amanda...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det være denne, nr. 41? Han er den eneste Halvor Gudbrandsen født i Jevnaker prestegjeld i 1839, døpt i Lunner kirke:

SAH, Jevnaker prestekontor, Ministerialbok nr. 6, 1837-1857, s. 11
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070205630538

 

"Brotten" skal vel bety Bråten, jeg vet ikke hvordan dette kan passe inn.

Halvor var født på Godli på Grua, moren var fra Mutta på Grua.

I 1865 var han på Mutta som vedhugger. Han emigrerte til Amerika i 1867, iflg. Bjørkvik.
 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du hadde jo de fleste av disse opplysningene fra før. 

Jeg ser at hele familien på Mutta reiste til Amerika samtidig som Halvor.

 

SAH, Jevnaker prestekontor, Ministerialbok nr. 7, 1858-1876, s. 295
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070205640458


 

Endret av Per Morset
Rette feil
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Per, Sven og Lars J. for nye spennande innlegg!

 

Eg kan berre slå fast at Jennie Amanda i Minneapolis, MN var eit «bomskòt».  Hmmm.  Kanskje kan me vera heldige å finna ein liktale (obituary) for Halvor Gulbrandson Brotten frå 1924, anten i Freeborn Co., MN eller i Minneapolis, MN??  For ein liktale etter Sophie i 1900 finst vel ikkje...?

 

Elles er det heller ikkje so lett å verta «klok» på opphavet til denne ætti på Jevnaker.  Då Anna vart fødd i 1841, står det Godlieiget, men eg kan ikkje finna noki dødsfall til foreldri!  Eg veit det minst eit Muttabråten, men ikkje noko Godlibråten?  Kunne me endå tyda stadnamnet ved konfirmasjonen hans i 1855...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kunne me endå tyda stadnamnet ved konfirmasjonen hans i 1855...?

 

SAH, Jevnaker prestekontor, Ministerialbok nr. 6, 1837-1857, s. 142
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070205630671
 

Her står det Mutta. Mutta ligger like vest for Grua i Lunner. Navnet skriver seg fra bergverksdrift i området ("å mute").

Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 hours ago, Lars E. Øyane said:

 

 

Kanskje sponsere kan være nyttige.

 

Jennie Amanda Olson

 in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969

Name:Jennie Amanda Olson

Baptism Age:0

Record Type:Baptism 

Birth Date:18 Aug 1895

Baptism Date:15 Sep 1895

Baptism Place:Minneapolis, Minnesota, USA

Father:Ole Olson

Mother:Anna Olson

Church Name:Zion Lutheran

Church Location:Minneapolis, Minnesota

 

ScreenShot20201210at.png

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et langskudd fra Ancestry.com.

 

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/167262555/person/412172156606/facts

 

https://www.digitalarkivet.no/en/census/person/pf01037246002115

 

Olga Elisa født 12/10 1898

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20060103030140

 

Fadder må sjekke?

 

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

En sponsor for dåp av Jenny Olson var Teodor Thomson og kone.

 I Minneapolis bor en Theodore Thompson og kone Emma.

 

FT 1910

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M2GD-KSC

 

Står i fødsel oppføringen at far Theodore Thompson var fra Flekkefjord.

 

Theodore Thompson

 in the MInnesota, U.S., Births and Christenings Index, 1840-1980

Name:Theodore Thompson

Gender:Male

Age:38

Birth Place:Flekkefjord, Norway

Spouse:Emma Nelson

Child:Thelma Ingeborg Thompson

FHL Film Number:1498876

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?ti=0&indiv=try&db=fsminnesotabirth&h=150878435

 

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #16:

 

Hjarteleg takk for spennande og imponerande innlegg frå Per, Anton og Lars J.!  Her er me komne langt på veg!

 

* Som Lars J. peikte på i innlegg #8, er Jennie Amanda og foreldri hennar Ole OIson og kona Anna uaktuelle som medlem av denne huslyden!

 

* Per har løyst gåta kring opphavet til Halvor Gulbrandson på Jevnaker.  Faren Gulbrand må vera avliden før 1843, men alt i 1841 var han og Bertha plassfolk under Godlia, og når me ser at Bertha i 1843 fekk festesetel på plassen Bråten under Godlia, skjønner me kvar Halvor har Brotten-namnet sitt ifrå!.  Superbra!

 

* Endeleg syner liktalen for Halvor Brotten frå 1924 ei liste over borni som då var i live.  Me dreg kjensel på alle namni bortsett ifrå ei dotter: «Mrs. J. F. Hardy of Minneapolis, MN».  Og ser me på FT1920 for Halvor Brotten og dotteri Julia Wilkenson, budde i denne huslyden òg ein enkjemann James F. Hardy, fødd i Wisconsin kring 1872.

 

Og her finn me i vigselsregisteret for Minnesota følgjande vigsler:

 

TODD ME-042 09/02/1896 HARDY, JAMES F CHITWOOD, CLARABELLE  
HENNEPIN 02330041 04/06/1920 HARDY, JAMES OLOSON, ANNIE

 

James Hardy gifte seg med andre ord (andre gongen) i Hennepin Co., MN i 1920 med Annie OLOSON, som då òg ha vore enkje (eller fråskild?) og dotteri til Sophia Andersdotter!

 

Og her er dødsfallet til James Franklin Hardy: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:ZW5Y-4NPZ

som døydde i Columbia Heights, Anoka Co., MN 5.7.1938, farmar: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99DL-FNS4

 

Og her har me dødsfallet til Anna Hardy i Minneapolis, MN 23.4.1926: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:ZWYW-T3N2

 

Interessant er det å leggja merke til: Dei opplysningane som eg fekk hjå slekti på 1980-talet for Anna stemmer svært godt med sanningi - at Anna skulle vera avlidi kring 1925 og mann hennar kring 1937 - dei bomma berre på namni...  Og truleg var det Frank Hardy som var «janitor»!

 

Dei store utfordringane vert no:

 

** Kvar var Anna Olson i 1920?

 

** Kven var første mann hennar?  Kanskje dei likevel ikkje budde i Minneapolis, MN?

 

** Kanskje det finst liktaler (obituaries) for Anna Hardy eller Frank Hardy?

 

Hi dotteri Bertha må tydeleg vera avlidi før 1924, og namnet på ektemaken hennar er nok feilskrive - Bommegan er det vel ingen som heiter...!?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #22 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #17:

 

Eg leiter vidare etter dei to søstrene Bertha og Anna, og her fann eg ei fødsle i Minneapolis, MN som ser spennande ut:

 

* 1.2.1902 (døypt 14.9.1906) Myrtle av foreldri Olaf Olson og Annie f. Braaten: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314387-00317?treeid=&personid=&hintid=&queryId=f8a57aec7e4d8c9eef5d46d11b2bfcbe&usePUB=true&_phsrc=Nzx22367&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.257136587.1971513629.1607288715-1442769865.1532627837&pId=2645088

 

Men her ser eg at Myrtle Olson døydde alt 16.9.1906 - berre 2 dagar etter dåpen, og her er mori kalla Anderson: https://www.findagrave.com/memorial/175511784/myrtle-olson

 

Kan dette vera huslyden i FT190r for Minneapolis, MN: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1058/images/mnsc_126-0424?treeid=&personid=&hintid=&queryId=d644fe1d51e77c43c815058ccb0f2081&usePUB=true&_phsrc=Nzx22384&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.248748871.1971513629.1607288715-1442769865.1532627837&pId=387748

 

Wolf Olson - 33 janitor Nor Nor Nor

Annie OIson - 33 wife MN Nor Nor

Elvinder S Olson - 8 son MN Nor MN

Arthur O Olson - 5 son MN Nor MN

Myrtle Olson - 3 dau MN Nor MN

 

Huslyden har butt 1 år og 3 mnd. i dette nabolaget - Wolf har vore 10 år i Minnesota!

 

Og her er huslyden i FT1910 i Minneapolis, MN: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7884/images/31111_4330226-00143?usePUB=true&_phsrc=Nzx22391&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=159910969

 

Olaf E. Olson - 37 janitor Nor Nor Nor - emigr. 1892

Annie Olson - 37 wife MN Nor Nor - 3 children - two alive!

Alvin S Olson - 13 son MN Nor MN

Arthur Olson - 10 son MN Nor MN

 

Eg er ganske so overtydd om at dette er Anna og første mann hennar!  Men kven var Olaf E. Olson??

 

Ein ny kjempetakk for framfrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

57 minutes ago, Lars E. Øyane said:

Olaf E. Olson - 37 janitor Nor Nor Nor - emigr. 1892

Annie Olson - 37 wife MN Nor Nor - 3 children - two alive!

Alvin S Olson - 13 son MN Nor MN

Arthur Olson - 10 son MN Nor MN

 

Kanskje familien i 1900 FT?

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9SN-KK1

 

Døde av Alvin i 1914, mor er Annie Brotan 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:HTF8-7ZW2

 

og Arthur i 1934, mor er Anna Brotten 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:CLH8-HMPZ

 

 

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Alvin Sylvesten Olson

 in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969

Name:Alvin Sylvesten Olson

Record Type:Confirmation 

Confirmation Date:21 Jun 1914

Father:Oluf Olson

Mother:Anna Baaten

Church Name:Our Saviour's Lutheran

Church Location:Minneapolis, Minnesota

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?dbid=60722&h=2648142&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=7884

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #22:

 

Hjarteleg takk til Anton og Lars J. for nye inspirerande og spennande innlegg om denne huslyden!

 

Det er vel liten tvil om at Anna og Olaf E. Olson er rett familie.  No har me finne dei i 1900, 1905, 1910 og i 1920, og dette er vel truleg same person:

 

* Olaf Olson janitor og enkjemann i 1930: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/6224/images/4610045_00435?usePUB=true&_phsrc=Nzx22398&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=79393727

 

* Olaf Olson rooming house proprietor og enkjemann i 1940: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/2442/images/m-t0627-01978-00579?usePUB=true&_phsrc=Nzx22393&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=98033312

 

Det ser ut for meg som om Olaf og Anna må ha vorte skilde våren 1920, like før Anna gifte seg att med Frank Hardy.  Det er berre so merkeleg me ikkje greier å finna noki vigsle for Olaf og Anna nokon stad, og det gjekk svært so kjapt med skilsmålet deira...!  Kan det tenkjast at dei berre var «common-law married» (sambuarar), og at Anna «berre» flytte heim til Halvor Brotten og gifte seg med Frank Hardy?

 

Elles er det eit stort spørsmål kvar det vart av Olaf E. Olson etter 1940, og opplysningar om dødsfallet hans?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #16 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter oppdagingi av Bertha er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #23 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #23:

 

Eg ønskjer ikkje å gje opp leitingi etter detaljane som manglar i denne huslyden, og no ser eg at

 

FT1875 for Hartland township, Freeborn Co., MN syner dei to eldste borni under namni:

 

* Berta NELSON  8 years  born Norway

* Anna ANDERSON  4 years  born Minnesota

 

https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1058/images/mnsc_7-0339?treeid=&personid=&hintid=&queryId=3833433cce9d9a974077b75fe4188bda&usePUB=true&_phsrc=Nzx22423&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.252804937.1971513629.1607288715-1442769865.1532627837&pId=4389495

 

FT1880 for Hartland township, Freeborn Co., MN syner dei to døtrene under namni:

 

* Betsey GULBRANSON  14 years  born Norway

* Anna GULBRANSON  10 years  born Minnesota

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc=Nzx22439&_phstart=successSource&usePUBJs=true&indiv=1&dbid=6742&gsfn=sophie&gsfn_x=NP_NN&gsln_x=NP_NN&msbdy=1840&msbdy_x=1&msbdp=10&msbpn__ftp=norway&msbpn__ftp_x=1&msbpn=5173&msbpn_x=1&msrpn__ftp=freeborn, minnesota, usa&msrpn__ftp_x=1&msrpn=1084&msrpn_x=1&new=1&rank=1&uidh=008&redir=false&gss=angs-d&pcat=35&fh=0&h=47999830&recoff=&ml_rpos=1&queryId=2ef3a351ed7fc15fed0f87b80110305a

 

FT1885 syner berre Anna, Bertha er borte! 

 

https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1058/images/mnsc_26-0202?treeid=&personid=&hintid=&queryId=b01b5d3b258bf4f64610ac633792c7a5&usePUB=true&_phsrc=Nzx22440&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.257448779.1971513629.1607288715-1442769865.1532627837&pId=4728570

 

Eg finn ikkje noki Bertha/Betsey i Freeborn Co., MN 1885 fødd i Noreg kring 1866, bortsett ifrå ho som bur hjå familien Brown på høgre side der Gulbrandson-huslyden er oppført på venstre side:

 

* BROWN, Wm  51 years  born Canada

* BROWN, Sara  64 years  born Canada

* BROWN, Martin  31 years  born NY

* BROWN, Henry  22 years  born Canada

* BROWN, Betsey  19 years  born NORWAY!

 

Og her fekk eg BINGO!  Sjå denne innførsli hjå Find-a-grave med tilhøyrande liktale:

 

https://www.findagrave.com/memorial/136635521/betsey-brown

 

Og dette ancestry family treet som gjev oss ei forklaring på namnet Bommegan: Yngste barnet hennar Betsey var Grace Brown, som tydeleg voks opp hjå fosterforeldri Louis og Susan BOMENGEN og budde i Waseca Co., MN: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/74719744/person/280010766841/facts

 

Desse opplysningane syner at dei «uklåre» opplysningane som eg fekk på 1980-talet ikkje var so heilt borte vekk likevel!

 

Henry W. og Betsey Brown hadde tydeleg tre born:

 

* Emelie Brown, born Freeborn Co., MN Mar. 9, 1886: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=2550&h=659030&tid=&pid=&queryId=02ec6a32258dfc65c5b61e05732dc3ca&usePUB=true&_phsrc=Nzx22459&_phstart=successSource

* Walter Harry Brown, born Waseca Co., MN Mar. 10, 1887, died Napa, CA July 31, 1970 -

fødsli: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=2550&h=754108&tid=&pid=&queryId=02ec6a32258dfc65c5b61e05732dc3ca&usePUB=true&_phsrc=Nzx22458&_phstart=successSource

liktale: https://www.newspapers.com/image/563551059/?article=6382e4cc-fb26-439a-945a-77cb9dc0e8d1&focus=0.8606378,0.52769905,0.99187255,0.61465883&xid=3355&_ga=2.224572378.1971513629.1607288715-1442769865.1532627837

* Grace Elizabeth Brown, born Freeborn Co., MN June 18, 1888

 

So gifte Henry seg att med ei Bertha Hathaway, fødd i Noreg 1861 og flytte med ho til Winnebago Co., IL:

 

FT1900: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4113814_00222?treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true&_ga=2.181647591.1971513629.1607288715-1442769865.1532627837&pId=12950358

 

Då er det vel på tide med eit nytt manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #22:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sophia Andersdotter {Næss}, f. {i Luster} 22.10.1844,

Sophie Anderson utvandra til Amerika i 1870 og gifte seg i Freeborn Co., Minn. 13.10.1872 med Halvor Gulbrandson frå Godlia på Jevnaker, i Amerika kjend som Halvor Brotten.  Han var son av husmann Gulbrand Pederson på Bråten under Godlia, opphavleg frå Godlia og kona Bertha Halvorsdotter frå Mutta og f. på Jevnaker 15.8.1839, men utvandra til Amerika i 1867.  Halvor og Sophie Brotten farma ei tid i Hartland township, Freeborn Co., Minn., men flytte sidan inn til byen Hartland, Freeborn Co., Minn., der Halvor livnærte seg som murar («stone mason»).  Sophie d. i Hartland, Minn. 22.2.1900, medan Halvor Brotten d. i Minneapolis, Minn. 29.3.1924.  Dei fekk ni born i lag, men Sophia hadde òg to døtrer frå før:

a. Bertha, kjend som Betsey Nelson, dotter av Sophia og husmannssonen Nils Andersson frå Teigen under Sviggum i Hafslo (1846-1922), var f. Luster 11.11.1866, men utvandra til Amerika med mor si i 1870 og d. i Freeborn Co., Minn. 7.7.1888.  Betsey gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – spring of 1885?)

 

     med Henry W.

 

     ##### (middle name?)

 

     Brown, f. i

 

     ##### (exact date and place of his birth? – 21.1.1862 eller 19.1.1861 – 1890: St. Johns, Canada – 1936: Montréal, Canada – one census has «French Canada»! – son of William Brown and Sara Lavallay)

 

     Han d. i Rockford, Ill. 14.7.1936.  Henry og Betsey budde visstnok på heimefarmnen hans i Hartland township, Freeborn Co., Minn., men som enkjemann gifte Henry seg att og flytte til Rockford, Winnebago Co., Ill. der han livnærte seg som fabrikkarbeidar («factory worker»). 

 

     ##### (Henry remarried Waucoma, IA June 11, 1890 Bertha Hathaway, nee Parker, born Mar. 1860/1861)

 

     Betsey og Henry fekk tre born i lag, men Henry fekk òg ein son i andre ekteskapet sitt..

b. Anna Anderson, dotter av Sophia og husmann Anders Johannesson på Hesjebakken under Rønnei (1852-1930), var f. i Freeborn Co., Minn. 23.9.1870 og d. i Minneapolis, Minn. 23.4.1926.  Anna vart kring 1896 sambuande med

 

     ##### (fullt norsk namn og opphavet i Noreg?)

 

     i Amerika kjend som Olaf E. Olson.  Han var son av

 

     ##### (foreldri hans? – yrke, bustad og opphav?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans?)

 

     .7.1872, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (utvandringsåret hans? – 1891 eller 1892?)

 

     og d.

 

     ##### (date and place of his death – after 1934!)

 

     Olaf Olson var vaktmeistar («building and church janitor»), og han og Anna budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte frå kvarandre våren 1920.  So gifte Anna seg 6.4.1920 i Minneapolis, Minn. med enkjemannen James Franklin, kjend som Frank Hardy, f.  Dane Co., Wis. 30.4.1872.  Han d. i Columbia Heights, Minn. 5.7.1938.  Frank hadde vore farmar i Burhamsville township, Todd Co., Minn., men flytte med første kona si alt kring 1908 til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der han sidan livnærte seg som køyrekar for ein eskefabrikk («box factory teamster»).  Anna fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet, men Frank Hardy hadde òg fire born frå første ekteskapet sitt.

c. Gustine Andrea Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 23.2.1873, d. i Minneapolis, Minn. 14.11.1959.  Gustine gifte seg i Minneapolis, Minn. 27.12.1906 med enkjemannen Elling A. Ellickson, f. i Columbia Co., Wis. 1.11.1849.  Han d. i Edina, Minn. 10.11.1934.  Gustine og Elling Ellickson farma i Lemond township, Steele Co., Minn. til dei i 1926 som pensjonistar flytte til Edina, Hennepin Co., Minn.  Dei fekk fem born i lag, men Gustoine hadde òg ein son frå før, medan Elling hadde fire born frå første ekteskapet sitt.

d. Gilbert Edward Brotten, sidan kjend som Gilbert Gulbrandson, f. i Freeborn Co., Minn. 8.5.1874, d. i Red Wing, Minn. 19.6.1945.  Gilbert gifte seg i Waseca Co., Minn. 15.3.1911 med Amanda Westerberg, f. i Carlton Co., Minn. 4.3.1885.  Men ho d. i Pepin Co., Wis. alt 22.1.1918.  Gilbert og Amanda Brotten farma i lag med foreldri hennar i Stockholm township, Pepin Co., Wis., men som enkjemann flytte Gilbert på 1930-talet inn hjå dotter si i Bay City, Pierce Co., Wis.  Han og Amanda fekk berre den eine dotteri i lag.

e. Henry Albert Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 26.6.1875, var ei tid farmarbeidar («farm laborer») og budde i Owatonna, Steele Co., Minn., men vart sidan skogsarbeidar («logger») i det nordlege Wisconsin der han d. ugift i ein farang

 

     ##### (exact date and place of his death?)

 

     1924.

f. Anders, kjend som Andrew Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 21.11.1876, d. ugift i Medicine Lake, Hennepin Co., Minn. 10.5.1954.  Andrew Brotten var mellom anna jarnbanearbeidar, farmarbeidar og kalkpussarbeidar («railroad worker, farm laborer and plasterer») og budde for det meste i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.

g. Syvert Peder, kjend som Severt Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 29.4.1878, d. ugift i Minneapolis, Minn. 28.8.1950.  Severt Brotten var ei tid farmarbeidar («farm laborer») i Devils Lake, Ramsey Co., N.D., men vart sidan arbeidar («laborer») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.

h. Helene, kjend som Helen Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 14.1.1880, d. i New Richland, Minn. 1.3.1915.  Helen gifte seg første gongen i Freeborn Co., Minn. 20.3.1899 med Olaf C. Worke.  Han var f. i Steele Co., Minn. 7.2.1875, men d. i Freeborn Co., Minn. alt 2.1.1906.  Helen gifte seg so att i Freeborn Co., Minn. 2.9.1909 med Inger J. Hallum.  Han var f. i Freeborn Co., Minn. 9.2.1863 og d. i Albert Lea, Minn. 26.6.1946.  Olaf Worke var farmar, og han og Helen budde i Hartland township, Freeborn Co., Minn.  Inger Hallum var målar («painter»), og han og Helen budde i Manchester township, Freeborn Co., Minn.  Helen fekk i alt sju born, fire frå første ekteskapet og tre med Inger Hallum.

i. Karen Marie, kjend som Marie Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 18.10.1881, d. i Freeborn Co., Minn. 28.1.1890.

j. Theodore Oscar, kjend som Oscar T. Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 11.9.1885, d. i Minneapolis, Minn. 14.7.1951.  Oscar Brotten gifte seg i Minneapolis, Minn. 2.12.1922 med Ella M. Larson.  Ho var f. i Carver Co., Minn. 2.2.1883, men d. i Minneapolis, Minn. 24.2.1925.  Oscar Brotten var innandørs kalkpussarbei­dar («interior decoration plasterer»), og han og Ella budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Dei var barnlause.

k. Julia Petrine, kjend som Julia Marie Brotten, f. i Freeborn Co., Minn. 27.11.1887, d. i Winona, Minn. 13.6.1949.  Ho gifte seg første gongen i Waseca Co., Minn. 9.4.1908 med Charles Matthew Wilkenson, f. i Freeborn Co., Minn. 25.9.1878.  Han d. i Portland, Ore. 12.10.1948.  Charles Wilkenson var jarnbanefyrbøtar («railroad fireman»), og han og Julia budde for det meste i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men vart skilde kring 1932, og Julia gifte seg so 28.11.1934 att i Winona Co., Minn. med Adelbert, kjend som Delbert Morey, f. i Winona Co., Minn. 10.5.1880.  Han d. i Winona Co., Minn. 3.6.1959.  Delbert hadde i mange år vore farmarbeidar og ranchar i Adams Co., N.D. og i Corson Co., S.D., men han og Julia farma i Warren township, Winona Co., Minn.  Julia fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Er det i det heile mogeleg å finna fleire detaljar om Betsey og ekteskapet hennar med Henry W. Brown og om Henry sjølv?

 

Og framleis saknar me detaljar om Olaf E. Olson - «partnaren» til Anna...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #24:

 

I freistnadane på å identifisera Henry W. Brown, mannen som kring 1885 gifte seg med Bertha «Betsey» Nelson, har eg råka borti dokument som gjev motstridande opplysningar.  Kanskje nokon greier å finna ut kva som kan vera rett?

 

* Vigselsdokumentet for Henry Brown og Bertha Hathaway, f. Parker frå Fayette Co., IA 11.6.1890 seier at Henry var 29 år og fødd i St. Johns, Canada:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-69DS-3GX

 

* Denne liktalen frå 1936 (originalen greier eg ikkje å henta fram!) seier Henry var fødd i Montréal 21.1.1862:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q5MQ-54QH

 

* Denne dødsattesten hans oppgjev fødsli til Montréal 19.1.1861:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NQW2-38P

 

So kvar var Henry verkeleg fødd og kva dato?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.