Jump to content
Arkivverket

Utskiftinga av klyngetunet gnr. 6 i Borgund prestegjeld (Ålesund kommune i dag) etter 1834


Svein Ove Østrem

Recommended Posts

Svein Ove Østrem

Hei!

Eg er på jakt etter opplysningar om innmarksutskiftinga for garden Emblem (gnr. 6) i Borgund (i dagens Ålesund kommune).

Den kom i gong etter 1834, og var truleg avslutta før 1850. Eg er nemleg på jakt etter opplysningar om det tidlegare klyngetunet

på garden frå før 1835. Nokre av husa stod nemleg i fleire år på opphaveleg stad etter 1834.

 

Eg har leita i Digitalarkivet ei tid, men ikkje funne utskiftingsregister eller utskiftingsprotokoll enda. Utskiftingskartet manglar visst også

hos jordskifteretten. 

 

Mvh.

Svein Ove Østrem

Link to post
Share on other sites
Anita Riise - Arkivverket

Vi ber alle brukarar om å ha både for- og etternamn med i visningsnamnet sitt. Bruksanvisning for korleis endre visningsnamn:

https://www.digitalarkivet.no/content/change-display-name

 

Eg kan heller ikkje sjå via grunnboksblad eller panteregister at der står noko om et slikt innmarksskifte.  Om det er holdt før 1838 var det ikkje påbudt å tinglyse og dermed hamna det ikkje i grunnboka. Og har du sikre opplysningar om at det har vore utført ei slik utskifting? Dei kan ha ordna det utan mellommann:

https://www.domstol.no/jordskifterettene/om-jordskifterettene/jordskiftevirksomheten-i-et-historisk-perspektiv/

Om du likevel meiner at det har vore holde eit offentleg jordskifte, så kan du legge spørsmålet inn i skjema så kan Statsarkivet i Trondheim slå opp i åstadsaksregisteret:

https://www.arkivverket.no/tjenester/bestill-en-enkeltopplysning

Link to post
Share on other sites
Svein Ove Østrem

Bygdebokforfattar Ragnar Øverlid (Gardsoge for Borgund og Giske Band II ) hadde før 1961 klare opplysningar om dette. Eg vil tru at han sat på dokument som bevitnar dette, men dessverre er det lite att etter papirarkivet til bygdebokforfattaren. Det vart overlevert Stiftinga Sunnmøre Museum, men dei fleste konvoluttane er no tomme. På side 64 skriv han følgande: 1834 fekk Ystbøen jorda si utskift til eitt stykke, bortsett frå ein del åkerland, og i innmarksutskiftinga året etter fekk dei andre bruka jorda si samla, Auregarden, Sjursgarden og Negarden til eit stykke kvar, Steffå- og Ebbegarden i 2 stykke (....) Utskiftinga er også nemnd i fleire livsminne, samla inn ved oppstarten på bygdesoga på 1920-talet frå dei eldste i byda den gongen, men ikkje med heilt klare årstal som her. Skrivar Krogh (Borgensund/ Borgund) var også del av denne utskiftinga. Han budde i Sjursgarden, for gardskona der Andrine Christiane Arnesd. Nedregotten g. Emblem (1799-1862) hadde tent hos han i sin ungdom. Ho investerte stort i eigedom, og han kom då i eigen person til Sjursgarden for å tinglyse. Ved eit høve var tinglysinga heildags arbeid.  Det var Ystebøbonden Nils Britannus Ols. Østrem (skifta etternamn til Emblem og var fødd Solevåg) (1806-1857) som krevde utskiftinga. Han gifta sg med henne i 1833.  Det kan vere grunn til å tru at der enten finst protokoll frå skrivar Krogh, eller tinglysing bak dette arbeidet. Det stod i alle fall ikkje på økonomien. For ordens skuld. Ystebøen er gnr.6 bnr 5 i Borgund (no Ålesund kommune). Auregarden er 6/9, Negarden 6/1, Sjursgarden 6/11 og Ebbegarden 6/8. Steffågarden er både 6/6 og 6+7 til tider.

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.