Gå til innhold
Arkivverket

Henrik Torbjørnson Aaberge (1787-1833) - kvar i all verdi vart det av stesonen Torger Ludvigson og døtrene Martha Henriksdotter (Amerika) og Anna Henriksdotter?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg har jobba med ganske so intenst i over 30 år.

 

Eldste sonen var forsvunnen då han vart innkalla til sesjon i 1833, medan yngste dotteri Anna rett og slett berre «forsvinn».  Dotteri Martha utvandra til Amerika i 1853.  Broren Torbjørn utvandra til Amerika i 1851 og busette seg i Vernon Co., WI og dels òg i Fillmore Co., MN.  Ho hadde òg andre skyldfolk i desse områdi, men let det seg gjera finna ut kvar det vart av ho?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Henrik Torbjørnson Aaberge, son av føregåande brukar og herifrå garden, vart døypt 6.12.1787 og d. som gardbrukar på Åberge 8.6.1833.  Henrik fekk alt 22.10.1805 skøyte på heimebruket mot å yta kår til far sin, og 17.10.1809 gifte han seg første gongen med Britha Iversdotter frå Leirdalen.  Ho vart døypt 16.6.1782, men vart gravlagd frå Åberge alt 25.10.1812.  Henrik gifte seg så att 13.11.1814 med Gunnhild Trondsdotter frå Sandviki.  Ho vart døypt 21.1.1787 og d. som enkje på Åberge 14.4.1854.  Henrik dreiv garden levetidi ut og fekk i alt fjorten born, fem frå første ekteskapet og ni frå det andre; dessutan hadde første kona ein son frå før:

 1. Torger Ludvigson, son av Britha og husmann Ludvig Ingebrigtson i Tubbene under Dalsøyri (1784-1847), vart døypt 24.1.1808.

 

 

     ##### (lagnaden hans? - ved sesjonen i Luster i 1833, var det ingen som hadde kjennskap til Torger Ludvigson – lagnaden hans er soleis heilt ukjend!)

 

 

 2. Guri Henriksdotter (1810-1810).

 3. Torbjørn Henrikson, tvilling (1811-1811).

 4. Iver Henrikson, likeins tvilling (1811-1811).

 5. Torbjørn Henrikson, tvilling (1812-1892), var i mange år gardbrukar på Nes (s.d.).

 6. Iver Henrikson, likeins tvilling (1812-1853), vart husmann på Klype under Nes.

 7. Trond Henrikson (1815-1815).

 8. Britha Henriksdotter (1816-1818).

 9. Ole Henrikson (1818-1900), vart gardbrukar på Haugen.

10. Guri Henriksdotter (1820-1904), vart sambuande med husmann og enkjemann Asbjørn Findson i Toi under Kjøtnes (1809-1890).

11. Martha Henriksdotter, f. 30.3.1822,

Martha Hendrickson utvandra til Amerika i 1853,

 

 

##### (lagnaden hennar?)

 

 

12. Trond Henrikson, f. 20.8.1824, gifte seg 8.5.1855 med Sophia Gerhardine Melchiorsdotter Heiberg frå Kvalsøyri, Dalsøyri (bnr. 2).  Ho var f. i Sogndal 30.7.1830.

Trond og Sophia flytte i 1857 til Leikanger der dei i nokre år var gardbrukarar på Grinde.  I 1864 flytte dei så vidare til Kvamsøy (no ein del av Balestrand) der dei vart gardbrukarar på garden Engum.  Trond d. som gardbrukar på Engum 7.12.1887, medan Sophia d. som kårenkje same staden 8.11.1906.  Dei fekk sju born i lag:

a. Cathrina Dorthea Trondsdotter, f. i Luster 16.5.1855, flytte frå bygdi med foreldri i 1857 og d. som kårkone på Livden i Kvamsøy 8.7.1924.  Ho gifte seg i Kvamsøy 2.5.1876 med Nils Gjertson, f. på Hanevik i Kvamsøy 11.3.1853.  Han d. på eit sjukehus i Bergen 16.8.1932.  Nils og Cathrina vart gardbrukarar på Livden, Engum i Kvamsøy og fekk åtte born i lag.

b. Anna Marie, kjend som Maria Trondsdotter, f. i Leikanger 10.7.1857, d. som gardbrukarkone på Linde i Kvamsøy 25.2.1926.  Maria gifte seg i Kvamsøy 6.7.1888 med Ole Hermundson frå Linde i Kvamsøy.  Han var f. i Kvamsøy 29.12.1857 og d. som enkjemann på Linde 16.6.1930.  Ole og Maria tok over heimebruket hans på Linde i Kvamsøy og fekk fem born i lag.

c. Metta Gunhilde, kjend som Gunnhild Trondsdotter, f. i Leikanger 21.4.1860, d. som gardbrukarkone på Vollevik i Vik 9.4.1912.  Gunnhild gifte seg i Kvamsøy 25.6.1884 med Andreas Simonson, f. på Vollevik i Vik 22.6.1855.  Han d. som kårmann på Vollevik 25.12.1941.  Gunnhild og Andreas tok over heimebruket hans på Vollevik i Vik og budde der levetidi ut.  Dei fekk ti born i lag.

d. Melchior Falch Heiberg Trondson, f. i Leikanger 21.11.1862, d. som gardbrukar på Engum i Kvamsøy 26.9.1920.  Han gifte seg i Kvamsøy 10.5.1887 med Olina Gjertsdotter frå Hanevik i Kvamsøy.  Ho var f. i Kvamsøy 4.7.1864 og d. på Engum 8.1.1954.  Melchior og Olina tok over heimebruket hans på Engum i Kvamsøy og vart buande der levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

e. Johanna Henrikke Trondsdotter, f. i Kvamsøy 20.4.1868, d. i Kvamsøy 27.1.1869.

f. Johanna Henrikke Trondsdotter, f. i Kvamsøy 22.1.1871, d. i Kvamsøy 19.6.1875.

g. Sophia Gerhardine Trondsdotter, f. i Kvamsøy 30.4.1873, d. i Kvamsøy 12.5.1873.

13. Bertha Henriksdotter, f. 3.6.1827, vart konfirmert i Luster i 1841.

Bertha Henriksdotter flytte i 1850-åri med broren Trond til Grinde på Leikanger og sidan vidare til Engum i Kvamsøy der ho sidan livnærte seg som tenestejente.  Ho d. ugift på Engum 5.5.1902.

14. Gjertrud Henriksdotter (1831-1918), vart gift med gardbrukar og smed Peder Pederson på Loi, Kroken i Hafslo (bnr. 14) (1833-1915).

15. Anna Henriksdotter, 19.10.1833,

 

 

     ##### (lagnaden hennar? - ikkje konfirmert i Luster!)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.