Jump to content
Arkivverket

Johannes Johannesson Raaum, fødd i Hafslo 24.3.1832 - flytte til Bergen - sidan til Nordland - var heime på vitjing 1872 - men kvar vart det av han?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Kirsti Jensdotter Raaum, døypt i Luster 8.7.1798, levde ugift til ho 12.7.1847 henta heim Nils Pederson frå Molland i Hafslo, og dei budde som kårfolk og sidan plassfolk i Råaberget under Råum i Luster der Kirsti døydde 13.5.1869.  Ho hadde tre born før ho gifte seg med Nils, men to av dei var tydeleg avlidne, og om sonen:

 

* Johannes Johannesson,fødd i Hafslo 24.3.1832, heitte det at dei ikkje hadde høyrt gjete han sidan han reiste frå bygdi i ung alder!

 

Her ser me at Johannes Johannesson Raaum flytte til Bergen i 1849 - 17 år gamal (#30): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/207

 

Men opphaldet i Bergen varte ikkje lenge, for i 1851 flytte han til Nordland - 19 år gamal (#107): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/213

 

Frå ei anna kjelde (passprotokoll?) får me opplyst at han i 1851 var middels høg, hadde blondt hår og blå auge.

 

Frå endå ei anna kjelde, truleg ein lensmannsprotokoll, kan henda frå dødsmeldingi etter mori, får me so opplyst at Johannes var heime på ny i 1872, truleg for å gjera krav på arv etter mori, men kjeldene fortel oss ikkje kvar han då budde!

 

Er det i det heile mogeleg å finna lagnaden til denne Johannes Johannesson Raaum?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Sven for nytt spennande innlegg!

 

Jau, denne Johannes i Steigen er sjekka ut av saki!  Han er det IKKJE!

 

Hjarteleg takk for framifrå freistnadar på å finna att Johannes Johannesson Raaum!

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
40 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Frå ei anna kjelde (passprotokoll?) får me opplyst at han i 1851 var middels høg, hadde blondt hår og blå auge.

 

Nr. 294 

Bergen fylke, Passprotokoll nr. 5 (1848-1857), Protokollside, Side 47
Permanent bilde-ID: db50002466400049
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db50002466400049
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-db50002466400049.jpg
 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Grethe, Carsten og Sven for nye spennande innlegg!

 

Den Johannes Johannesson, som ei tid budde i Hadsel, og som sidan flytte til Solvorn i Hafslo, var ikkje berre på same alder som «vår etterlyste» Johannes.  Han kom opphavleg frå garden Raaum (til dagleg kalla Røym) i Hafslo, men dette er ein annan person og har for lengst vore «sjekka ut» av denne saki.

 

MEN, Grethe har i innlegg #4 ein spesielt interessant merknad frå passprotokollen.  Der står det vel om Johannes Johannesson Raaen(!) at han var «demitteret Tvangslem».

 

I so fall bør det vel kanskje finnast andre kjelder som kan fortelja oss om Johannes?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnaden til Johannes Johannesson Raaum!

Link to post
Share on other sites
Frank Marton Pedersen

Dette må vel være vår Johannes som tvangsarbeider i Bergen i 1851:

 

Johannes Johannesen Room - Tvangsarbeidere i Bergen 1850-1875 - Digitalarkivet

 

Passet til Johannes ble utstedt 2. juni 1851, altså like før han ble sluppet fri.

 

 

 

 

Edited by Frank Marton Pedersen
  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Frank Marton for eit kjempespennande innlegg!  Ingen tvil om at du har finne «rett mann», men let det seg gjera å følgja han vidare?

 

Kanskje finst han i heimstavnsregisteri?

 

Eller kanskje heldt han seg på «rett» side av lovi i dei etterfølgjande åri?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.