Gå til innhold
Arkivverket

Johanna Aamundsdotter frå Luster (1828) og Anders Andersen frå Aurland (1829) - busette på Krohnsminde i Årstad, Bergen - lagnadane til denne huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg første gongen arbeidde med tidleg på 1980-talet, men som med manglande kjeldetilfang den gongen ikkje vart fullstendig.  No har eg greidd fionna ein del detaljar, men framleis står eg «bom fast» på ein del andre:  Særleg vil eg trekkja ffram dødsfallet til Anders Andersen etter 1910 samt lagnaden til sonen Andreas Olai?

 

Her følger eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johanna Aamundsdotter {Berge}, f. {i Luster} 15.6.1828,

Johanna Aamundsdotter flytte i ung alder til Fana ved Bergen der ho arbeidde på eit spinneri.  Ho gifte seg i Fana 28.5.1854 med Anders Andersson frå Vangen i Aurland, sidan kjend som Anders Andersen.  Han var son av husmann Anders Andersson på Vangen, opphavleg frå Otternes, og kona Martha Ellefsdotter frå Kvitt og f. i Aurland 20.11.1829.  Anders var støyperiarbeidar i Fana, men han og Johanna flytte sidan til Krohnsminde, Årstad i Bergen der Anders livnærte seg som smed og verksarbeidar.  Johanna d. i Årstad 22.4.1900, medan Anders Andersen d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036707005654

 

Dei fekk sju born i lag:

 

##### (sjekka at alle borni er medkomne?)

 

a. Martha Sophie Christine Andersdotter Andersen, f. i Årstad, Bergen 6.10.1854, d. i Bergen 16.12.1940.  Martha gifte seg i Årstad, Bergen 27.9.1874 med Aaste Aasteson frå Grivi i Bø i Telemark, kjend i Bergen som Aaste Aastesen.  Han var f. i Bø 17.2.1842 og d. i Bergen 22.10.1908.  Aaste var fyrbøtar og sidan maskinist, og han og Martha budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk åtte born i lag.

b. Andreas Olai Andersson Andersen, f. i Årstad, Bergen 19.3.1856,

 

     ##### (n. 1865 – lagnaden hans?)

 

c. Anne Sophie Andersdotter Andersen, f. i Årstad, Bergen 28.1.1858, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1920!)

 

     Ho gifte seg i Årstad, Bergen 21.5.1877 med Andreas Ludvig Johannessen frå Bergen, f. på Fugle i Jølster 23.5.1854.  Han d. i Årstad, Bergen 9.3.1920.  Andreas var jarnverksarbeidar, og han og Anna budde levetidi ut i Solheimsviken, Årstad i Bergen.  Dei fekk seks born i lag.

 

     ##### (sjekka om dette stemmer? – https://media.digitalarkivet.no/view/27862/42

 

d. Johan Severin Andersson Andersen, f. i Årstad, Bergen 30.4.1860, d. i Årstad, Bergen 29.4.1862.

e. Hanne Severine Andersdotter Andersen, f. i Årstad, Bergen 30.7.1862, d. i Årstad, Bergen 4.3.1863.

f. Johan Severin Andersson Andersen, f. i Årstad, Bergen 30.4.1864, d. i Årstad, Bergen 23.1.1865.

g. Ellen Berntine Andersdotter Andersen, f. i Årstad, Bergen 1.4.1866, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ellen gifte seg første gongen i Årstad, Bergen 4.12.1887 med Endre Andersson frå Vetløyri i Vik, i Bergen kjend som Endre Andersen.  Han var f. i Vik 5.12.1865 og var snikkarsvein i Bergen der han d. 7.5.1898.  Ellen gifte seg so 1.7.1900 att i Domkyrkja i Bergen med Peder Severin Karlson frå

 

     ##### (ein husmannsplass på Herdla – kva plass under kva gard? - https://media.digitalarkivet.no/view/4557/159

 

     i Bergen kjend som Peder Karlsen.  Han var f. på Herdla 13.5.1875 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Peder var bygningsarbeidar, og han og Ellen budde i Bergen levetidi ut.  Ellen fekk i alt ti born, seks frå første ekteskapet og fire frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

medan Anders Andersen d.

 

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036707005654

Nummer 55 med feil fødested

 

Bergen fylke, Årstad i Årstad, Ministerialbok nr. A 3 (1914-1919), Døde og begravede 1916, Side 194
Permanent bilde-ID: kb20050513040490
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050513040490
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050513040490.jpg

 

Gravlagt fra Møllendals kapell 25. november 1916
 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

c. Anne Sophie Andersdotter Andersen, f. i Årstad, Bergen 28.1.1858, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1920!)

 

 

Bergens Tidende 14.02.1939:

 

image.png.5b53ea828353555a121098d869294bc8.png

 

 

og

 

 

SAB, Årstad Sokneprestembete, H/Haa/L0010: Ministerialbok nr. E 1, 1921-1940, s. 430-431
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050615020370
 

Adresse ved dødsfallet: Garvergaten 12a (v/ Danmarksplass)

 

 

Endret av Frank Marton Pedersen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bergens Tidende 12.10.1926:

 

Capture.JPG.5dd8cf472c4a816792f79e30c650d4ab.JPG

 

 

og

 

SAB, Årstad Sokneprestembete, H/Hab/L0025: Klokkerbok nr. D 2, 1922-1940, s. 108-109
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050811040859
 

 

 

 

Endret av Frank Marton Pedersen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

nders Andersen d.

 

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036707005654

?

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000034428

 

Denne Anders står riktignok med fødested Leikanger, men resten stemmer-

 

Dødsmeldingen

https://media.digitalarkivet.no/view/27860/138

 

https://www.digitalarkivet.no/sk20090611330453

 

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Sven, Frank Marton, Lars J., Carsten og Lars W. for spennande og svært nyttige innlegg om denne huslyden!

 

Eg har fått svar på det meste, men nokre detaljar synest vera særskilt utfordrande:

 

* Lagnaden til sonen Andreas Olai er eit godt spørsmål.  Han vart konfirmert i 1870, men var tydeleg avliden før 1916.  Kan han ha utvandra til Amerika?  Dødsmeldingi etter mori frå 1900 er heller ikkje til noki hjelp...: https://media.digitalarkivet.no/view/54762/16

 

* So var det spørsmålet om kva husmannsplass på Herdla som Peder Severin Karlsen kom ifrå?  Kanskje finst det ei lokal bygdebok som kan svara på dette?  Er Gudbrandsø ein plass eller ein gard?  https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000641116

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johanna Aamundsdotter {Berge}, f. {i Luster} 15.6.1828,

Johanna Aamundsdotter flytte i ung alder til Fana ved Bergen der ho arbeidde på eit spinneri.  Ho gifte seg i Fana 28.5.1854 med Anders Andersson frå Vangen i Aurland, sidan kjend som Anders Andersen.  Han var son av husmann Anders Andersson på Vangen, opphavleg frå Otternes, og kona Martha Ellefsdotter frå Kvitt og f. i Aurland 20.11.1829.  Anders var støyperiarbeidar i Fana, men han og Johanna flytte sidan til Krohnsminde, Årstad i Bergen der Anders livnærte seg som smed og verksarbeidar.  Johanna d. i Årstad 22.4.1900, medan Anders Andersen d. på gamleheimen i Årstad 17.11.1916.  Dei fekk sju born i lag:

a. Martha Sophie Christine Andersdotter Andersen, f. i Årstad, Bergen 6.10.1854, d. i Bergen 16.12.1940.  Martha gifte seg i Årstad, Bergen 27.9.1874 med Aaste Aasteson frå Grivi i Bø i Telemark, kjend i Bergen som Aaste Aastesen.  Han var f. i Bø 17.2.1842 og d. i Bergen 22.10.1908.  Aaste var fyrbøtar og sidan maskinist, og han og Martha budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk åtte born i lag.

b. Andreas Olai Andersson Andersen, f. i Årstad, Bergen 19.3.1856,

 

     ##### (n. 1865 – konfirmert 1870 – d. før 1916 – lagnaden hans?)

 

c. Anne Sophie Andersdotter Andersen, f. i Årstad, Bergen 28.1.1858, d. i Årstad, Bergen 13.2.1939.  Ho gifte seg i Årstad, Bergen 21.5.1877 med Andreas Ludvig Johannessen frå Bergen, f. på Fugle i Jølster 23.5.1854.  Han d. i Årstad, Bergen 9.3.1920.  Andreas var jarnverksarbeidar, og han og Anna budde levetidi ut i Solheimsviken, Årstad i Bergen.  Dei fekk ti born i lag.

d. Johan Severin Andersson Andersen, f. i Årstad, Bergen 30.4.1860, d. i Årstad, Bergen 29.4.1862.

e. Hanne Severine Andersdotter Andersen, f. i Årstad, Bergen 30.7.1862, d. i Årstad, Bergen 4.3.1863.

f. Johan Severin Andersson Andersen, f. i Årstad, Bergen 30.4.1864, d. i Årstad, Bergen 23.1.1865.

g. Ellen Berntine Andersdotter Andersen, f. i Årstad, Bergen 1.4.1866, d. i Årstad, Bergen 11.10.1926.  Ellen gifte seg første gongen i Årstad, Bergen 4.12.1887 med Endre Andersson frå Vetløyri i Vik, i Bergen kjend som Endre Andersen.  Han var f. i Vik 5.12.1865 og var snikkarsvein i Bergen der han d. 7.5.1898.  Ellen gifte seg so 1.7.1900 att i Domkyrkja i Bergen med Peder Severin Karlson frå Gudbrandsøy på Herdla

 

     ##### (kva plass under kva gard? - https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000641116

 

     i Bergen kjend som Peder Karlsen.  Han var f. på Herdla 13.5.1875 og d. i Årstad, Bergen 28.4.1950.  Peder var bygningstømmermann, og han og Ellen budde i Årstad, Bergen levetidi ut.  Ellen fekk i alt ti born, seks frå første ekteskapet og fire frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden, som no nesten er «komplett»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Hei igjen Lars.

Gulbrandsøy var en plass som fram til 1841 tilhørte Herdla gård og det bodde stort sett husmenn med og uten jord på plassen. Eieren av Herdla gård fra 1818-1841 var brødrene Wollert og August Konow som var leder i Konow & Co som var det suverent største forretningsforetaket i Bergen. Da de trakk seg ut som eiere på Herdla gård i 1841 ble områdene som tilhørte gården solgt og skilt ut. Guldbrandsøy som var en av plassene og bygden fikk eget gårdsnr 18 under Herdla herred som senere etter kommunesammenslåingen med Askøy fikk gårdsnr 39. Peder Severin og familien bodde under brnr 2 på Gulbrandsøy. Har sett litt i grunnbøkene og pante-register/bok og har ikke funnet at foreldrene eide noen av bruksnr men har funnet en kjøpskontrakt fra 1920 der far selger sitt hus (formodentlig på dette bruk) til Peder Karlsen som solgte dette videre i 1922. Om denne Peder Karlsen er Peder Severin eller broren Peder som var født i 1864 på Misje skal være usagt.

 

Link til panteregisteret: https://www.digitalarkivet.no/tl20071203630766

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #13:

 

Hjarteleg takk til Rolf for eit interessant innlegg!

 

Det er tydeleg ikkje so lett å komma so mykje lenger med denne saki, so eg vil nøya meg med å skriva at han var frå Gulbrandsøy, Herdla...

 

Men ein ny kjempetakk for at du ville sjå på denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har sett litt til på familien Lars. Det var farfar til Peder Severin som kjøpte Guldbrandsøy brn 1 i 1841 og senere solgt og utskilt til nye brn. Far til Peder Severin, Karl Johannes Tommassen var eldste barnet i familien og giftet seg og bodde på Misje i Herdla en periode der første sønnen Peder ble født i 1864 pg døde samme år. Karl Johannes og kona Magdalena var under FT 1865 losjerende på på farsgården Guldbrandsøy. I 1874 ble brn 2 på Gulbrandsøy utskilt og solgt men ikke til familien og under FT 1875 står Karl Johannes oppført som Husmann uten jord, fisker og tomtearbeider. Under Ft senere så bor familien på bnr 2 og det kan antas at de bodde på en husmannsplass uten jord og det er den det henvises til i panteregisteret som tidligere nevnt. Karl Johannes flyttet til Bergen i 1920 muligens til sønnen Peder Severin (Har ikke sett i FT 1920) og flyttet tilbake til en annen sønn i 1921 og døde der i 1925. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.