Jump to content
Arkivverket

Ole Svendson Thon, sølvsmed (1812-1892) og Anna Helgesdotter Gåsterud (1816-1895) - frå Ål via Luster til Amerika - kvar vart det av sønene Helge «Harry» og Ole, Jr.?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Eg har i over 40 år slite med å finna ut av denne huslyden frå Ål, som berre budde ei kort tid i Luster før dei i 1849 utvandra frå Ål til Amerika.

 

Ein del har eg finne på eigi hand, mellom anna har eg i 1982 sett skiftet etter Ole Svendson Thon i Vernon Co., WI der det gjekk fram at sonen Helge «Harry» var avliden før far sin, men han hadde vore gift og hadde etterlete ein son!  Eg har ingen kopi av dette skiftet, og no finn eg heller ikkje dei skanna skifti hjå ancestry.com...

 

Kanskje kan nokon hjelpa meg finna ut kvar det vart av Helge «Harry» og yngste broren Ole, Jr.?  Ogso opphavet til denne huslyden på Ål har stor interesse!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Svendson Thon, frå Sørbønsthon på Ål, var son av

 

     ##### (gardbrukar?)

 

     Svend Olson på Sørbønsthon, opphavleg frå

 

     ##### (kvar fødd og oppvaklsen?)

 

     og kona Gro Guttormsdotter frå

 

     ##### (kvar fødd og oppvaksi?)

 

     men f. i Grytten i Romsdalen 28.8.1812.  Ole gifte seg på Ål 12.10.1840 med Anna Helgesdotter frå Gåsterud på Ål, ei søster av ovannemnde Ole Helgeson.  Ho var likeins dotter av gardbrukar Helge Helgeson på Gåsterud og andre kona Guro Olsdotter frå Sveinsgard, Fire og f. på Ål 28.4.1816.  Ole Thon var sølvsmed, og han og Anna kom hit til Luster kring 1844, på same tid som Ole Helgeson.  Ole Thon var innerst i Åsen, og me trur han og kona budde her i Stegane i lag med Ole Helgeson fram til 1847.

Alt før dei kom hit til Luster hadde Ole og Anna vore husmannsfolk på

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Sørbønsthon på Ål, og dit flytte dei attende i 1847.  Derifrå utvandra dei so til Amerika i 1849.  Under namni Ole og Anna Swenson finn me dei først i Avon township, Rock Co., Wis. der Ole livnærte seg som smed («blacksmith»), men først på 1860-talet finn me dei att som farmarar i Sterling township, Vernon Co., Wis. der Ole d. 17.1.1892.  Anna Swenson d. same staden 10.2.1895.  Dei fekk åtte born i lag:

 

##### (sjekka at alle er medkomne?)

 

a. Gro Swenson (1840‑1904), utvandra med foreldri til Amerika i 1849 og vart gift med husmannssonen Thor Helgeson frå Øygarden under Dale (1840‑1889) (s.d.).

b. Svend, kjend som Swen Swenson, f. på Ål 10.7.1842,

 

     ##### (lagnaden hans? – d. før 1855!)

 

c. Helge, kjend som Harry Swenson, f. i Luster 24.2.1846, utvandra med foreldri til Amerika i 1849 og

 

     ##### (lagnaden hans? – var gift, men d. før 1892 – let etter seg ein son!)

 

d. Guro, kjend som Julia Swenson, f. i Rock Co., Wis. 28.11.1849, d. i Vernon Co., Wis. 4.12.1885.  Ho gifte seg i Vernon Co., Wis. 29.4.1871 med Christian Olson frå Kringli i Etnedal, Sør‑Aurdal, i Amerika kjend som Christian C. Olson.  Han var son av husmann Ole Christianson på Skorren under Kringli, opphavleg frå

 

     ##### (kvar fødd og oppvaksen?)

 

     og kona Ragnhild Ellendsdotter frå

 

     ##### (kvar fødd og oppvaksi?)

 

     og f. i Etnedal, Sør‑Aurdal 27.7.1841.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1850 og d. i Vernon Co., Wis. 1.8.1925.  Som enkjemann gifte han seg att med Malena P. Skildum (1867‑1956), dotter av gardbrukar Peder Olson frå Skildeim (1844‑1916) (s.d.).  Julia og Christian Olson farma i Sterling township, Vernon Co., Wis. og fekk seks born i lag.

e. Bergit, kjend som Betsy Swenson (1852‑1893), vart gift med husmannssonen Salomon Olson frå Tallehagen under Talle (1850‑1915) (s.d.).

f. Svennig, kjend som Swen Swenson, f. i Rock Co., Wis. 16.5.1855, d. i Rock Co., Wis. 10.6.1855.

g. Anne Marie, kjend som Mary Swenson, f. i Rock Co., Wis. 9.9.1857, d. ugift i Vernon Co., Wis. 28.11.1883.

h. Ole Swenson, Jr., f. i Rock Co., Wis. 5.8.1860,

 

     ##### (lagnaden hans? – levde 1880 – d. barnlaus før 1892?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

14 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

men først på 1860-talet finn me dei att som farmarar i Sterling township, Vernon Co., Wis. der Ole d. 17.1.1892

Han døde 13. februar 1892 ifølge kirkeboka

 

https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314563-00294?treeid=&personid=&hintid=&queryId=78de318b283c7bbaf903264b4a42cf21&usePUB=true&_phsrc=ITW8802&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.95202652.1786404214.1609503044-1291571358.1577234306&pId=2561281

Link to comment
Share on other sites

4 hours ago, Lars E. Øyane said:

d. Guro, kjend som Julia Swenson, f. i Rock Co., Wis. 28.11.1849, d. i Vernon Co., Wis. 4.12.1885.  Ho gifte seg i Vernon Co., Wis. 29.4.1871 med Christian Olson frå Kringli i Etnedal, Sør‑Aurdal, i Amerika kjend som Christian C. Olson.  Han var son av husmann Ole Christianson på Skorren under Kringli, opphavleg frå

 

 

 

     ##### (kvar fødd og oppvaksen?)

 

 

 

     og kona Ragnhild Ellendsdotter frå

 

 

 

     ##### (kvar fødd og oppvaksi?)

 

 

 

     og f. i Etnedal, Sør‑Aurdal 27.7.1841.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1850 og d. i Vernon Co., Wis. 1.8.1925.  Som enkjemann gifte han seg att med Malena P. Skildum (1867‑1956), dotter av gardbrukar Peder Olson frå Skildeim (1844‑1916) (s.d.).  Julia og Christian Olson farma i Sterling township, Vernon Co., Wis. og fekk seks born i lag.

 

For ordens skyld:

 

Christian Olsen

 in the Norway, Births and Christenings, 1648-1903

Name:Christian Olsen

Gender:Male

Christening Age:0

Birth Date:27 jul 1841

Christening Date:8 aug 1841

Christening Place:Sor Aurdal, Oppland, Norway

Father:Ole Christiansen

Mother:Ragnild Ellensdr

 

Ole Christiansen

 in the Norway, Select Marriages, 1660-1926

Name:Ole Christiansen

Gender:Male

Age:42

Birth Date:1792

Marriage Date:28 des 1834 (28 Dec 1834)

Marriage Place:Sør-Aurdal, Oppland, Norway

Spouse:Ragnild Ellensdr

FHL Film Number:125571

Reference ID:1815-1840

 

Nr. 3 

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070603960321

 

Gaard er Byefugllien for Ole og Burfaldt eller Bouslud for Ragnild.

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/327/pv00000008794284

 

 

 

Edited by Anton Hagelee
Link to comment
Share on other sites

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Sven, Anton og Lars J. for spennande og utfordrande innlegg!

 

Då ser eg at eg hadde feil dødsdato på Ole Swenson, Sr.  Kanskje kom datoen min frå skiftet hans?  Uansett, no er «rett» dato komme inn, og samstundes er dødsfallet til Ole Swenson Jr. «på plass»!

 

Når det gjeld opphavi til Ole Christianson og Ragnhild Ellendsdotter i Etnedal, er eg derimot ikkje so sikker.  Ole er ikkje i Byfugllien i 1801, og om Ragnhild verkeleg var frå garden Bruflat (som dette må vera), er eg heller ikkje heilt trygg på...

 

Men den kanskje største attståande utfordringi er lagnaden til Helge «Harry» Swenson.  Kvar kan han ha gjort av seg?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Link to comment
Share on other sites

  • 8 months later...

Innlegg #7:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget frå januar!

 

Denne huslyden dukka opp att i dag då eg oppdaga den «tapte sonen» Helge «Harry» Swenson!  Det må nok vera denne skomakaren Henry SWINSON som i 1870 var gift med Mary A., fødd i Illinois 1848 og som budde i Ferryville, Crawford Co., WI:

 

Dwelling 129: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-PV4

 

Og her er vigsli deira i Ferryville, WI 2.7.1868: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRPD-NHD

 

Namnet hennar var Mary Ann Hudson, og ho var tydeleg fødd i JoDaviess Co., IL kring 1848.

 

Men er det mogeleg å følgja opp dette parfolket og sonen dei fekk?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Grethe for eit imponerande og spennande innlegg!

 

Dette er verkeleg dødsfallet til Mary Ann, kona til Helge «Harry» Swenson.  Kanskje døydde ho etter barselseng?  Men er det då mogeleg å finna ut Harry og sonen?  Kanskje vart sonen oppalen hjå besteforeldri Hudson?  Bestemor på morssida, Hannah Hudson, døydde i Ferryville, WI i 1886, men eg ser ikkje nokon gut i «rett» alder i FT1880...

 

Denne vert nok ikkje lett å finna ut av...

 

Men ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.