Jump to content
Arkivverket

Haagen Engebretson Follum, Norderhov (1753) og Martha Trulsdotter Nøkleby (1757?) - vigde i Norderhov 1781 - kvar vart det av dette parfolket? - ei kjempeutfordring!


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg er på leiting etter lagnaden til dette parfolket, men står heilt «bom fast»:

 

Haagen Engebretson Follum, døypt i Norderhov 7.10.1753 og

Martha Trulsdotter Nøkleby, truleg døypt i Norderhov 27.11.1757

 

vart trulova i Norderhov 26.4.1781: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/110

og gifte seg i Norderhov 27.12.1781: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/121

 

Eg finn eitt barn:

* Martha Haagensdotter, døypt i Norderhov 1.4.1782: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/125

vart gravlagd i Norderhov 4.5.1783: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/141

 

Etter den tid ser eg ikkje noko meir til denne huslyden, korkje i Norderhov eller andre stadar.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Carsten for eit spennande og interessant innlegg!

 

Etter alderen å dømma kan dette godt vera «vår» Martha Trulsdotter - namnet er uvanleg, og alderen høver jo heilt «perfekt».

 

MEN, i so fall burde det vel finnast eit dødsfall for Haagen?  Eg har so langt ikkje oppdaga noko slikt i Norderhov...

 

Finst det kanskje ei bygdebok for Asker som kan fortelja oss meir om Martha og opphavet hennar?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera denne huslyden!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #7:

 

Hjarteleg takk til Sven og Grethe for svært spennande innlegg!

 

Kan Haagen og Martha ha «gjort svenskar» av seg?  Eg er svært i stuss, for FamilySearch syner ogso desse fødslene i Skee:

 

* 16.5.1782 i Skee: Truls av Engelbrekt Haakanson og Martha Trulsdotter: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:V7RQ-38G

 

* 1.3.1788 i Skee: Maria av Engelbrekt Haakanson og Martha Trulsdotter: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:V7RS-55G

 

Eg har ein sterk mistanke om at dette er same huslyden som den Olof som Sven og Grethe har nemnt ovanfor...?  Eller er eg heilt på bêrtur?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg!

 

Mine tankar gjekk i same retningi som dine!  Dessutan kan ikkje det same paret ha ei dotter Martha i Norderhov 1.4.1782 og ein son Truls i Skee 16.5.1782!

 

So parfolket i Sverige kan ikkje vera dei me leiter etter!

 

Hadde berre ikkje kyrkjebøkene for Norderhov vore so uoversiktlege...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.