Gå til innhold
Arkivverket

Halvor Halvorson Sessrudeiget, Norderhov (1712) og Siri Johannesdotter Fonkalsrud (1716) - vigde i Norderhov 1744 - fekk seks born og forsvinn frå bygdi! - kvar vart det av dei? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg slit svært med å finna ut av denne huslyden, og no står eg «bom fast».  Kan nokon hjelpa meg?

 

Halvor Halvorson Sessrudeiget, døypt i Norderhov 12.6.1712 og

Siri Johannesdotter Fonkalsrud, døypt i Norderhov 13.4.1716

 

vart vigde i Norderhov 6.1.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/39

 

Eg kjenner til følgjande born etter dei:

 

* Christine Halvorsdotter, døypt Garhammereiget 6.1.1746: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/70

* Mikkel Halvorson, døypt Garhammereiget 29.9.1748: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/116

* Martha Halvorsdotter, døypt Modalseiget 2.5.1751: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/153

* Kirsti Halvorsdotter, døypt Usaat 9.6.1754: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/212

* Kirsti Halvorsdotter, døypt Usaat 6.1.1756: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/242

* Johannes Halvorson, døypt Usaat 23.3.1760: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/41

 

Eg har skumlese ekstraskatten frå 1762, men finn dei ikkje der.  Og eg finn heller ikkje att borni deira i Norderhov, men kan sjølvsagt ha oversett noko...

 

Eg har heller ikkje greid å finna ut kvar Usaat er - rimelegvis namnet på ein husmannsplass i Lunner sokn!?

 

Det hadde vore svært so kjekt å fått greie på kvar det vart av denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #2:

 

Eg ser at:

 

Ein Mikkel Halvorson gifte seg i Krødsherad 7.12.1777 med ei Helga Knutsdotter (båe kausjonistane var frå Ørpen, inkl. Halvor Ørpen): https://media.digitalarkivet.no/view/8501/159

https://media.digitalarkivet.no/view/8501/160

 

og dette parfolket ser ut til å ha fått i alle fall tre born i lag:

 

* Martha Mikkelsdotter, døypt i Krødsherad 1.2.1778: https://media.digitalarkivet.no/view/8502/4

 

* Halvor Mikkelson, døypt Ørpen i Krødsherad 15.5.1780: https://media.digitalarkivet.no/view/8502/16

kanskje dødsfallet hans: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000818552

 

* Inger Mikkelsdotter, døypt Noreeiget i Krødsherad 7.12.1783: https://media.digitalarkivet.no/view/8502/36

 

Kanskje høyrer ogso denne guten til i same huslyden:

 

* Knut Mikkelson, døypt Snekkerudplassen i Våle i Vestfold 26.12.1791: https://media.digitalarkivet.no/view/8157/29

 

Eg tykkjer denne huslyden ser svært spennande ut!  Kanskje Halvor og Siri flytte til Krødsherad - det er ikkje lange stykket!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Eg har studert bygdeboki for Krødsherad og oppdagar at det under garden Ørpen vert omskrive ein Halvor Halvorson, men han skal ha vore gift andre gongen etter 1754 med ei Martha Mikkelsdotter Rishovd.  Eg finn ikkje nokon Mikkel Halvorson nemnd som son deira, men kyrkjebøkene for Krødsherad er svært mangelfulle for den perioden, so me kan ikkje klandra bokskrivar Andreas Mørch for unøyaktige data...

 

Det er likevel rimeleg å tru at Mikkel Halvorson gift 1777 godt kan ha vore ein son av Halvor og Martha Ørpen!?

 

Og særleg etter at eg takka vera møysommeleg leiting i Ekstraskattmanntalet for Norderhov no endeleg har finne:

 

* Under garden Kittelsby i Lunner sokn: https://media.digitalarkivet.no/view/45689/229

 

«Inderst Halvor Halvorson med kone Sigri, fattige folk»

 

Ingen born er nemnde, so anten var dei over 12 år og flytte bort, eller dei var avlidne.

 

Eg fann forresten to eldre barn av Halvor og Siri:

* Halvor Halvorson, døypt Sessrudeiget 17.6.1742: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/26

* Mikkel Halvorson, døypt Sessrud 8.11.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/51

må vera avliden kort tid etter, men finst ikkje i kyrkjeboki!!

 

Trulovingi til foreldri fann stad 1.4.1742: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/25

 

Konfirmantlistene i Norderhov syner mellom anna desse:

* Christina Halvorsdotter Lundstad 1766: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/145

* Mikkel Halvorson Lunstad 1770: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/218

* Martha Halvorsdotter Klælin(?) 1770: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/218

 

Halvor Halvorson finn eg ikkje konfirmert, men derimot finn eg denne:

 

Halvor Halvorson Frogseiget som 18.3.1778 gifte seg med ei Olea Hansdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/60

 

Desse bur 1801 på Myhre i Norderhov: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058270002967

med to born:

* Kirstina Halvorsdotter, døypt Norderhov 11.5.1783: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHNC-QBY

* Hans Halvorson, døypt Norderhov 15.3.1789: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHNZ-78D

 

Det budde i 1762 ein Halvor Nilsson som husmann under Frog: https://media.digitalarkivet.no/view/45689/211

men fødselsregisteri for Norderhov syner han ikkje hadde nokon son med namn Halvor Halvorson!

 

Her er truleg vigsli til Hans Halvorson og ei Gunnhild Tormundsdotter i Norderhov: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000008798600

 

Og dette parfolket flytte til Christiania/Vestre Aker der dei fekk fleire born, men høyrer denne huslyden til den eg leiter etter???

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera denne ætti!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Eg har i ettermiddag sett litt meir på borni i huslyden til Halvor Halvorson og Olia Hansdotter:

 

* Hans, døypt Hønefoss 22.11.1778: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/70

 

* Anna (ikkje sikker på om høyrer til her!), døypt Alme 17.12.1780: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/105

 

* Kirstina, døypt Hønefoss 11.5.1783: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/141

 

* Halvor, døypt Lunstadeiget 4.12.1785: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/181

 

* Hans, døypt Hagen 15.3.1789: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/234

 

* Halvor, døypt Wiul 6.5.1792: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/54

 

Ingen av desse borni har nokon Halvorson eller Halvorsdotter til fadrar, men særleg spennande er det namnet Kirstina, som kan tyda skyldskap med huslyden som me leiter etter (yngre søsken av Halvor), og likeins bustaden Lun(d)stad der me trur at to av søskeni budde då dei vart konfirmerte...

 

Men diverre kjem me ikkje noko nærare eit sikkert svar på skyldskapen mellom Halvor frå Sessrudeiget og Halvor på Myhre i 1801!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera denne ætti!

 

PS: Eg har forresten i kveld lagt dette emnet ut hjå DIS-Noreg for å sjå om det kan gje noko resultat...: http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?p=802224#802224

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Under gjennomlesing av militær mannskapsrulle frå 1789 finn eg under

 

Lægds nr. 32, Kittelsby, Sørsdal, Modalen og Lerfaldet: Johannes Halvorson, husmannsson, 27 år - artillerikusk

 

Mannskapstrullen frå 1779 syner under

 

Lægds nr. 28, Bårnås og Sessrud: Mikkel Halvorson, husmannsson, 33 år Mikkel Halvorson.html

 

Dette er nok to av sønene etter Halvor og Siri, men kva står det om Mikkel? - avgjeven til det Norske compani?

 

Siste oppdaging: Mikkel Halvorson var dreng på Støvern i 1762: https://media.digitalarkivet.no/view/45689/230

 

Ein ny kjempetakk for tips om denne huslyden og kvar det vart av dei!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Hei. Så fint at du fant ut noe om Siri Johannesdatter.  Jeg sitter akkurat nå og prøver å finne ut noe om hennes foreldre Johannes Helgesen og Kirsti Aasmundsdatter/Osmundsdatter som ble gift 10.2.1715 i Norderhov og fikk 6 barn.  Min ane er Siris søster Ragnhild.  Har du noe kjennskap til disse?

 

Mvh Jorun Andersen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #7:

 

Hei Jorun!

 

Diverre kan eg ikkje hjelpa deg noko vidare på huslyden til Siri.  Hovudpoenget med undersøkjingi mi av denne ætti, var å komma på sporet etter agnatiske etterkomarar for å finna nokon eg kunne samanlikna DNA!

 

Eg opplever ættegransking på Ringerike som ei kjempestor utfordring.  Kyrkjebøkene for Norderhov er vel so nokolunde, medan Hole er heilt «på jordet», særleg når me kjem attende på 1700-talet.  Bygdebokskrivaren for Hole har gjort ein stor og god innsats for å lindra på dette, men det er ikkje mogeleg å følgja alle ættene fullt ut.  Særleg er husmannsfolket «forsømt»!

 

Oppi det heile har me utfordringane med tidleg flytting.  Ringerike er som ein «kross» eller ein «smeltedigen» med Sør-Aurdal og Valdres på ein kant, Jevnaker og Hadeland på neste kant, Asker og Christiania på tredje kanten, og Hallingdal og Sigdal med Modum på fjerde kanten.  Her er det viktig med konstruktivt samarbeid!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 12.1.2021 den 21.59, Lars E. Øyane skrev:

Eg har heller ikkje greid å finna ut kvar Usaat er - rimelegvis namnet på ein husmannsplass i Lunner sokn!?

 

???

Vet ikke hvor Usaat/Usaath er jeg heller, men har drodlet litt rundt det. Er det en gammel vri på Oset? Helt på grensen mellom Lunder og Krødsherad heter det Oset. Bare en tanke. Og du Lars, det het Lunder her veit du. Ikke Lunner. 😁

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 12.1.2021 den 21.59, Lars E. Øyane skrev:

Eg har heller ikkje greid å finna ut kvar Usaat er - rimelegvis namnet på ein husmannsplass i Lunner sokn!?

 

Mer drodling. 😁 Denne gang med min pappa, som igjen har snakket med en kar som er fra området Sesserud. Denne karen sa at det "en gang i tiden" hadde vært ryddet et sted som som ble kalt Usådd (som i ikke sådd), og det lå inni skogen ovenfor Modalen. Han var usikker på om det hadde vært en "skikkelig plass" med hus....  

Endret av Trude Nilsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

På 12.1.2021 den 21.59, Lars E. Øyane skrev:

Eg har heller ikkje greid å finna ut kvar Usaat er - rimelegvis namnet på ein husmannsplass i Lunner sokn!?

Da har jeg fra E.M.A i Soknedalen Lokalhistoriske forening fått kopi av nedtegnelser om Modalen, gjort av Erling Bjerke i sin tid. (4 stk håndskrevne A4 ark)

 

Siterer litt her:

"28/12 1798 selger Christen gården til Ole Ellingsen Haukedalen for 900 rd.

30/10 1802 utsteder Elling Ellingsen Halkinrud skjøte på øvre Modalen med plassen halve Modalen, Nymoen, Myra og Usaadd til Peder Jonsen Sesserud som var g.m. hans steddt. Ingri Andersdt. Disse tok gården med Odel og Elling prøvet siden å komme ifra det, men ved forlikelseskomisjon 4/4 1803 blev han tilpliktet å levere skjøtet, dog med den forandring at Myra og Nymoen ikke skal følge gården. Prisen var 1000 rd.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Trude for nye spennande innlegg!

 

Seier meg lei for Lunner/Lunder.  Mor mi hadde gitt meg grundig skjenn for slik ein feil...

 

Elles høyrest det jo rimeleg ut at Usaat kan liggja under Modalen.  Dei var jo komne som plassfolk i Modalseiget alt i 1751, og dei har tydeleg butt der til om lag 1761, for i 1762 var dei legdelemmar under Kittelsby...

 

Elles er eg framleis usikker på om Halvor Halvorson på Myhre 1801 høyrer til denne huslyden...  Hadde me berre finne att dei to militære rekruttane, Johannes og Mikkel!?  Kvar kan dei ha gjort av seg?

 

Eit prosjekt for kartleggjing av husmannsætter i og frå Lunder sokn hadde vore spennande...!?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eit prosjekt for kartleggjing av husmannsætter i og frå Lunder sokn hadde vore spennande...!?

Soknedalen lokalhistoriske forening skal antagelig dra i gang et bygdebok-prosjekt... Kjempemoro.  👍 Stod om det i siste "Dalen vår".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #13:

 

Hjarteleg takk til Trude for siste innlegget!

 

Dette høyrest jo skikkeleg spennande ut!  Kan du halda meg vidare orientert?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.