Jump to content
Arkivverket

Halvor Halvorson Sessrudeiget, Norderhov (1712) og Siri Johannesdotter Fonkalsrud (1716) - vigde i Norderhov 1744 - fekk seks born og forsvinn frå bygdi! - kvar vart det av dei? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Eg slit svært med å finna ut av denne huslyden, og no står eg «bom fast».  Kan nokon hjelpa meg?

 

Halvor Halvorson Sessrudeiget, døypt i Norderhov 12.6.1712 og

Siri Johannesdotter Fonkalsrud, døypt i Norderhov 13.4.1716

 

vart vigde i Norderhov 6.1.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/39

 

Eg kjenner til følgjande born etter dei:

 

* Christine Halvorsdotter, døypt Garhammereiget 6.1.1746: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/70

* Mikkel Halvorson, døypt Garhammereiget 29.9.1748: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/116

* Martha Halvorsdotter, døypt Modalseiget 2.5.1751: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/153

* Kirsti Halvorsdotter, døypt Usaat 9.6.1754: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/212

* Kirsti Halvorsdotter, døypt Usaat 6.1.1756: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/242

* Johannes Halvorson, døypt Usaat 23.3.1760: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/41

 

Eg har skumlese ekstraskatten frå 1762, men finn dei ikkje der.  Og eg finn heller ikkje att borni deira i Norderhov, men kan sjølvsagt ha oversett noko...

 

Eg har heller ikkje greid å finna ut kvar Usaat er - rimelegvis namnet på ein husmannsplass i Lunner sokn!?

 

Det hadde vore svært so kjekt å fått greie på kvar det vart av denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites

Innlegg #2:

 

Eg ser at:

 

Ein Mikkel Halvorson gifte seg i Krødsherad 7.12.1777 med ei Helga Knutsdotter (båe kausjonistane var frå Ørpen, inkl. Halvor Ørpen): https://media.digitalarkivet.no/view/8501/159

https://media.digitalarkivet.no/view/8501/160

 

og dette parfolket ser ut til å ha fått i alle fall tre born i lag:

 

* Martha Mikkelsdotter, døypt i Krødsherad 1.2.1778: https://media.digitalarkivet.no/view/8502/4

 

* Halvor Mikkelson, døypt Ørpen i Krødsherad 15.5.1780: https://media.digitalarkivet.no/view/8502/16

kanskje dødsfallet hans: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000818552

 

* Inger Mikkelsdotter, døypt Noreeiget i Krødsherad 7.12.1783: https://media.digitalarkivet.no/view/8502/36

 

Kanskje høyrer ogso denne guten til i same huslyden:

 

* Knut Mikkelson, døypt Snekkerudplassen i Våle i Vestfold 26.12.1791: https://media.digitalarkivet.no/view/8157/29

 

Eg tykkjer denne huslyden ser svært spennande ut!  Kanskje Halvor og Siri flytte til Krødsherad - det er ikkje lange stykket!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to post
Share on other sites

Innlegg #3:

 

Eg har studert bygdeboki for Krødsherad og oppdagar at det under garden Ørpen vert omskrive ein Halvor Halvorson, men han skal ha vore gift andre gongen etter 1754 med ei Martha Mikkelsdotter Rishovd.  Eg finn ikkje nokon Mikkel Halvorson nemnd som son deira, men kyrkjebøkene for Krødsherad er svært mangelfulle for den perioden, so me kan ikkje klandra bokskrivar Andreas Mørch for unøyaktige data...

 

Det er likevel rimeleg å tru at Mikkel Halvorson gift 1777 godt kan ha vore ein son av Halvor og Martha Ørpen!?

 

Og særleg etter at eg takka vera møysommeleg leiting i Ekstraskattmanntalet for Norderhov no endeleg har finne:

 

* Under garden Kittelsby i Lunner sokn: https://media.digitalarkivet.no/view/45689/229

 

«Inderst Halvor Halvorson med kone Sigri, fattige folk»

 

Ingen born er nemnde, so anten var dei over 12 år og flytte bort, eller dei var avlidne.

 

Eg fann forresten to eldre barn av Halvor og Siri:

* Halvor Halvorson, døypt Sessrudeiget 17.6.1742: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/26

* Mikkel Halvorson, døypt Sessrud 8.11.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/51

må vera avliden kort tid etter, men finst ikkje i kyrkjeboki!!

 

Trulovingi til foreldri fann stad 1.4.1742: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/25

 

Konfirmantlistene i Norderhov syner mellom anna desse:

* Christina Halvorsdotter Lundstad 1766: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/145

* Mikkel Halvorson Lunstad 1770: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/218

* Martha Halvorsdotter Klælin(?) 1770: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/218

 

Halvor Halvorson finn eg ikkje konfirmert, men derimot finn eg denne:

 

Halvor Halvorson Frogseiget som 18.3.1778 gifte seg med ei Olea Hansdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/60

 

Desse bur 1801 på Myhre i Norderhov: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058270002967

med to born:

* Kirstina Halvorsdotter, døypt Norderhov 11.5.1783: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHNC-QBY

* Hans Halvorson, døypt Norderhov 15.3.1789: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHNZ-78D

 

Det budde i 1762 ein Halvor Nilsson som husmann under Frog: https://media.digitalarkivet.no/view/45689/211

men fødselsregisteri for Norderhov syner han ikkje hadde nokon son med namn Halvor Halvorson!

 

Her er truleg vigsli til Hans Halvorson og ei Gunnhild Tormundsdotter i Norderhov: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000008798600

 

Og dette parfolket flytte til Christiania/Vestre Aker der dei fekk fleire born, men høyrer denne huslyden til den eg leiter etter???

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera denne ætti!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites

Innlegg #4:

 

Eg har i ettermiddag sett litt meir på borni i huslyden til Halvor Halvorson og Olia Hansdotter:

 

* Hans, døypt Hønefoss 22.11.1778: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/70

 

* Anna (ikkje sikker på om høyrer til her!), døypt Alme 17.12.1780: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/105

 

* Kirstina, døypt Hønefoss 11.5.1783: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/141

 

* Halvor, døypt Lunstadeiget 4.12.1785: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/181

 

* Hans, døypt Hagen 15.3.1789: https://media.digitalarkivet.no/view/8525/234

 

* Halvor, døypt Wiul 6.5.1792: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/54

 

Ingen av desse borni har nokon Halvorson eller Halvorsdotter til fadrar, men særleg spennande er det namnet Kirstina, som kan tyda skyldskap med huslyden som me leiter etter (yngre søsken av Halvor), og likeins bustaden Lun(d)stad der me trur at to av søskeni budde då dei vart konfirmerte...

 

Men diverre kjem me ikkje noko nærare eit sikkert svar på skyldskapen mellom Halvor frå Sessrudeiget og Halvor på Myhre i 1801!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera denne ætti!

 

PS: Eg har forresten i kveld lagt dette emnet ut hjå DIS-Noreg for å sjå om det kan gje noko resultat...: http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?p=802224#802224

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #5:

 

Under gjennomlesing av militær mannskapsrulle frå 1789 finn eg under

 

Lægds nr. 32, Kittelsby, Sørsdal, Modalen og Lerfaldet: Johannes Halvorson, husmannsson, 27 år - artillerikusk

 

Mannskapstrullen frå 1779 syner under

 

Lægds nr. 28, Bårnås og Sessrud: Mikkel Halvorson, husmannsson, 33 år Mikkel Halvorson.html

 

Dette er nok to av sønene etter Halvor og Siri, men kva står det om Mikkel? - avgjeven til det Norske compani?

 

Ein ny kjempetakk for tips om denne huslyden og kvar det vart av dei!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.