Jump to content
Arkivverket

Britha «Bertha» Olson (1861-1938) og Ingebrigt «Albert» Olson - (1864-1907) to søsken frå Luster og vigslene deira i Wisconsin(?) - kvar i all verdi kan dei ha gift seg og kva tid?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei kjempegåte som eg har kava med i ganske so mange år, utan å finna svar på:

 

Ole Olson (1831-1867) og kona Christi Olsdotter (1828-1919), plassfolk under Sandvik i Luster, utvandra til Amerika i 1866 og busette seg nær Lodi, Columbia Co., WI.  Dei hadde med seg to born frå «gamlelandet», som båe gifte seg og vart buande i same nabolaget, men eg har aldri greidd å finna vigslene deira der borte!  Kan dei ha gift seg over grensa i Rockford, IL eller kanskje i Dubuque, IA?

 

* Britha «Bertha» Oleson, f. i Luster 14.1.1861, d. i Lodi, WI 25.6.1938 - gifte seg kring 1884/1885 med William Severin Knutson, f. i Dane Co., WI 8.10.1850, d. i Columbia Co., WI 24.8.1918.  Eldste barnet født i oktober 1885.

 

* Ingebrigt «Albert» Oleson, f. i Luster 5.5.1864, d. i Madison, WI 6.12.1907 - gifte seg kring 1886/1887 med Olaug Thomine «Minnie O.» Johnson, f. i Columbia Co., WI 10.7.1869, d. i Madison, WI 19.2.1963.  Eldste barnet født i september 1888.

 

Det hadde vore svært so gildt å fått greie på desse vigslene, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen
3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ingebrigt «Albert» Oleson, f. i Luster 5.5.1864, d. i Madison, WI 6.12.1907 - gifte seg kring 1886/1887 med Olaug Thomine «Minnie O.» Johnson, f. i Columbia Co., WI 10.7.1869, d. i Madison, WI 19.2.1963.  Eldste barnet født i september 1888.

?

En Albert Oleson ble gift i oktober 1886, bosatt i Dekorra.

bilde.png.f9dc4befca6d2ea31793360c96f8858a.png

 

Edited by Lars Johannessen
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for eit kjempemessig innlegg!

 

Eg ser no at namnet vart feilskrive i vigselsregisteret, jmf: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRL7-31M

 

Soleis er denne vigsli fastlagd til 21.10.1886 i Portage, WI!

 

Kanskje er namni feilskrivne ogso i den andre vigsli?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa desse gåtene!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #6:

 

Ikkje før har eg skrive siste innlegget, er to nye svar komne frå Anne og Allan!  Hjarteleg takk til dykk båe to!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen
På 20.1.2021 den 18.05, Lars E. Øyane skrev:

 

* Britha «Bertha» Oleson, f. i Luster 14.1.1861, d. i Lodi, WI 25.6.1938 - gifte seg kring 1884/1885 med William Severin Knutson, f. i Dane Co., WI 8.10.1850, d. i Columbia Co., WI 24.8.1918.  Eldste barnet født i oktober 1885.

Notis i Portage Daily Register, 6.9.1918 ved Willams dødsfall, jeg har ikke tilgang til alt, men kanskje den kan inneholde opplysninger om vielsesdato?

 

bilde.png.23c47fc61377a3b5103ba31fcc40599e.png

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #10:

 

Hjarteleg takk til Allan, Lars J. og Anne for nye spennande innlegg!

 

Eg les då vigselsdatoen midt i denne liktalen til 31.3.1885!  Men det finst ikkje noki vigsle i Columbia Co., WI på denne datoen, so kanskje dei likevel gifte seg ein annan stad?  Eller datoen er feil?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.