Gå til innhold
Arkivverket

Anna Olsdotter frå Husøy i Solund, fødd 1851 - budde ho i Bergen? - lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #57228 av Gisle frå det gamle Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/142634-57228-sf-3-olssøner-og-døtre-frå-lyster-som-gifte-seg-i-gulen-i-1830-40-åra/?tab=comments#comment-1187037

 

Eg er på leiting etter lagnaden til Anna Olsdotter frå Husøy i Solund, fødd 1851 og framleis i live i 1898, som Gisle tydeleg har leitt etter før!

 

Eg er no komen på spor etter ein mogeleg «kandidat» for denne Anna Olsdotter, at ho kan ha vore i Bergen og der fått ein son som både i 1891 og 1900 budde hjå broren Nils Olson på Husøy?  Kanskje du, Gisle, eller andre har fleire opplysningar å supplera med?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Pederson Krogen, son av føregåande brukar og herifrå Veberg, vart døypt i Luster 30.8.1778, gifte seg i Luster 5.6.1805 med Anna Nilsdotter frå Kroken i Luster.  Ho vart døypt i Luster 22.9.1782.  Ole og Anna budde visstnok som innerstfolk dels her på Veberg og dels hjå foreldri hennar på Kroken i Luster.

Men Ole Pederson laut ut som soldat i krigen mot svenskane og d. på Kongsvinger 2.2.1809.

Anna flytte som enkje heim att til foreldri sine på Kroken i Luster, men vart etter mange år attgift med husmann Sølfest Larsson i Eidsbakken under Eide i Luster (1791-1849).  Ho d. som strandsitjarkone på Eide i Luster 2.11.1843.  Ole og Anna fekk to born i lag:

 1. Peder Olson, døypt i Luster 28.4.1805,

Peder Olson flytte i ung alder til Solund der han 22.6.1834 gifte seg med Kari Jacobsdotter frå Indrevær i Solund.  Ho var dotter av gardbrukar Jacob Larsson på Indrevær og kona Britha Pedersdotter frå Agnaldsvig i Fjaler og vart døypt i Solund 31.7.1808.  Peder var fiskar, og han og Kari var gardbrukarar på Gjønnevåg nordre i Solund der dei budde levetidi ut.  Peder d. som kårmann på Gjønnevåg nordre 18.12.1883, medan Kari d. som kårkone same staden 24.10.1901.  Dei var barnlause.

 2. Mari Olsdotter, døypt i Luster 16.2.1807,

Mari Olsdotter flytte òg i ung alder til Solund og gifte seg der 16.9.1842 med Ole Andersson frå Husøy i Solund, ein stedotterson av husmannssonen Claus Andersson frå Tallehagen under Talle i Luster (1758-1810).  Han vart døypt i Solund 31.3.1811.  Mari og Ole tok visstnok over heimeplassen hans under Husøy i Solund og vart buande der levetidi ut.  Ole d. som fiskar på Husøy 1.7.1895, medan Mari d. som enkje same staden 16.1.1898.  Dei fekk to born i lag:

a. Nils Olson, f. i Solund 4.1.1845, d. som husmann på Husøen 1.6.1903 då han miste livet på sjøen.  Han gifte seg i Solund 19.8.1876 med Ingeborg Larsdotter frå Nautøen i Solund.  Ho var f. i Solund 1.10.1844 og d. som enkje på Husøen 12.6.1909.  Nils og Ingeborg tok over heimeplassen hans under Husøy i Solund og budde der levetidi ut.  Dei fekk ikkje born i lag, men tok til seg ein fosterson.

b. Anna Olsdotter, f. i Solund 25.12.1851,

 

     ¤¤¤¤¤ (levde 1865 – tilstades Husøy 1898! – lagnaden hennar? – kan ho ha vore mori til denne Jens Olai Andreas Jensen, f. i Bergen 5.10.1879, som i 1891 og 1900 budde som adoptivson/fosterson hjå Nils og Ingeborg på Husøy: https://media.digitalarkivet.no/view/7172/47

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

For min del saknar eg for det kommande (og siste) bandet i bygdebokserien vår fleire opplysningar om lagnaden til Anna Olsdotter!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 hours ago, Lars E. Øyane said:

b. Anna Olsdotter, f. i Solund 25.12.1851,

 

     ¤¤¤¤¤ (levde 1865 – tilstades Husøy 1898! – lagnaden hennar? – kan ho ha vore mori til denne Jens Olai Andreas Jensen, f. i Bergen 5.10.1879, som i 1891 og 1900 budde som adoptivson/fosterson hjå Nils og Ingeborg på Husøy: https://media.digitalarkivet.no/view/7172/47

 

Hei Lars,

Eg har dessverre ikkje funne ut meir om Anne.

 

Interessant at du fann denne Jens Olai Andreas f. 1879, det må vel nesten vere ein son av Anne sidan han havna hos broren hennes:

 

KLOK har "bytta" om ca. fødselsår på forledrene:

 

SAB, Sandviken Sokneprestembete, H/Hb/L0001: Klokkerbok nr. A 2, 1879-1892, s. 17
Arkivreferanse    SAB/A-77601/H/Hb/L0001
Permanent bilde-ID: kb20061124030045
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061124030045
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061124030045.jpg
 

 

Og her er konfirmasjonen i Husøy sokn:

 

SAB, Solund sokneprestembete, Ministerialbok nr. C 1, 1881-1896, s. 34
Arkivreferanse    SAB/A-81401
Permanent bilde-ID: kb20070116310615
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070116310615
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116310615.jpg
 

Register til sjøfartsrulle: https://www.digitalarkivet.no/view/91/pc00000001132447

 

Kan dette vere Jens Olai Andreas, som har lagt bort "Jens"?
https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001121270

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001174027

 

Ja, det må det vere for han døyper ei dotter Rita Annie Husøen Jensen i 1914: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314411-00462?treeid=58117466&personid=182259960267&rc=&usePUB=true&_phsrc=UdC35546&_phstart=successSource&pId=154459654 - ho dø allereie i 1915.

 

Kona til Jens Olai Andreas: https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000058099

 

BBA, Bergen fattigvesen, 1886-1891, s. 172 
Permanent bilde-ID: db50002313200172
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db50002313200172
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-db50002313200172.jpg
 

Henne i FT1900 ? https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335033231

 

Ho emigrerer i 1906: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000714656

Endret av Gisle Hersvik
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Gisle for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Førebels er Anna som «sokki i jordi», men ein eller annan stad må ho gøyma seg...

 

Men her har me i alle fall sonen i FT1910 som Olaf Jensen med kona Owidia i Brooklyn, NY: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV8-99RN

 

Og kanskje er dette dødsfalllet hans i New York 27.11.1916: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:2WNJ-LXP

 

I so fall kan kanskje nokon greia å finna ein liktale?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det må vel vere ho som var hushalderske/budeie på Tansøy i Kinn/Flora i 1875?

 

 
               
001 Jakob Jeppesen 01 1813 Bergen Nykirkens S. b hf g Gaardbruger S
002 Christine Ditlovia Jeppesen* f Høyer 01 1805 Bergen, i Domkirkens S. b Hans Kone g Sengeliggende
003 Anna Olsdatter 01 1851 Husø S. i Evindvik Pr. b tj ug Husholderske, Budeie
Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Torbjørn og Gisle for nye spennande meldingar!

 

Det var interessant å sjå at Anna i 1875 var kommi i teneste på Tansøy i Kinn, men kvar vart det av ho?

 

Dødsmeldingi etter faren Ole Andersson frå 1895 seier berre at han vart etterlevd av «Myndige Børn»: https://media.digitalarkivet.no/view/54826/73

 

Dødsmeldingi etter mori Mari Olsdotter frå 1898 seier at ho vart etteerlvd av «Myndige Børn tilstede»: https://media.digitalarkivet.no/view/54826/77

 

Dødsmeldingi etter broren Nils frå 1903 seier at han ikkje etterlet born, men «opprettet Testamente thl. 25.4.1900»: https://media.digitalarkivet.no/view/54826/87

 

Dødsmeldingi etter svigerinna Ingeborg Larsdotter frå 1909 seier òg noko om eit testament: https://media.digitalarkivet.no/view/54826/101

 

Uttrykksformene frå 1895 og 1898 seier trydeleg at det var meir enn eitt barn, so då må Anna ha vore i live!  Kanskje hadde testamentet etter Nils noko om søsteri?  Kvar kan me finna dette testamentet?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnaden hennar Anna!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Gisle for ny kommentar!

 

Her står ogso eg like fast som sist.  Eg er ganske so overtydd om at Anna gøymer seg ein eller annan stad i Bergensdistriktet.  Ho har kanskje fått feil fødselsdato og feil fødestad?  Kanskje står ho som fødd i Eivindvik eller sogar i Kinn der ho budde i ungdomen...  Eg ser heller ikkje bort ifrå at ho kan ha hatt fleire born...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.