Jump to content
Nasjonalarkivet

LØYST: Lars Larsson - fødd Luster 1788 - krambudreng på Lærdalsøyri - gift 1823 med Ingeborg Pettersdotter og forsvinn frå bygdi - kvar kan dei ha vorte av? - Bergen?


Recommended Posts

Dette er ei kjempegåte som eg har jobba med i over 45 år, men utan nokon gong å lukkast i å finna ut av.

 

Det gjeld søskenbarnet til min eigen tip-oldefar:

 

Lars Larsson, son av gardbrukar Lars Larsson og Gjertrud Dyresdotter på Prestegard i Luster, vart døypt i Luster 6.7.1788 og gifte seg i Lærdal 27.2.1823 med Ingeborg Pettersdotter, dotter av Petter Arneson og Anna Pedersdotter på Lærdalsøyri, f. i Lærdal 16.2.1788.

 

Lars skal ha vore krambudreng på Lærdalsøyri, men han og Ingeborg forsvinn frå Lærdal etter kort tid, og den store utfordringi er:

 

* Kvar tok dei vegen?

 

Kanskje flytte dei til Bergen, men som krambudreng kan Lars ha butt bær sagt kvar som helst langs kysten...

 

Det hadde vore skikkeleg stas å finna lagnaden til denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Ivar og Leif for fantastisk spennande innlegg!  Om de visste kor mykje eg har blatt i kyrkjebøkene for Lærdal på leiting etter dette...

 

Eg er so å seia overtydd om at de har finne rette folki, og eg er svært oppglødd over dette!

 

Problemet er løyst!

  • Lars E. Øyane changed the title to LØYST: Lars Larsson - fødd Luster 1788 - krambudreng på Lærdalsøyri - gift 1823 med Ingeborg Pettersdotter og forsvinn frå bygdi - kvar kan dei ha vorte av? - Bergen?
  • 9 months later...

Hei Lars!

Euphrosine Aaström var søster til min oldefar, Gustav Isidor Aaström.

Hvis jeg kunne få din e-mail adresse, kan jeg sende deg opplysninger om slekten som kan utfylle det du allerede vet.

Mvh. Egil Ivar Aaström

egilivaraastrom@gmail.com

Tlf. +47 958 72 834

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.