Lars E. Øyane Posted February 1, 2021 Share Posted February 1, 2021 (edited) Eg har diverre ikkje notert kjeldereferansa til denne utfordringi (dette er opplysningar som eg fann på Statsarkivet i Bergen for 40 år sidan!), men det vart i 1801 halde skifte i Bergen etter: Christopher Johannessen, fødd på Øvrebø i Luster og døypt der 13.1.1743, var ei tid husmann i Lindalen under garden Skildeim i Luster, men flytte med kona Gjertrud Hansdotter til Bergen kring 1786 og vart gravlagd frå Nedre Dynnersmuget i Bergen 23.5.1801: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000446770 Christopher og Gjertrud var barnlause, og so vidt eg har kunna registrera, hadde Christopher etter seg berre to søsken: * Ole Johannesson, fødd 1735, bror, var strandsitjar i Årstu under Dale i Luster, der han døydde i 1810. * Kari Johannesdotter, døypt i Luster 7.6.1740 - levde i 1801 som enkje, men ingen veit KVAR ho då budde! Kari Johannesdotter budde i alle fall IKKJE i Luster, og eg har ein mistanke om at ho òg kan ha butt i Bergen!!!? Kanskje nokon kan finna att skiftet frå Bergen frå 1801 for å sjå litt nærare på om dette kan ha tilleggsopplysningar? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Edited February 2, 2021 by Lars E. Øyane Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/265269-kari-johannesdotter-f%C3%B8dd-i-luster-1740-levde-som-enkje-i-1801-men-kvar-kan-henda-i-bergen-eller-i-hosanger-bygdebokoppslag/ Share on other sites More sharing options...
Inge Nygård Posted February 1, 2021 Share Posted February 1, 2021 Lite opplysningar å sjå, eg kan heller ikkje sjå at skiftet nemner nokon bror Ole: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111680104 Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/265269-kari-johannesdotter-f%C3%B8dd-i-luster-1740-levde-som-enkje-i-1801-men-kvar-kan-henda-i-bergen-eller-i-hosanger-bygdebokoppslag/#findComment-2218656 Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted February 1, 2021 Author Share Posted February 1, 2021 Innlegg #3: Hjarteleg takk til Inge for eit kjapt svar! Det er ikkje første gongen at eg opplever ufullstendige skifte i Bergen. Særleg førekjem det kanskje dersom det var lite til arv. Ikkje berre manlar broren Ole som framleis levde i Luster. Det manglar kan henda òg ein yngre bror Torbjørn, som eg har gått utifrå døydde ung sidan han ikkje er nemnd i skiftet. Og når eg ser på ervingane etter kona Gjertrud, oppdagar me nett det same. Lensmann Hans Leri i Luster er nemnd som bror. Broren som framleis levde, heitte Arne Hansson Lerum. Det var sonen som heitte Hans! Men det manglar ogso fleire andre ervingar. Det som synest gå att, er ervingane som budde i Bergen, og dette får meg til å tru at ogso Kari Johannesdotter må ha butt i Bergen, eller i alle fall ikkje langt unna Bergen, og då har me i FT1801 ikkje so mange alternativi. Eg finn ei på Voss, ei i Sund og tre i Hosanger, medan dette var den einaste enkja i Bergen: * https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390000844 MEN, ho er nok litt i yngste laget, for dotteri syner seg vera fødd i Bergen i 1790: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCLB-PMK Kanskje det heller er ho i Sund: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058381004096 eller ei av desse i Hosanger: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058385002419 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058385002038 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058385000588 eller ho på Bidne på Voss: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058378006813 Kanskje det finst bygdebøker som kan stadfesta eller avkrefta desse? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera Kari! Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/265269-kari-johannesdotter-f%C3%B8dd-i-luster-1740-levde-som-enkje-i-1801-men-kvar-kan-henda-i-bergen-eller-i-hosanger-bygdebokoppslag/#findComment-2218725 Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted February 2, 2021 Author Share Posted February 2, 2021 Innlegg #4: Eg syner til mitt innlegg #3 over med omsyn til alternative Kari Johannesdotter som i 1801 budde i Hosanger: * Kari Johannesdotter, 58 år, kårenkje hjå sonen husmann Johannes Olson Otterstad (35) * Kari Johannesdotter, 66 år, (kår)enkje hjå sonen sjølveigar Johannes Knutson Kleiveland (36) Har bygdebøkene for Hosanger opplysningar om nokon av desse Kari'ane og opphavi deira? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera Kari Johannesdotter frå Øvrebø i Luster! Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/265269-kari-johannesdotter-f%C3%B8dd-i-luster-1740-levde-som-enkje-i-1801-men-kvar-kan-henda-i-bergen-eller-i-hosanger-bygdebokoppslag/#findComment-2219139 Share on other sites More sharing options...
Rune Bergesen Posted February 3, 2021 Share Posted February 3, 2021 Kari Johannesdtr.på Kleveland er født på Storset i Hosanger. Kari Johannesdtr på Otterstad i Modalen f. 1750-1810 gift 1768 med Ole Johannesen Otterstad 1743-1785, me hev heller ikkje greidt å finne ut kven dei er(iflg BB), Barn: Johannes 1769 Plasmann her, Johannes 1772, Anna 1775, Jon 1778 på Otterstad, Ivar 1782 og ole 1785-1785. Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/265269-kari-johannesdotter-f%C3%B8dd-i-luster-1740-levde-som-enkje-i-1801-men-kvar-kan-henda-i-bergen-eller-i-hosanger-bygdebokoppslag/#findComment-2219292 Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted February 3, 2021 Author Share Posted February 3, 2021 Innlegg #6: Hjarteleg takk til Rune for siste innlegget! Sjølv om opphavet til Kari på Otterstad i Modalen er ukjent, trur eg nok at oppgjeven alder er noko for låg - FT1801 oppgjev 58 år, og mor til «vår» Kari heitte Anna, slik einaste dotteri på Otterstad heitte... Men eg veit ikkje... Det er nemlig «sigla opp» ein annan «kandidat», som er omskrivi i dette emnet og som òg syner seg ha vore enkje i Bergen i 1801 - med nøyaktig rett alder: https://forum.arkivverket.no/topic/265359-mikkel-hartoug-gift-1773-i-skånevik-med-kari-johannesdotter-kven-var-denne-kari/ Kan det vera ho me leiter etter...? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera Kari Johannesdotter frå Øvrebø i Luster! Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/265269-kari-johannesdotter-f%C3%B8dd-i-luster-1740-levde-som-enkje-i-1801-men-kvar-kan-henda-i-bergen-eller-i-hosanger-bygdebokoppslag/#findComment-2219454 Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now