Jump to content
Arkivverket

Herman Magnus Vestad frå Ålesund, fødd 1861 - eit forsvinningsnummer utanom det vanlege - sjømann? - med ei mor som svimte av då han brått dukka opp heime - lagnaden hans?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Herman Magnus Henrikson VESTAD var fødd i Ålesund 31.12.1861 som son av snikkar Henrik Andersson Vestad (1829-1911) og kona Metta Marie Lorentsdotter Lindgaard (1831-1909).

 

Siste gongen eg kan sjå han nemnd i våre kjelder er ved konfirmasjonen i Ålesund i 1877: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000210170

 

Han reiste heimefrå ikkje lenge etter, kan henda som sjømann(?), og foreldri høyrde ikkje noko til han på mange år til han ein dag brått òpna døri heime hjå foreldri i Ålesund, og etter kva det vert fortalt i slekti, vart mori då so overraska at ho svimte av!

 

Men han forsvann på ny, og ingen høyrde noko meir gjete han!

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut kvar denne karen kan ha vorte av?  Kan henda sjømann, kan henda til Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Det passer jo ikke med historien, men er han identisk med Herman Vestad f. 1861, registrert i folketellingen av 1875 som bakerlærling, født i Ålesund
I så tilfelle, samme som baker Herman Vestad, fadder i 1881, Ålesund? Jeg har ikke funnet noen andre konfirmerte i Ålesund med det navnet på omtrent samme tid som Herman Magnus. Se også på fadderenes navn i forhold til de andre leieborene der han holdt til i 1875.

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Inger og Sven for spennande og utfordrande innlegg om Herman Vestad!

 

Eg hadde ikkje fått med meg at han gjekk i bakarlære berre 14 år gamal og at han vart kalla bakar ved dåpen av ei søsterdotter i 1881.  Truleg er det altso etter 1881 at han fór frå Ålesund, men tok han med seg yrket på den bustaden sin?

 

Framleis ei kjempegåte, men kanskje finst det eit svar der ute, ein eller annan stad?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å finna lagnaden til Herman Vestad!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Jeg kan ikke se at det er skannet noen dødsfallsprotokoller for Ålesund for årene 1909 og 1911, da foreldrene døde. Av og til kan man finne opplysninger om arvinger/barn her som kan være til nytte. Men når omtrent var det Herman plutselig dukket opp igjen i Ålesund? 

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Eg er samd med deg i at dødsfallsprotokollane for Ålesund her kunne ha vore til stor hjelp.  Det gjeld òg opplysningar om søskeni til Herman.  Men desse protokollane ligg vel ved Statsarkivet i Trondheim.

 

Har digitalarkivet planar om skanning av denne viktige kjelda?  Store delar av landet er jo alt skanna!  Kanskje eg skulle stilla spørsmålet om dette direkte til Arkivverket...

 

Kva tid Herman kom heim på vitjing, er det ingen som veit, men so lenge før mori døydde i 1909, har det knapt vore?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne unge bakaren frå Ålesund!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.