Jump to content
Arkivverket

Dødsfallsprotokollane (dødsmeldingslistene frå lensmannen) - korleis er utsiktene til å få desse ferdig skanna? - Kva med skiftedokument?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dei fleste lokalhistorikarar veit kor viktige dødsmeldingslistene frå lensmannen (dødsfallsprotokollane) kan vera for å finna ut kvar det vart av born og/eller søsken av dei som døydde.

Mange av desse protokollane er skanna og lagt ut i Digitalarkivet, men korleis ser det ut med resten?  Til dømes saknar eg dødsmeldingslistene frå Ålesund kring 1910!

Eit relatert spørsmål gjeld skiftedokument der eg til dømes under gjennomgongen av desse dokujmenti frå indre Sogn for store delar av 1800-talet fann attestar og spennande brev frå utflytt slekt, ikkje minst i Amerika!

Eg takkar so mykje for attendemelding!

Link to post
Share on other sites
  • 3 weeks later...
Jon Sværen

Det er andre tider i DA no, Lars !

Vii har no masse opplysningar om opplysningar ang Folkeregisteret, sperra i 100 år framover !!  

Og vi har Karona  / Covid 19. Før hadde vi Yngve !

Over 14 dagar for å gje deg eit svar, tja .... Løgje når allmuen (du og eg, Lars)  har denne nettsida til å stilla spyrsmål til DA, og så er det ingen ansatt som gidder å svara !! 

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
  • 1 month later...
Renathe-Johanne Wågenes - Arkivverket
På 3.2.2021 den 19.55, Lars E. Øyane skrev:

Dei fleste lokalhistorikarar veit kor viktige dødsmeldingslistene frå lensmannen (dødsfallsprotokollane) kan vera for å finna ut kvar det vart av born og/eller søsken av dei som døydde.

Mange av desse protokollane er skanna og lagt ut i Digitalarkivet, men korleis ser det ut med resten?  Til dømes saknar eg dødsmeldingslistene frå Ålesund kring 1910!

Eit relatert spørsmål gjeld skiftedokument der eg til dømes under gjennomgongen av desse dokujmenti frå indre Sogn for store delar av 1800-talet fann attestar og spennande brev frå utflytt slekt, ikkje minst i Amerika!

Eg takkar so mykje for attendemelding!

Vedrørende hva som skal skannes og publiseres, så må du kontakte Arkivverket. 

Det er de som bestemmer hvilke kilder de skal skanne. Dødsfallsprotokoller står vel på en oversikt over planlagte skanninger, men om det blir i år vet jeg ikke.

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
  • 1 month later...
Gunnar Sigdestad
På 20.2.2021 den 1.09, Jon Sværen skrev:

Det er andre tider i DA no, Lars !

Vii har no masse opplysningar om opplysningar ang Folkeregisteret, sperra i 100 år framover !!  

Og vi har Karona  / Covid 19. Før hadde vi Yngve !

Over 14 dagar for å gje deg eit svar, tja .... Løgje når allmuen (du og eg, Lars)  har denne nettsida til å stilla spyrsmål til DA, og så er det ingen ansatt som gidder å svara !! 

Eg har lagt merke til det same, Jon.
Mange Statsarkiv har i det siste brukt mykje resursar på å scanne materiale frå td. Folkeregistera, som er sperra for innsyn i mange tiår fram i tid. 
Det meiner eg og mange med meg er feil bruk av tid og pengar så lenge kyrkjebøker og dødsprotokollar frå 18- og 19-hundretalet ligg og ventar, som kan publiserast med ein gong.
Bygdeboknemnda i Eid i Nordfjord var i kontakt med Statsarkivet i Bergen før jul for å leggje fram ynskje om fortgang i scanning/digitalisering av ministerialbøkene frå 1906 og framover grunna snarleg utgjeving av band 1 i rekkja av bygdebøker, og fekk svar at det ville bli prioritert straks etter nyttår, men det er framleis ikkje gjort, og no er det snart sommarferie.
Det skulle ha vore artig å få vite grunnen til dette.

Link to post
Share on other sites
Kristian Hunskaar (Arkivverket)
På 2.5.2021 den 2.13, Gunnar Sigdestad skrev:

Dette blir på sida av det denne trådens egentlige emne, men:

De aktuelle kirkebøkene for Eid ble skanna i april og lagt ut i Digitalarkivet for et par dager siden (https://media.digitalarkivet.no/kb/browse?archives[]=no-a1450-07000000000688). Jeg kjenner ikke dialogen med bygdeboknemnda, men dersom én eller flere personer tilknytta nemnda har fått innsyn i opplysningene i disse kirkebøkene, antar jeg at det nå vil bli lagt til rette for digital bruk. Merk at disse kirkebøkene ikke er indekserte, fordi vi i øyeblikket ikke har noe verktøy for indeksering av kirkebøker. Jeg er derfor tvunget til å behandle hver enkelt kirkebok som en helhet med hensyn til sperrede sider, og derfor er ministerialbok nr. B 2 og klokkerbøkene nr. B 3 og C 3 helt sperrede, selv om disse kirkebøkene er så gamle at deler av dem kunne vært fritt tilgjengelige.

Når det gjelder skanning av folkeregisterarkiver, så er det Arkivverkets sentrale prioritering, da statsarkivene ikke lenger er administrative enheter. Skanning av disse arkivene vil redusere Arkivverkets saksbehandling, fordi f.eks. Skatteetaten og NAV selv kan foreta de oppslagene de trenger. Skanning vil også frigjøre plass i statsarkivenes magasiner, fordi folkeregisterarkivene kan samles i et fjerndepot, ettersom det ikke er behov for å slå opp i papirmaterialet. Bl.a. av disse årsakene har Arkivverket kommet til at skanning av folkeregisterarkivene gir god gevinst.

  • Like 3
Link to post
Share on other sites
  • 1 month later...
Lars E. Øyane

Innlegg #6:

Kor mange gongar har eg ikkje ønskt meg at eg med mi noverande erfaring hadde vore 50 år yngre og kunna børja på att med vidareføring av granskingi mi!  Då skulle eg sjølv ha teke fatt i dei protokollane som eg meiner skulle vore digitaliserte...  No når bygdebokarbeidet for Luster går mot ei avslutning, kjem eg nok til å gripa fatt i nokre av desse kjeldene, men det er so uhorveleg mange av dei, at ferdig vert eg aldri sjølv om eg hadde ni liv!  (Eg har alt brukt fire av dei...)

So eg sit på gjerdet og lever i voni om at Digitalarkivet tek det naudsynte ansvaret og skannar/digitaliserer det som verkeleg er viktig, medan det framleis «pikkar liv» i meg...

  • Like 3
Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn
På 4.5.2021 den 13.47, Kristian Hunskaar (Arkivverket) skrev:

Skanning vil også frigjøre plass i statsarkivenes magasiner, fordi folkeregisterarkivene kan samles i et fjerndepot, ettersom det ikke er behov for å slå opp i papirmaterialet.

Kva gjer ein då dersom det i ettertid viser seg å vere feil ved - eller ufullstendig skanning?

Link to post
Share on other sites
Kristian Hunskaar (Arkivverket)
1 time siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Kva gjer ein då dersom det i ettertid viser seg å vere feil ved - eller ufullstendig skanning?

Fjerndepotet vil ha fast bemanning, så det vil være mulig å få gjort oppslag, så langt jeg kan forstå.

  • Like 1
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.