Jump to content
Arkivverket

Ole Olson, fødd i Aurland 1739, og dotteri Anna, f. i Luster 1766 - i Bergen frå kring 1768 - kvar vart det av dei?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg jobba med alt på midten av 1980-talet, men som eg aldri greidde å finna ut av.  Kan det vera enklare i dag?

 

Gardbrukar Peder Hansson på Øvrebø i Luster (1720-1803) var gift to gongar, første kona Anna Olsdotter (1720-1744) døydde kort etter dei vart vigde, men let etter seg ei dotter:

 

Kirsti Pedersdotter, døypt i Luster 26.6.1742 gifte seg i Luster 27.10.1766: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/168

med Ole Olson, frå Bakka i Aurland, døypt i Aurland 18.5.1739, då mellombels busett hjå ein bror på nabogarden Bollingberg.  Ole og Kirsti fekk ei dotter i Luster:

 

* Anna Olsdotter, rimelegvis oppkalla etter mor hennar, døypt i Luster 7.9.1766: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/71

 

So flytte Kirsti og Ole til Domkyrkjesokni i Bergen der endå ei dotter kom til verdi:

 

* Ingeborg Olsdotter, døypt i Domkyrkja 5.11.1769: https://media.digitalarkivet.no/view/8635/70

 

Men so døydde Kirsti i Bergen og vart gravlagd frå Domkyrkja 15.11.1769, og 18.7.1770 døydde ogso dotteri Ingeborg.

 

Kvar det sidan vart av Ole og dotteri Anna er ei kjempegåte!

 

Er det i det heile mogeleg å finna eit svar på denne utfordringi?

 

Kanskje gifte Ole seg att?  Kanskje kalla han opp første kona si?  Mor hans heitte Gro og kan òg ha vorte oppkalla?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.