Jump to content
Arkivverket

Sjur Olson Quam, fødd på Bakka i Aurland 1732, gift med Britha Olsdotter Bergum - budde ei kort tid i Luster - so gardbrukarar på Kvam i Aurland til 1780-talet - forsvinn sporlaust - kva vart det av dei?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Då eg tidleg på 1980-talet jobba med huslyden til Sjur Olson, greidde eg IKKJE å finna koblingi til Aurland.  Det har eg derimot greidd i dag (HURRA!) og eg er komen eit langt steg vidare!

 

Men no ser eg at Anders Ohnstad i ætteboki for Aurland har mista kontakten med dei, so dei flytte tydeleg frå Aurland att, utan at me veit var dei vart av.  Eldste dotteri, som var fødd i Luster, gifte seg i Bergen, men flytte snatt attende til Aurland.  Kan foreldri òg ha vore i Bergen?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Olson Quam, frå Bakka i Aurland, var son av gardbrukar Ole Hansson på Bakka, opphavleg frå

 

     ##### (kvar hadde Ole opphavet sitt ifrå? - f. 1691!?)

 

     og kona Gro Sjursdotter frå Bakka, vart døypt i Aurland 28.12.1732 og gifte seg i Aurland 18.10.1764 med Britha Olsdotter frå Bergum i Aurland.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Monsson på Bergum, opphavleg frå

 

     ##### (kvar hadde Ole opphavet sitt ifrå? – f. 1683!?)

 

     og tredje kona Ragnhild Aamundsdotter frå

 

     ##### (kvar hadde Ragnhild opphavet sitt ifrå? – f. 1695?)

 

     ##### (var ikkje mori heller Synneva Jacobsdotter frå Otternes? -

 

     og vart døypt i Aurland

 

     ##### (eller 31.10.1739?)

 

     1741.  Sjur fekk 12.3.1765 bygsel på heile Bollingberg hjå Sjur Wilkenson og flytte nok hit på same tidi.  Men han og Britha budde ikkje her lenger enn til våren 1768.

Sjur Olson og kona Britha flytte våren 1768 attende til Aurland og var i mange år gardbrukarar i Kvam i Aurland til dei på 1780-talet flytte

 

##### (seinare lagnad? – flytte på ny, men kvar? – kan henda til Bergen?)

 

##### (dødsfalli deira?)

 

Sjur og Britha fekk sju born i lag:

 

##### (sjekka om dei kanskje hadde fleire?)

 

a. Synneva Sjursdotter, døypt i Luster 27.5.1765, truleg identisk med ei Synneva Sjursdotter som 17.2.1799 gifte seg i Bergen med Hans Monsson frå Ramsøy i Aurland, son av gardbrukardotteri Bertha Marie, kjend som Maria Olsdotter (Wedscher) frå Fuhr (1737-1811).  Hans vart døypt i Aurland 24.3.1765.  Hans var soldat i Bergen, men han og Synneva flytte alt i 1800 attende til Aurland.  Der var dei mellom anna plassfolk på Bakka, men kring 1816 flytte dei til plassen Hausahalsen ved Refsnes i Lærdal der Synneva d. som husmannskone 30.3.1834.  Hans d. som husmann same staden 16.3.1839.  Dei fekk tre born i lag.

b. Gro Sjursdotter, døypt i Aurland 23.4.1768, vart gravlagd i Aurland 30.3.1770.

c. Ole Sjurson, døypt i Aurland 21.10.1770,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

d. Mari Sjursdotter, døypt i Aurland 20.3.1774,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

e. Ingeborg Sjursdotter, døypt i Aurland 7.4.1776,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

f. Britha Sjursdotter, døypt i Aurland 4.10.1778,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

g. Gro Sjursdotter, døypt i Aurland 20.10.1782,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar som mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #4:

 

No vart eg heilt mållaus!  Hjarteleg takk til Anne for fantastiske og imponerande innlegg!  Ingen tvil om at dette er «rette folki»!

 

Dette lyt eg studera litt meir i morgon, men eg ville i første omgongen uttrykka gleda mi!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Link to comment
Share on other sites

Eg er spent på din oppdaterte versjon av tråden, sidan det er Ramsøy-folk frå bruket

mitt involvert.

Far til Hans, Mons Andersen Ramsøy 1730-1801, møtte etter tradisjonen tre gonger i retten i

København for å få odel på bruket! 

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #7:

 

Hjarteleg takk til Asbjørn og Torbjørn for nye innlegg!

 

Eg vart nesten litt flau av å sjå dette emnet debattert for snart fire år sidan.  Dei opplysningane som kom fram den gongen, har eg etter litt leiting finne att.  Dei var rett og slett feilarkiverte hjå meg!  Og kven som i si tid oppdaga dette sambandet Aurland-Luster-Fjaler er eg i dag ikkje i stand til å seia 100%!  Eg seier meg lei for det som har skjedd, men hovudsaki er at huslyden er komen til rette, og dei kan på ny stå i fokus for nærare studium!

 

Det som derimot i alle fall er nytt av i år, er oppdagingi av bror hans Sjur Olson, Ole Olson, fødd 1739, som gifte seg med Kirsti Pedersdotter frå Øvrebø og budde ei kort tid i Luster før dei flytte til Bergen - for so endeleg å forsvinna...:  https://forum.arkivverket.no/topic/265536-ole-olson-fødd-i-aurland-1739-og-dotteri-anna-f-i-luster-1766-i-bergen-frå-kring-1768-kvar-vart-det-av-dei/

 

Eg har no oppdatert manuskriptet på ny, og det som synest heilt klart, er at fleire av desse borni etter Sjur og Britha på Helle berre «forsvinn».  Korleis er det mogeleg?  Kanskje ligg noko av forklaringi i namnet Sjur - som kan ha vorte endra til Sivert eller liknande, som gjer alle søk meir kompliserte...

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Olson Helle, frå Bakka i Aurland, var son av gardbrukar Ole Hansson på Bakka, opphavleg frå

 

     ##### (kvar hadde Ole opphavet sitt ifrå? - f. 1691!?)

 

     og kona Gro Sjursdotter frå Bakka, vart døypt i Aurland 28.12.1732 og gifte seg i Aurland 18.10.1764 med Britha Olsdotter frå Bergum i Aurland.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Monsson på Bergum, opphavleg frå

 

     ##### (kvar hadde Ole opphavet sitt ifrå? – f. 1683!?)

 

     og andre kona Synneva Jacobsdotter frå Otternes og vart døypt i Aurland 31.10.1739.  Sjur fekk 12.3.1765 bygsel på heile Bollingberg hjå Sjur Wilkenson og flytte nok hit på same tidi.  Men han og Britha budde ikkje her lenger enn til 1767.

Sjur Olson og kona Britha flytte 1767 attende til Aurland og var i mange år gardbrukarar i Kvam i Aurland til dei i 1785 vart gardbrukarar på Helle i Fjaler.  Derifrå vart Sjur gravlagd 14.5.1786, og 14.1.1787 gifte Britha seg att i Fjaler med Hans Hansson frå Årberg i Gaular.  Han var son av gardbrukar Hans Olson på Årberg, opphavleg frå

 

##### (kvar hadde Hans opphavet sittt ifrå?)

 

og kona Martha Olsdotter frå

 

##### (kvar hadde Martha opphavet sitt ifrå?)

 

og var f. i Gaular kring 1750.  Hans og Britha heldt fram som gardbrukarar på Helle i Fjaler, og derifrå vart Hans gravlagd 6.7.1817.  Britha d. som kårenkje på Helle 20.12.1824.   Britha fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet med Sjur Olson:

a. Synneva Sjursdotter, døypt i Luster 27.5.1765, truleg identisk med ei Synneva Sjursdotter som 17.2.1799 gifte seg i Bergen med Hans Monsson frå Ramsøy i Aurland, son av gardbrukardotteri Bertha Marie, kjend som Maria Olsdotter (Wedscher) frå Fuhr (1737-1811).  Hans vart døypt i Aurland 24.3.1765.  Hans var soldat i Bergen, men han og Synneva flytte alt i 1800 attende til Aurland.  Der var dei mellom anna plassfolk på Bakka, men kring 1816 flytte dei til plassen Hausahalsen ved Refsnes i Lærdal der Synneva d. som husmannskone 30.3.1834.  Hans d. som husmann same staden 16.3.1839.  Dei fekk tre born i lag, men Synneva hadde òg ein son frå før, som vart oppali hjå bestemori på Helle.

b. Gro Sjursdotter, døypt i Aurland 23.4.1768, vart gravlagd i Aurland 30.3.1770.

c. Ole Sjurson, døypt i Aurland 21.10.1770, d. som gardbrukar på Helle 25.9.1835.  Ole gifte seg i Fjaler 5.1.1802 med Orlaug Nilsdotter frå Bakkebø i Fjaler, døypt i Fjaler 4.12.1777.  Ho d. som kårkone på Helle 20.1.1845.  Ole og Orlaug tok over som gardbrukarar på Helle etter foreldri hans og fekk ni born i lag.

d. Mari Sjursdotter, døypt i Aurland 20.3.1774, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Mari gifte seg i Fjaler 30.12.1804 med Hans Sørenson frå Rivedal i Fjaler, døypt i Fjaler 15.11.1779.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1811!?)

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – ingen i Fjaler?)

 

e. Ingeborg Sjursdotter, døypt i Aurland 7.4.1776,

 

     ##### (lagnaden hennar? – n. Helle 1801 med mor si!)

 

f. Britha Sjursdotter, døypt i Aurland 4.10.1778,

 

     ##### (lagnaden hennar? - ?1801: 24 år gamal kone til sersjant Mads Nilsson Fusche på Loftet i Fjaler? - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058401000223

 

g. Gro Sjursdotter, døypt i Aurland 20.10.1782,

 

     ##### (lagnaden hennar? - ?1801: 17 år gamal temestejente hjå Henrik Nitter på Tysse i Fjaler? - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058401000348

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

f. Britha Sjursdotter, døypt i Aurland 4.10.1778,

 

 

 

     ##### (lagnaden hennar? - ?1801: 24 år gamal kone til sersjant Mads Nilsson Fusche på Loftet i Fjaler? - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058401000223

 

Mads Nilsson Fauske og Birte Katrine Sjursdtr. Stavestrand g. i Kinn i 1798. Dei var i slekt:

https://www.digitalarkivet.no/view/131/pc00000000184427

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000494482

 

Forlovarane var Henrik Nitter og Petter Falk. Øverst på høgre side:

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1798, Side 111
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610643

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Torbjørn for siste innlegget!

 

Funnet av vigsli til Mads Nilsson Fauske og namnet på kona hans synes for meg vera ein indikasjon på at ho var dotter til husmann Sjur Andersson under Stavestrand: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058405001947

 

So då kan me truleg sjå bort ifrå denne Bertha Sjursdotter som «alternativ» for Britha Sjursdotter frå Helle...

 

Elles har eg oppdaga eit skifte etter Hans Sørenson på Helle frå 1817, men enkja hans heitte Elisabeth Nilsdotter, so dette er kanskje ikkje den same Hans Sørenson som i 1804 gifte seg med Mari Sjursdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/24206/106

 

Elles er det påfallande kor mange av desse borni som berre «forsvinn».  Kan fleire av dei vera flytte attende til Aurland?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å komplettera denne biografien!

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.