Gå til innhold
Arkivverket

Christenca (1744), Susanna (1750) og Kari (1753) Andersdøttrer, søstrer frå Øvrebø i Luster - forsvinn - ei gift Sæbye i Vik og dei to andre - ytre Sogn eller Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein søskenflokk som eg har «plundra» med sidan 1980-talet!

 

Sjå dette skiftet frå Luster 1756: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000001051681

 

Eg greidde den gongen å finna spor etter Susanna i Vik, men Christence og Kari er framleis heilt uløyste utfordringar!

 

Her er manuskriptet mitt for heile denne huslyden, der me vil sjå at dei tre jentene var fullsøstrer fødde av same mor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Simonson Øvrebø, frå Lunden under Rønnei, var f. kring 1700 og vart gravlagd frå Øvrebø 2.2.1769.  Han gifte seg første gongen kring 1730 med Christenca Knutsdotter, dotter av føregåande brukar og herifrå garden.  Christenca var f. kring 1704, men vart gravlagd frå Øvrebø alt 4.4.1741.  Anders gifte seg so andre gongen 26.11.1741 med Gjertrud Ellefsdotter frå Yttrishaugen under Yttri.  Ho var f. kring 1716, men vart gravlagd frå Øvrebø 22.8.1756.  Tredje kona til Anders Simonson vart so 2.2.1757 Siri Christensdotter frå Gjellene under Rønnei.  Ho var f. kring 1725 og vart visstnok gravlagd som legdelem frå Lingjerde 12.9.1796.  Anders fekk 2.4.1734 bygsel på bruket hjå Metta, enkja etter Christen Lemvig, og han dreiv det like til 1761.  Kårbrevet hans vart dagsett 24.10.1761.  Anders Simonson fekk i alt tolv born, fire frå første ekteskapet, seks frå det andre og to frå det siste:

 1. Maria Andersdotter (1730-1740).

 2. Knut Andersson (1735-1741).

 3. Anders Andersson (1737-1801), vart husmann på Teigen under Dalsøyri.

 4. Ole Andersson (1740-1809), vart husmann i Hagen under Eikum indre i Hafslo.

 5. Christenca Andersdotter, døypt 20.12.1744, vart konfirmert i Luster i 1762.

Christenca Andersdotter må vera fari frå bygdi kort etter ho vart konfirmerte,

 

##### (lagnaden hennar? – ytre Sogn eller Bergen?)

 

 6. Ellef Andersson (1747-1747).

 7. Simon Andersson (1748-1749).

 8. Susanna Andersdotter, døypt 9.2.1750,

Susanna Andersdotter flytte kring 1780 til Vik i Sogn og gifte seg der kring 1786 med Christen Hansson Sæbye frå Sæbø i Vik.  Han var son av

 

##### (yrke? – gardbrukar?)

 

Hans Madsson Sæbye på Sæbø, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

og kona Maren Andersdotter Kierumgaard frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

og var f. der kring 1737. 

 

##### (dåpsdato?)

 

Då det i 1760 vart halde skifte etter Maren Kierumgaard, vart Christen omtala som svakeleg, og det ser ut til at han og Susanna vart buande som innerstfolk på Sæbø der dei båe d. kring 1810. 

 

##### (gravferdsdatoar?)

 

Christen og Susanna fekk ikkje born i lag, men Susanna hadde to born frå før:

a. Anders Berentson (1778-1780), son av Susanna og kapteinsonen Berent Christopher Thomasson von Krogh frå Vollen under Kvale (1755-1804), var f. og d. i Luster.

b. Anna Olsdotter, dotter av Susanna og

 

     ##### (kanskje tingboki kan seia kven far hennar var?)

 

     var f. i Vik kring 1784, og tente i 1811 i Ortneviki i Kvamsøy

 

     ##### (seinare lagnad?)

 

 9. Kirsti Andersdotter (1752-1752).

10. Kari Andersdotter, døypt 2.7.1753, levde framleis då mori fall ifrå i 1756.

Også Kari Andersdotter må vera fari frå bygdi i ung alder,

 

##### (lagnaden hennar? – ytre Sogn eller Bergen?)

 

11. Christen Andersson (1757-1758).

12. Gjert Andersson (1759-1795), vart gardbrukar i Dversdalen i Hafslo.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er fleire utfordringar i samband med huslyden til Susanna i Vik, som til dømes dødsfalli til ho og mann hennar, opphavi til svigerforeldri, inkl. Maren Kierumgaard (høyrest dansk ut!?) og ikkje minst lagnaden til dotteri Anna!?

 

Christence Andersdotter syner seg vera ein svært uvanleg namnekombinasjon på Vestlandet, og den einaste eg finn som kan minna om denne jenta frå Luster, er denne mori i Bergen:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009199877

https://media.digitalarkivet.no/view/8635/174

 

Men kvar vart det av ho?  Og kva med Kari?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for å komplettera soga om desse søstrene!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

???? - Her må vel presten ha skrevet feil navn? Det vil si Christence i stedet for Susanna?

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NH6T-LY6

Name: Christence
Event Type: Christening
Event Date: 9 Feb 1750
Event Place: Luster, Sogn og Fjordane, Norway
Event Place (Original): Luster, Sogn Og Fjordane, Norway
Sex: Female
Father's Name: Anders Simonsen Ofreboe
Mother's Name: Gertrud Eilevisdr
 

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Fødte og døpte 1750, Side 37
https://media.digitalarkivet.no/view/11589/37

 

Dåp 09.02.1750.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Anders Berentson (1778-1780), son av Susanna og kapteinsonen Berent Christopher Thomasson von Krogh frå Vollen under Kvale (1755-1804), var f. og d. i Luster.

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Fødte og døpte 1779, Side 93
https://media.digitalarkivet.no/view/11589/93

 

9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Anna Olsdotter, dotter av Susanna og

     ##### (kanskje tingboki kan seia kven far hennar var?)

     var f. i Vik kring 1784, og tente i 1811 i Ortneviki i Kvamsøy

Hvor har du funnet opplysningene om Anna? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Hans Madsson Sæbye på Sæbø, opphavleg frå

 

 

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Maren Andersdotter Kierumgaard frå

 

Jeg finner dem i ekteskapsbevillinger for Bergen stift i 1735:

https://www.digitalarkivet.no/view/131/pc00000000176610

Ekteskapsbevilling kan kanskje tyde på at de var i slekt? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #7:

 

Hjarteleg takk til Matthias og Grethe for spennande og interessante innlegg!

 

Med omsyn til Christenca Andersdotter på Espeland i Hyllestad, må det vera denne jenta som var fødd på Espeland i 1773: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHJZ-1LH

 

Elles kan me berre slå fast at presten i Luster på den tidi var glad i namnet Christenca...  Ikkje alt som prestane skriv, kan me stola på...

 

Når det gjeld kjelda for Anna Olsdotter og tenesteforholdet hennar i Ortnevik i 1811, vil eg syna til skiftet etter Christen Hansson Sæbye og kona Susanna Andersdotter avhalde på Sæbø i Vik i 1811: https://media.digitalarkivet.no/view/24174/257

Susanna etterlet: «een af hende udenfor Ægteskab avlet eneste Datter Anna Olsdatter 27 Aar gammel tiennende i Ortneviig i Qvamsøy Skibrede».

 

Det står òg i skiftet at Christen og Susdanna var avlidne «for nogen Tiid siden»

 

Eg har no søkt i den eminente basen over avlidne i Noreg 1800-1815, men eg finn IKKJE dødsfalli til Susanna eller Christen Sæbye i Vik!  Eg finn ikkje NOKON dødsfall i Vik mellom 1801 og 1814 - kvifor er dei ikkje medkomne??

 

Elles let det seg kanskje gjera finna noko meir om Anna Olsdotter?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.