Jump to content
Arkivverket

LØYST: Halvor Ingebrigt Torstenson «Gjerde» - fødd på Nordfjordeid i 1864 - utvandra til Amerika i 1883 og var framleis i live i 1916, men kvar vart det av han?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande sidan førre hundreåret, men som eg no vonar me kan få «eliminert»?

 

Eg tek med heile huslyden der Halvor inngår som yngste sonen:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no opopdatert ned eit nytt i Innlegg #12 under!

 

Kanskje er det nokon med lokalkunnskap i Eid som kan bidra med å fylla dei hòli som framleis står att med omsyn til foreldri hennar Pernille på Møklebust, attåt lagnaden til sonen i Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

4 hours ago, Lars E. Øyane said:

Halvor Ingebrigt Torstenson, f. i Eid 21.11.1864, utvandra til Amerika i 1883 under namnet Halvor Gjerde. 

 

Ikke så rart at han var vanskelig å finne når han brukte dette navnet: (Jeg tenker igjen på det som Gerhard Naeseth skrev om navnebruk)

 

image.png.a3e876fe165a8b2724d9e1c71a6ea117.png

image.png.978991e271da303f46cd90952bf2471a.png

 

 

Edited by Oddgeir Fossli
Link to comment
Share on other sites

FT 1900:

Name: Albert T Nash [Albert F Nash]
Age: 35
Birth Date: Nov 1864
Birthplace: Norway
Home in 1900: Township 143, Oliver, North Dakota
Sheet Number: 8
Number of Dwelling in Order of Visitation: 106
Family Number: 107
Race: White
Gender: Male
Immigration Year: 1883
Relation to Head of House: Head
Marital Status: Single
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Years in US: 16
Naturalization: Papers
Occupation: Farmer
Months Not Employed: 0
Can Read: Yes
Can Write: Yes
Can Speak English: Yes
House Owned or Rented: Own
Home Free or Mortgaged: F
Farm or House: F
Neighbors: View others on page
Household Members Age Relationship
Albert T Nash 35 Head
Peter C Olsen 64 Uncle
Lamulene Olsen 59 Aunt
Emilia Olsen 24 Cousin
Albert Olsen 15 Cousin
Link to comment
Share on other sites

FT1920:

Name: Albert T Nash [Albert T Wash]
Age: 56
Birth Year: abt 1864
Birthplace: Norway
Home in 1920: Pleasant Valley, Oliver, North Dakota
House Number: Farm
Residence Date: 1920
Race: White
Gender: Male
Relation to Head of House: Head
Marital Status: Married
Spouse's Name: Lizzie C Nash
Native Tongue: Norway
Able to Speak English: Yes
Occupation: Farmer
Industry: General Farm
Home Owned or Rented: Owned
Home Free or Mortgaged: Mortgaged
Naturalization Status: Alien
Able to read: Yes
Able to Write: Yes
Neighbors: View others on page
Household Members Age Relationship
Albert T Nash 56 Head
Lizzie C Nash 47 Wife
Myrtle A Nash 5 Daughter
Samueline Micklebost 79 Mother-in-law
Albert Micklebost 40 Brother-in-law
William T Ruppel 25 Laborer
Link to comment
Share on other sites

FT 1920:

Name: Albert Nash
Birth Year: abt 1865
Gender: Male
Race: White
Age in 1930: 65
Birthplace: Norway
Marital Status: Married
Relation to Head of House: Head
Home in 1930: Township 143, Oliver, North Dakota, USA
Map of Home: Township 143, Oliver, North Dakota
Dwelling Number: 3
Family Number: 3
Home Owned or Rented: Rented
Radio Set: No
Lives on Farm: Yes
Age at First Marriage: 44
Attended School: No
Able to Read and Write: Yes
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Language Spoken: Norwegian
Immigration Year: 1882
Naturalization: Alien
Able to Speak English: Yes
Occupation: Farmer
Industry: general farm
Class of Worker: Working on own account
Employment: Yes
Household Members Age Relationship
Albert Nash 65 Head
Lizzie Nash 56 Wife
Myrtle Nash 15 Daughter
Albert Mikelbost 42 Brother-in-law
Edited by Oddgeir Fossli
Link to comment
Share on other sites

Dette er vel bekreftelsen på at dette er riktig person.

 

Albert Thompson Nash

in the U.S., Social Security Applications and Claims Index, 1936-2007

 

Name: Albert Thompson Nash
Gender: Male
Race: White
Birth Date: 21 Nov 1864
Birth Place: Norway
Father: Thorsten Overbo
Mother: Parnellia Mikelbush
SSN: 501145899
Notes: Jul 1941: Name listed as ALBERT THOMPSON NASH
Edited by Oddgeir Fossli
Link to comment
Share on other sites

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/8713043/person/432111387449/facts?_phsrc=PzO354&_phstart=successSource

 

When Albert Thompson Nash was born on November 21, 1864, in Nordfjordeid, Sogn og Fjordane, Norway, his father, Torsten, was 42 and his mother, Pernille, was 32. He married Lizzie Christine Miklebost on January 19, 1909, in Prince Albert, Saskatchewan, Canada. They had one child during their marriage. He died on November 17, 1948, in Yakima, Washington, at the age of 83, and was buried in Mabton, Washington.

 

 

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #12:

 

Ein kjempetakk til Oddgeir for mange imponerande og spennande innlegg!

 

Det var litt av ei namneendring, men eg ser forklaringi:  Halvor Ingebrigt vart nok delvis oppkalla etter farbroren Ingebrigt Halvorson som ei tid var gardbrukar på Nes i Luster til han i 1848 utvandra til Wisconsin.  Denne farbroren tok i Amerika namnet Albert Nash og var ein «prominent» pionérfarmar i Sterling township, Vernon Co., Wis. (den første settlaren der i 1851!) til han verva seg som soldat i borgarkrigen.  Han miste livet ved kampane i Corinth, MS 24.6.1862...

 

Takka vera desse opplysningane og nokre som eg har grave fram på eige hand, har eg no sett opp følgjande reviderte manuskript for denne huslyden, til erstatning for manuskriptet i Innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Torsten Halvorson {Øvrebø}, f. {i Luster} 6.12.1821,

Torsten Øvrebø flytte i 1850 til Nordfjord, og 24.6.1855 gifte han seg i Eid med Pernille Karoline Olsdotter frå Møklebust i Eid.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Pederson på Møklebust og kona Anna Christine Christophersdotter frå Nygard og f. i Eid 15.9.1832.  Torsten var ei tid jekteskipper, men vart sidan fiskar og dagarbeidar.  Parfolket budde ei tid på Osnes i Eid, men vart sidan strandsitjarar under Gjerde i Eid der Torsten d. 10.11.1908.  Pernille flytte som enkje til dotteri Anna på Åberge i Sogndal der ho d. 18.12.1916.  Dei fekk fire born i lag:

a. Ingeborg Nikoline Marie Torstensdotter, f. i Eid 16.3.1856, d. i Eid 27.9.1861.

b. Anna Christine Torstensdotter, f. i Eid 30.3.1858, d. på Åberge i Sogndal 11.8.1932.  Anna gifte seg første gongen i Eid 20.4.1883 med Oliver Larsson Indrebø, f. på Indrebø i Førde 8.6.1853.  Oliver Indrebø var furer i forsvaret, og han og Anna busette seg på Indrebø i Førde der Oliver d. 14.7.1887.  Anna gifte seg 11.5.1892 att i Eid med enkjemannen Nils Andersson Vangestad, f. i Sogndal 26.1.1859.  Han d. på Åberge i Sogndal 5.12.1952.  Ogso Nils var furer i forsvaret, men var òg skreddar, og han og Anna var gardbrukarar på Åberge i Sogndal.  Anna fekk i alt fire born, tre frå første ekteskapet og eitt frå det siste.  Mellom borni hennar var ordførar Adolf Indrebø i Oslo.

c. Hans Olai Torstenson, f. i Eid 29.5.1860, d. i Eid 22.6.1860.

d. Halvor Ingebrigt Torstenson, sidan kjend som Albert Thompson Nash, f. i Eid 21.11.1864, utvandra til Amerika i 1883 og slo seg før hundreårsskiftet ned som farmar i Pleasant Valley township, Oliver Co., N.D.  Han gifte seg i Prince Albert, Sask. 19.1.1909 med søskenbarnet Elizabeth Christine, kjend som Lizzie Mikelbust, f. i Freeborn Co., Minn. 19.11.1873.  Dei heldt fram som farmarar i Pleasant Valley township, Oliver Co., N.D. til dei kring 1936 flytte inn hjå dotter deira på ein farm i McKenzie township, Burleigh Co., N.D. der Lizzie d. 4.1.1938.  Albert Nash flytte sidan med dotteri vidare til Mabton, Yakima Co., Wash. og d. i Yakima, Wash. 17.11.1948.  Dei fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Då er dette manuskriptet med andre ord heilt komplett, og eg er kjempenøgd!

Link to comment
Share on other sites

  • Lars E. Øyane changed the title to LØYST: Halvor Ingebrigt Torstenson «Gjerde» - fødd på Nordfjordeid i 1864 - utvandra til Amerika i 1883 og var framleis i live i 1916, men kvar vart det av han?

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.