Gå til innhold
Arkivverket

Nils Paulsen frå Odland i Fana - fødd 1832 - reiste frå kona si på 1860-talet og forsvinn - kvar vart han av? - kvar vart det av svigersonen Ole Haugen i Amerika og sonen Knut Olai Olsen i Skien?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg har hatt liggjande på teiknebrettet mitt sidan førre hundreåret, men som eg aldri har greidd å løysa.  Her er det fleire personar som berre «forsvinn» - ein til Amerika, ein til Skien og vidare, og ein me ikkje veit kvar det vart av!  Kanskje tidi no er kommi?

Slik ser det oppdaterte manuskriptet mitt ut pr. i dag:

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter ny spennande bidrag er dette innlegget no erstatta av eit nytt i Innlegg #5 under!

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Nils Paulson frå Odland i Fana, i Bergen kjend som Nils Paulsen.  Han var son av innerst

##### (var dette det «endelege» yrket hans?)

Paul Andersson på Odland, opphavleg frå

##### (kvar fødd/oppvaksen?)

##### (kvar fødd/oppvaksi?)

og f. i Fana 20.12.1832. 

Hordaland fylke, Fana, Birkeland i Fana, Ministerialbok nr. A 8 (1829-1851), Fødte og døpte 1833, Side 25
https://media.digitalarkivet.no/view/8268/30

Du nevner vel ikke moren til Nils, hun heter Sicilia Nielsdatter. Hun døde som enke i 1866:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001752902

Hordaland fylke, Fana, Birkeland i Fana, Ministerialbok nr. A 12 (1862-1878), Døde og begravede 1866, Side 202
https://media.digitalarkivet.no/view/6988/193

Nr. 6

Hordaland fylke, Fana, Birkeland i Fana, Ministerialbok nr. A 8 (1829-1851), Viede 1829, Side 203
https://media.digitalarkivet.no/view/8268/220

Paul Andersen, 1805

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005571774

Cecilia (Cidsel) med foreldrene på Stigen i Fana f.t. 1801:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058383001157

Nr. 5 - høyre side:

Hordaland fylke, Fana, Birkeland i Fana, Ministerialbok nr. A 7 (1816-1828), Konfirmerte 1816, Side 232
https://media.digitalarkivet.no/view/8801/142

Nr. 9 - venstre side:

Hordaland fylke, Fana, Birkeland i Fana, Ministerialbok nr. A 7 (1816-1828), Konfirmerte 1821, Side 249
https://media.digitalarkivet.no/view/8801/159

Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Knut Olai Knutson Olsen, son av Bertha og smedsvein Knut Olsen, var f. i Bergen 16.12.1865 og d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

     Knut Olsen gifte seg første gongen i Skien 16.12.1890 med Kaja Laurine Johnsdotter Halvorsen.  Ho var f. i Skien 28.1.1870, men d. på Skotland i Skien alt 10.12.1902.  Knut gifte seg so att i Skien 27.11.1903 med Gurine Helene Larsdotter frå Skjelbred i Solum, Telemark, i Skien kjend som Gurine Larsen, f. i Solum 3.9.1853.  Ho d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

     Knut Olsen var snikkarmeister.  Han og første kona Kaja budde ei tid i Bergen, men flytte midt i 1890-åri attende til Skien.  Knut og Gurine

     ##### (seinare lagnad?)

I 1910 finner jeg Helene Gurine Olsen som enke i Skien:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036515003035

Nr. 61 - Knut Olsen:

Telemark fylke, Skien i Skien, Ministerialbok nr. 11 (1900-1907), Døde og begravede 1906, Side 376
https://media.digitalarkivet.no/view/1482/354

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

Hjarteleg takk til Grethe og Anton for interessante og nyttige innlegg!

Eg ser eg hadde «hoppa over» mor hans Nils Paulson i manuskriptet i Innlegg #1, men no er ho med!  Eg har no komplettert manuskriptet med dei nye opplysningane, men har lite vetta vanskar med å finna ut kvar Paul Andersson og Cecilia Nilsdotter eigentleg budde, innerst her og paktar der etc.  Og eg finn ikkje konfirmantar for Fana for slutten av 1840-talet, då Nils skulle ha vore konfirmert!  Men bygdeboki for Fana skulle vel ha svar på det...?

Knut Olsen døydde altso i Skien, so er den opplysningi kommi «på plass».  Då finn me kanskje dødsfallet til enkja hans òg?

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i Innlegg #1:

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #7 under!

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera desse biografiane!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Utvandret i 1887 er Kari og Ingeborg Herfindal

https://www.digitalarkivet.no/en/view/8/pe00000000677737

Ankomst 

Kari Herfindal

 in the Canada, Arriving Passengers Lists, 1865-1935

Name:Kari Herfindal

Gender:Male

Arrival Age:75

Birth Year:abt 1812

Departure Port:Liverpool, England

Arrival Date:11 Apr 1887

Arrival Port:Halifax, Nova Scotia, Canada and Boston, Massachusetts, USA

Vessel:Siberian

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc=uYW7&_phstart=successSource&usePUBJs=true&indiv=1&dbid=1263&gsln=her*&gsfn_x=1&gsln_x=1&msady=1887&msady_x=1&_F10CBFD6=siberian&_F10CBFD6_x=1&new=1&rank=1&uidh=bz3&redir=false&gss=angs-d&pcat=40&fh=0&h=3691528&recoff=&ml_rpos=1&queryId=c2e16f57c7f50155de792233b2e25d79

En god date, men ingen gode kandidater som heter Ole på skipet Siberian. Bare Ole

Ole Hammera

 in the Canada, Arriving Passengers Lists, 1865-1935

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc=uYW16&_phstart=successSource&usePUBJs=true&indiv=1&dbid=1263&gsfn=ole&gsfn_x=1&gsln_x=1&msady=1887&msady_x=1&msadm=4&msadm_x=1&msadd=11&msadd_x=1&_F10CBFD6=siberian&_F10CBFD6_x=1&new=1&rank=1&uidh=bz3&redir=false&gss=angs-d&pcat=40&fh=12&h=3691480&recoff=&ml_rpos=13&queryId=4249009fdf84bed5c44a9b6e72101317

Heller ingen destinasjon, så veldig lite hjelp>

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #7:

Hjarteleg takk til Anton for siste innlegget.  Det skal tydeleg ikkje vera so enkelt å finna ut kvar denne «rømlingen» gjorde av seg i Amerika...

Men gjennom eit anna tema har eg finne lagnaden til sonen Olaf Haugen, og her følgjer ein oppdatering av manuskriptet frå Innlegg #5:

~~~~~~~~~~~~~~~

Bertha Larsdotter {Øvrebø}, f. {i Luster} 19.7.1825.

Bertha Larsdotter flytte i ung alder til Bergen og gifte seg på Laksevåg 13.3.1860 med Nils Paulson frå Odland i Fana, i Bergen kjend som Nils Paulsen.  Han var son av innerst

##### (var dette det «endelege» yrket hans? – var 1836 paktar på Liland!)

Paul Andersson på

##### (sjekka endeleg bustad? – kva seier bygdeboki for Fana? – foreldri til Paul var gardbrukarar på Odland!)

opphavleg frå Odland, og kona Cecilia Nilsdotter frå Stigen og f. i Fana 20.12.1832.  Nils Paulsen var den gongen tømmersvein, og parfolket budde på Damsgård på Laksevåg, men flytte snart til Årstad.  Kring 1863 flytte Bertha og Nils frå hinannan, og Bertha Paulsen dreiv ei tid kafé i Stokkebæksmuget og sidan pensjonat i Pundersmuget, men budde til sist i Kj. Frimannsgate i Bergen der ho d. 9.6.1899.  Nils Paulsen skal ha vorte verksarbeidar,

##### (seinare lagnad?)

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

Bertha fekk to born, eitt i ekteskapet og eitt etter ho vart åleine:

a. Berntine Nilsdotter Paulsen (1860-1950), vart gift med gardbrukarsonen Ole Olson frå Haugen (1859-    ) (s.d.).

b. Knut Olai Knutson Olsen, son av Bertha og smedsvein Knut Olsen, var f. i Bergen 16.12.1865 og d. som snikkarmeistar i Skien 10.12.1906.  Knut Olsen gifte seg første gongen i Skien 16.12.1890 med Kaja Laurine Johnsdotter Halvorsen.  Ho var f. i Skien 28.1.1870, men d. på Skotland i Skien alt 10.12.1902.  Knut gifte seg so att i Skien 27.11.1903 med Gurine Helene Larsdotter frå Skjelbred i Solum, Telemark, i Skien kjend som Gurine Larsen, f. i Solum 3.9.1853.  Ho d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910!)

     Knut Olsen var snikkarmeister.  Han og første kona Kaja budde ei tid i Bergen, men flytte midt i 1890-åri attende til Skien der dei budde levetidi levetidi ut.  Me kjenner til ei dotter etter Knut, som var frå første ekteskapet.

~~~~~~~~~~~~~~~

Ole Olson {Haugen}, f. {i Luster} 21.12.1859,

Ole O. Haugen flytte i ung alder til Bergen der han 27.11.1881 gifte seg med Berntine Nilsdotter Paulsen, ei dotter av husmannsdotteri Bertha Larsdotter frå Grandane under Øvrebø (1825-1899).  Berntine var f. i Årstad ved Bergen 8.9.1860.  Ole Haugen var først handelsbetjent og sidan verksarbeidar i Bergen, men i 1887 utvandra han åleine til Amerika. 

##### (lagnaden hans i Amerika?)

##### (dødsfallet hans?)

Berntine vart buande i Bergen, der ho for det meste livnærte seg som fabrikkarbeidar.  Berntine Haugen d. i Bergen 11.11.1950.  Ho og Ole fekk to born i lag:

a. Olaf Olson Haugen, f. i Bergen 26.7.1882, d. i Bergen 5.8.1938.  Olaf Haugen var målar og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

b. Bertha Olsdotter Haugen, f. i Bergen 5.1.1884, d. i Bergen 9.11.1968.  Ho gifte seg i Bergen 24.3.1907 med Johan Fredrik Reinhard Martens Johanson Gundersen, f. i Bergen 1.3.1873.  Han d. i Bergen 20.2.1945.  Johan Gundersen var paraplymakarmeister, og han og Bertha dreiv paraplyforretning i Bergen.  Dei fekk ikkje born i lag.

~~~~~~~~~~~~~~~

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 hour ago, Lars E. Øyane said:

En vanskelig sak. Trenger en fylke å søke i.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 10.2.2021 den 19.25, Lars E. Øyane skrev:

budde til sist i Kj. Frimannsgate i Bergen der ho d. 9.6.1899.  Nils Paulsen skal ha vorte verksarbeidar,

##### (seinare lagnad?)

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

Har du vurdert denne? Nils Paulsen Odland, død 19.11.1898 i Trondheim:  https://www.digitalarkivet.no/kb20060126010729

Antagelig samme person i Trondheim i 1875:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052359020706

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #10:

Hjerteleg takk til Anton og Lars W. for siste innleggi.  Særleg vart eg imponert over det siste med oppdagingi av lagnaden til Nils Paulsen Odland!  Ingen tvil om at du har finne rett person, Lars W!

Med omsyn til fylke og søk i Amerika må eg først av alt få lov til å «arrestera» deg, Anton, i bruken av fylke.  Fylke er eit norsk fenomen, ei administrativ inndeling av nasjonen Noreg.  Tilsvarande fylke i Noreg har me amt i Danmark, län i Sverige, Bundesland i Tyskland og Austerrike, département i Frankrike, province i Belgia og Canada, kanton i Sveits, County i England, Skotland og Irland og STATE i USA.  Eg veit at mange nyttar fylke for County ogso i USA, til og med Wikipedia, men administrativt vert dette etter mitt syn heilt feil - ogso når me ser på dei funksjonane som dei ulike etatane har.  Eg trur opphavet til denne ordbruken ligg i den engelske oppdelingi der Oxfordshire, Lancashire og andre «-shires» vert kalla Counties, og so har «ein eller annan influencer» overført dette til USA på «sin måte»...  Men dette emnet har vore drøfta her i Brukarforum før...  For å vera mest mogeleg «nøytral» bør me vel nytta dei nasjonale eller lokale begrepi og ikkje «dra alle over same kam».  Til dømes er det naturleg å nytta «parish» i Louisiana og «precinct» i staden for township i t.d. Nebraska og Washington state - tilsvarande «grendelag» eller «sokn» i Noreg...

Elles, hadde me berre visst kvar me skulle leita etter Ole Olson Haugen i Amerika, ville det vore so mykje enklare!  Det er mange vis å skriva/omsetja Haugen på i Amerika, som t.d. Hogan, Hagen og Hill, for ikkje å gløyma Olson!  Eg forska nylig på ein familie OLSON frå Luster som i Amerika endra namnet sitt, først til OLESON og sidan til OLSTON!  Slå den!  Nok med at ein Ole Olson frå Nordfjord i Amerika gjekk under namnet William Williams!  Men nettopp slike forhold gjer forskingi vår til slik ei utfordring!

Attende til den nærverande huslyden, sit me i dag att med følgjande «hovudutfordringar»:

** Kan bygdeboki frå Fana t.d. under garden Odland (Ådland) gje oss ei forklaring på bakgrunnen til Nils Paulson - kvar foreldri hans budde?

** Er det mogleg å finna lagnaden til Gurine Olsen, f. Larsen, i Skien - død etter 1910?

** Og endeleg lagnaden til Ole Olson Haugen i Amerika...?

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

~~~~~~~~~~~~~~~

Bertha Larsdotter {Øvrebø}, f. {i Luster} 19.7.1825.

Bertha Larsdotter flytte i ung alder til Bergen og gifte seg på Laksevåg 13.3.1860 med Nils Paulson frå Odland i Fana, i Bergen kjend som Nils Paulsen.  Han var son av innerst

##### (var dette det «endelege» yrket hans? – var 1836 paktar på Liland!)

Paul Andersson på

##### (sjekka endeleg bustad? – kva seier bygdeboki for Fana? – foreldri til Paul var gardbrukarar på Odland!)

opphavleg frå Odland, og kona Cecilia Nilsdotter frå Stigen og f. i Fana 20.12.1832.  Nils Paulsen var den gongen tømmersvein, og parfolket budde på Damsgård på Laksevåg, men flytte snart til Årstad.  Kring 1863 flytte Bertha og Nils frå hinannan, og Bertha Paulsen dreiv ei tid kafé i Stokkebæksmuget og sidan pensjonat i Pundersmuget, men budde til sist i Kj. Frimannsgate i Bergen der ho d. 9.6.1899.  Nils Paulsen vart sidan jarnstøypar og verksarbeidar og flytte kring 1870 til Trondheim der han d. på sjukehuset 19.11.1898.  Bertha fekk to born, eitt i ekteskapet og eitt etter ho vart åleine:

a. Berntine Nilsdotter Paulsen (1860-1950), vart gift med gardbrukarsonen Ole Olson frå Haugen (1859-    ) (s.d.).

b. Knut Olai Knutson Olsen, son av Bertha og smedsvein Knut Olsen, var f. i Bergen 16.12.1865 og d. som snikkarmeistar i Skien 10.12.1906.  Knut Olsen gifte seg første gongen i Skien 16.12.1890 med Kaja Laurine Johnsdotter Halvorsen.  Ho var f. i Skien 28.1.1870, men d. på Skotland i Skien alt 10.12.1902.  Knut gifte seg so att i Skien 27.11.1903 med Gurine Helene Larsdotter frå Skjelbred i Solum, Telemark, i Skien kjend som Gurine Larsen, f. i Solum 3.9.1853.  Ho d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910!)

     Knut Olsen var snikkarmeister.  Han og første kona Kaja budde ei tid i Bergen, men flytte midt i 1890-åri attende til Skien der dei budde levetidi levetidi ut.  Me kjenner til ei dotter etter Knut, som var frå første ekteskapet.

~~~~~~~~~~~~~~~

Ole Olson {Haugen}, f. {i Luster} 21.12.1859,

Ole O. Haugen flytte i ung alder til Bergen der han 27.11.1881 gifte seg med Berntine Nilsdotter Paulsen, ei dotter av husmannsdotteri Bertha Larsdotter frå Grandane under Øvrebø (1825-1899).  Berntine var f. i Årstad ved Bergen 8.9.1860.  Ole Haugen var først handelsbetjent og sidan verksarbeidar i Bergen, men i 1887 utvandra han åleine til Amerika. 

##### (lagnaden hans i Amerika?)

##### (dødsfallet hans?)

Berntine vart buande i Bergen, der ho for det meste livnærte seg som fabrikkarbeidar.  Berntine Haugen d. i Bergen 11.11.1950.  Ho og Ole fekk to born i lag:

a. Olaf Olson Haugen, f. i Bergen 26.7.1882, d. i Bergen 5.8.1938.  Olaf Haugen var målar og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

b. Bertha Olsdotter Haugen, f. i Bergen 5.1.1884, d. i Bergen 9.11.1968.  Ho gifte seg i Bergen 24.3.1907 med Johan Fredrik Reinhard Martens Johanson Gundersen, f. i Bergen 1.3.1873.  Han d. i Bergen 20.2.1945.  Johan Gundersen var paraplymakarmeister, og han og Bertha dreiv paraplyforretning i Bergen.  Dei fekk ikkje born i lag.

~~~~~~~~~~~~~~~

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera desse biografiane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Gurine Helene Larsdotter frå Skjelbred i Solum, Telemark, i Skien kjend som Gurine Larsen, f. i Solum 3.9.1853.  Ho d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910!)

Hun døde 25. juni 1925 https://media.digitalarkivet.no/view/3989/335

Brukslenke for sidevisning https://www.digitalarkivet.no/kb20060531090335

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Kan bygdeboki frå Fana t.d. under garden Odland (Ådland) gje oss ei forklaring på bakgrunnen til Nils Paulson - kvar foreldri hans budde?

Bygdeboka gir lite informasjon om andre enn de som ble boende. Paul er såvidt nevnt under faren, Anders Nilsen Ådland, uten at det gis mer informasjon.

bilde.png.5aa37bf8f5bf12db3fea323f389529ba.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #13:

Hjerteleg takk til Lars J. for nye spennande innlegg!

Eg må seia eg er vonbròten over at bygdeboki for Fana ikkje inneheld fleire opplysningar om Paul Andersson.  Ikkje heller kan eg finna dødsfallet hans, og konfirmantar synest òg å mangla før 1849!

Eg ser at enkja hans, Cecilia Nilsdotter, i 1865 var losjerande på Frotveit i Fana.  Kona på garden, Kari Paulsdotter, var dotter hennar...  - fødsli hennar: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000040682763

Har bygdeboki for Frotveit noko om kvar denne Kari kom ifrå - dvs. bustaden til foreldri hennar?

Yngste dotteri til Paul og Cecilia synest vera Anna - fødd som paktarbarn på Liland og einaste konfirmanten eg finn i 1849 som husmannsbarn på Skage øvre: https://media.digitalarkivet.no/view/1900/14

Har bygdeboki omtale av husmannsplassar under denne garden?

Elles er eg svært glad for at dødsfallet hennar Gurine er komme til rette, ei utfordring mindre!

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Har bygdeboki for Frotveit noko om kvar denne Kari kom ifrå - dvs. bustaden til foreldri hennar?

Hun står med gårdsnavn Ådland, men dåpen viser at hun var født på Nore Hjellestad.  Legger merke til at tanten til Kari, altså søster til Paul, var gift med faren til mannen til Kari, Mons Larsen Frotveit. Kari og Mons flyttet til Laksevåg.

bilde.thumb.png.c646ee7b14725def5b3b1639778bfedb.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #15:

Hjarteleg takk til Lars J. for innlegget som nettopp «tikka inn»!

Det er vel mogeleg at Mons og Kari òg flytte til Årstad, som den gongen var delvis felles med Laksevåg - grensa gjekk vel mellom Solheimsviken og Damsgård...

Elles har eg sett lite vetta på FT1865 for Skage øvre i Fana, og under dei to bruki som var der på den tidi, var det berre ein husmannsplass der Simon Hansson budde: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1249&kenr=009&bnr=0049

Kanskje det var der Paul og Cecilia budde?  Bygdeboki må vel ha noko om dette?

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Kanskje det var der Paul og Cecilia budde?  Bygdeboki må vel ha noko om dette?

Bygdeboka nevner bare en husmannsplass på Skage, og Paul eller Cecilia er ikke nevnt der. Men Paul Andersen Skage er fadder i 1849, så de har nok bodd der også. https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000736307

Cecilie døde i 1866, da er hun enke etter Paul Andersen Aadland https://media.digitalarkivet.no/view/8808/96

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #17:

Hjerteleg takk til Lars J. for eit lovande innlegg!

Eg trur ikkje me kjem noko nærare ein bustad for denne huslyden.  Det er forresten merkeleg at dødsfallet til Paul ikkje finst i kyrkjebøkene i Fana.  Men kan du fortelja meg kva denne husmannsplassen under Skage øvre heitte?  Og budde det nokon andre der på den tidi?  Eg trur Simon Hansson må ha flytt inn noko seinare...

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #19:

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget med opplysningane om Gommershaugen.  Det kan vel ikkje vera so mykje tvil om at det var der Paul og Cecilia budde.  Soleisn er første del av biografoen her komplett, og me manglar berre:

** Lagnaden til Ole Olson Haugen i Amerika!?

Her følgjer det oppdaterte manuskriptet:

~~~~~~~~~~~~~

Bertha Larsdotter {Øvrebø}, f. {i Luster} 19.7.1825.

Bertha Larsdotter flytte i ung alder til Bergen og gifte seg på Laksevåg 13.3.1860 med Nils Paulson frå Skage i Fana, i Bergen kjend som Nils Paulsen.  Han var son av husmann Paul Andersson på Gommershaugen under Skage, opphavleg frå Ådland, og kona Cecilia Nilsdotter frå Stigen og f. i Fana 20.12.1832.  Nils Paulsen var den gongen tømmersvein, og parfolket budde på Damsgård på Laksevåg, men flytte snart til Årstad.  Kring 1863 flytte Bertha og Nils frå hinannan, og Bertha Paulsen dreiv ei tid kafé i Stokkebæksmuget og sidan pensjonat i Pundersmuget, men budde til sist i Kj. Frimannsgate i Bergen der ho d. 9.6.1899.  Nils Paulsen vart sidan jarnstøypar og verksarbeidar og flytte kring 1870 til Trondheim der han d. på sjukehuset 19.11.1898.  Bertha fekk to born, eitt i ekteskapet og eitt etter ho vart åleine:

a. Berntine Nilsdotter Paulsen (1860-1950), vart gift med gardbrukarsonen Ole Olson frå Haugen (1859-    ) (s.d.).

b. Knut Olai Knutson Olsen, son av Bertha og smedsvein Knut Olsen, var f. i Bergen 16.12.1865 og d. som snikkarmeistar i Skien 10.12.1906.  Knut Olsen gifte seg første gongen i Skien 16.12.1890 med Kaja Laurine Johnsdotter Halvorsen.  Ho var f. i Skien 28.1.1870, men d. på Skotland i Skien alt 10.12.1902.  Knut gifte seg so att i Skien 27.11.1903 med Gurine Helene Larsdotter frå Skjelbred i Solum, Telemark, i Skien kjend som Gurine Larsen, f. i Solum 3.9.1853.  Ho d. som snikkarenkje i Skien 25.6.1925.  Knut Olsen var snikkarmeister.  Han og første kona Kaja budde ei tid i Bergen, men flytte midt i 1890-åri attende til Skien der dei budde levetidi levetidi ut.  Me kjenner til ei dotter etter Knut, som var frå første ekteskapet.

~~~~~~~~~~~~~

Ole Olson {Haugen}, f. {i Luster} 21.12.1859,

Ole O. Haugen flytte i ung alder til Bergen der han 27.11.1881 gifte seg med Berntine Nilsdotter Paulsen, ei dotter av husmannsdotteri Bertha Larsdotter frå Grandane under Øvrebø (1825-1899).  Berntine var f. i Årstad ved Bergen 8.9.1860.  Ole Haugen var først handelsbetjent og sidan verksarbeidar i Bergen, men i 1887 utvandra han åleine til Amerika. 

##### (lagnaden hans i Amerika?)

##### (dødsfallet hans?)

Berntine vart buande i Bergen, der ho for det meste livnærte seg som fabrikkarbeidar.  Berntine Haugen d. i Bergen 11.11.1950.  Ho og Ole fekk to born i lag:

a. Olaf Olson Haugen, f. i Bergen 26.7.1882, d. i Bergen 5.8.1938.  Olaf Haugen var målar og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

b. Bertha Olsdotter Haugen, f. i Bergen 5.1.1884, d. i Bergen 9.11.1968.  Ho gifte seg i Bergen 24.3.1907 med Johan Fredrik Reinhard Martens Johanson Gundersen, f. i Bergen 1.3.1873.  Han d. i Bergen 20.2.1945.  Johan Gundersen var paraplymakarmeister, og han og Bertha dreiv paraplyforretning i Bergen.  Dei fekk ikkje born i lag.

~~~~~~~~~~~~~

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har ikke lest all informasjonen som har kommet om Paul Andersen og cesila, har funnet noe så får du se om det er til nytte.

Anders født 1830 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000039919209

Kari født 1831 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000039919521

Nils født 1832 https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000040683126

Finner en Anders død 1832, men når en ser i scannet kirkebok står det 1830 (men føringene før er 1832?) 1/4 år gammel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #22:

Hjarteleg takk til Harald for dei siste innleggi!

Eg trur me etter kvart har greidd å løysa problemstillingane kring opphavet til Nils Paulson frå Fana.  Han var nok husmannsson frå Gommershaugen under Skage, og om eg ikkje hugsar heilt feil, var det på dette gartneriet attmed flyplassvegen at eg i unge år reiste for å handla ferske nylagde egg!

Elles har eg tenkt meir på Ole Olson Haugen, fødd i Luster 1859, som forsvinn for oss i Amerika.  Eg ser han hadde to morbrør som utvandra til Minnesota, Peter Olson Haugen (1832-1910) til Otter tail Co., MN og Andrew Olson Haugen (1836-1915) til Fillmore Co., MN.  Dessutan reiste ei moster Torborg Haugen (1826-1907) til Fillmore Co., MN der ho gifte seg med Torger Olson Sandvik (1836-1915)!  Kan Ole Olson Haugen ha reist til ein av desse stadane?  På farssida hadde Ole slekt i Vernon Co., WI og likeins i Fillmore Co., MN!

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.