Jump to content
Arkivverket

LØYST: James Garfield Chapin (1872-1942) gift med Myrtle E. Dundon, f. Lee - vigde i Oregon 1939 - Kven var Myrtle og kvar vart ho av?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Eg syner til denne vigsli som fann stad i Vancouver, Clark Co., WA 10.4.1939: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-996P-DH74

 

Brudgomen James Garfield CHAPIN var fødd i Grand Forks Co., ND 30.3.1882 og døydde i Portland, OR 13.10.1942.  Han hadde før vore gift med Ingeborg «Belle» Iverson (1884-1922) som hadde foreldri sine frå Luster i Sogn.

 

Bruri Myrtle E. DUNDON, f. LEE var fødd i Nebraska ??.11.1884 og var ein del av denne huslyden som me finn i King Co., WA i FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6XM7-4G5

 

Huslyden til James Garfield Chapin dukkar opp i fleire ancestry family trees, mellom anna her der andre kona vert kalla «Mrs. MURRAY», utan at eg finn noki forklaring: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/78744878/person/46393281245/facts

 

Det er likevel «påfallande» at han sat enkjemann i 17 år før han gifte seg att..., so kanskje var han gift TRE gongar?

 

Eg slit med følgjande utfordringar:

 

* Fullt namn til andre(?) kona Myrtle E, f. Lee - kven var første mann hennar?

 

* Dato og stad for fødsli hennar Myrtle?

 

* Dato og stad for dødsfallet hennar Myrtle?

 

* Kvar budde James Garfield og Myrtle Chapin i 1940?

 

* Kven var Mrs. Murray?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Sven for kjappe og imponerande innlegg!  Om du vsst kor lenge eg har «plundra» med denne huslyden...

 

Det høyrest ut som James Garfield, til dagleg kalla «Garry» Chapin, må ha vore «quite a character»!

 

Då har eg fått svar på det aller meste.  Berre denne «Mrs. Murray» synest vera ei utfordring.  MEN, ekteskapet med Myrtle i 1939 vert sagt vera hans ANDRE ekteskap, so truleg er det ei samanblanding...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Link to comment
Share on other sites

  • Lars E. Øyane changed the title to LØYST: James Garfield Chapin (1872-1942) gift med Myrtle E. Dundon, f. Lee - vigde i Oregon 1939 - Kven var Myrtle og kvar vart ho av?

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.