Jump to content
Arkivverket

Bertha Torbjørnsdotter Drevdal - fødd i Luster 1848 - utvandra 1853 til Crawford Co., WI - får ei dotter i 1873 - so forsvinn ho! - eller kanskje ikkje? - ei merkeleg sak...


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Bertha Torbjørnsdotter Drevdal var fødd i Luster 23.1.1848 av foreldri:

 

Torbjørn Christopherson (1813-1873) og Kirsti Christensdotter (1822-1907).  Huslyden utvandra til Amerika i 1853 og under namni Torger og Christine Christopherson finn me dei att som farmarar i Freeman township, Crawford Co., WI:

 

FT1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BS6-ZKM

 

FT1870: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-5WS

 

I 1880 hadde Kirsti «Christine» vorte enkje, men eg finn ho korkje i FT1880, FT1900 eller FT1905 - ho døydde i Vernon Co., WI 14.2.1907 - kvar var ho i 1880, 1900 og 1905?

 

Ein son tok ættenamnet Torger, medan alle dei andre skreiv seg Torgerson, og bortsett ifrå ein son som i 1879 flytte til Becker Co., MN, var dei alle busette i Crawford eller Vernon Co., WI.

 

Det siste eg ser til dotteri Bertha, som både i 1860 og 1870 er kalla BETSY, var då ho fekk ei «uekte» dotter:

 

* Bertina, fødd i Crawford Co., WI 22.4.1873 - faren var John T. Sandy (1847-1921).

 

Eg finn korkje Bertina eller mori i FT1880!!

 

Då eg jobba med denne huslyden i Wisconsin for om lag 40 år sidan, vart eg fortald følgjande:

 

Bertha skal ha gift seg kring 1882 med Iver Knutson Ramsøy frå Aurland, fødd 19.1.1830, utvandra i 1866.  Han skal ha butt i Jefferson township, Vernon Co., WI og døydde på West Prairie, Vernon/Crawford Co., WI 13.1.1890.  Då skulle Bertha vera avlidi kring 1885.

 

MEN: eg finn ikkje noko prov for at dette siste stemmer!  Berre dødsfallet til Iver i 1890 er dokumentert!  Vigsli til Iver og Bertha er ikkje å sjå nokon stad i nabolaget, og eg finn heller ikkje Iver i nokon folketeljingar!  Kan dei eventuelt ha butt ein annan stad?  Becker Co., MN??

 

Eg ville satt svært stor pris på om nokon kunne sjå på denne problemstillingi og til dømes fortelja meg:

 

** Kvar var Kirsti «Christine» Christopherson (eller Torgerson) i 18880, 1900 og 1905?

 

** Finst det fleire spor etter Iver Knutson Ramsøy i Amerika?

 

** Er noko meir å sjå til Bertha «Betsey» og dotteri Bertina?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne utfordrande huslyden!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.