Jump to content
Arkivverket

Diplomavskrifter frå Blakar i Lom


Klaus J. Myrvoll

Recommended Posts

Klaus J. Myrvoll

Eg undrast på um Riksarkivet hev avskrifter av den diplomsamlingi som finst på garden Blakar på Lom. Dei eldste diplomi i denne samlingi er publiserte i tidlege band av Diplomatarium Norvegicum, og eg hev funne ut at dokument som er yngre enn deim som vart tekne med i DN, hev vorte skrivne av for Riksarkivet i 1877 ved innlån frå Sevald Blaker på Lom. Desse avskriftene er derimot ikkje å finna i Riksarkivets diplomavskrifter som vart skanna av friviljuge frå Norsk slektshistorisk forening for ein del år sidan (i alle fall hev ikkje eg vore i stand til å finna deim i den noko ufullstendige presentasjonen dei hev fenge på Digitalarkivet). Er det so at Riksarkivet (Kjeldeskrift) sit på andre (og eldre) avskrifter enn deim som vart skanna då?

 

Eg etterlyser elles ei skanning av den svært nyttige katalogen yver alle diplom, både originalar og avskrifter, som hev vore tilgjengeleg for gjester til lesesalen på Riksarkivet. Her fanst både eit kronologisk register og eit topografisk register. Slik diplomi og avskriftene er publiserte digitalt no, er det uråd å finna relevante diplom av di ein ikkje hev denne katalogen, som var ein framifrå inngang til heile materialet. Dette burde vera ei prioritert (og svært yverkomeleg) uppgåva å få skanna.

 

Helsing Klaus Johan Myrvoll

Link to post
Share on other sites
Jo Rune Ugulen Kristiansen

Hei! Den avskriftsamlinga som vart skanna for nokre år tilbake av frivillige frå NSF, var ikkje Riksarkivets avskriftsamling, men NHKI (Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt) si samling med avskrifter av innlånte diplom. Det kan fort vera årsaka til at diplomavskriftene frå Blakar ikkje er med der. No sit ikkje eg i Oslo lenger som du veit, så eg må undersøka litt kvar dei kan befinna seg. Riksarkivet har ei avskriftsamling, medan diplomsamlinga same stad har ei anna, og ettersom eg ikkje sjølv har vore inne og kikka på nett avskriftene frå Blakar må eg høyra med litt betre plasserte folk før du får eit svar på spørsmålet ditt.

 

Når det gjeld skanning av registra, er ikkje eg usamd med deg i at dette burde vore skanna. Eg skal ta det med meg vidare, og sjå om det let seg gjera å få det inn på prioriteringslista.

Link to post
Share on other sites
Klaus J. Myrvoll

Takk for uppklårande svar, Jo Rune! Det er i grunnen godt nytt, for då er det endå meir å henta i Riksarkivet enn det som er lagt ut i Digitalarkivet so langt. Likevel høyrest det unekteleg ut som ei upraktisk ordning med alle desse ulike avskriftssamlingane – ei digitalisering av det heile vilde sjølvsagt bøta på det. Eg vonar Arkivverket ikkje undervurderer dei mange brukarane som er interesserte i det eldre materialet, medrekna diplomi, og set litt fart i digitaliseringi av desse heilt sentrale kjeldone til perioden 1570–1670, perioden millom DN og dei komplette kjeldeseriane (skifteprotokollar, tingbøker osb.). Å få registri til diplomi digitaliserte vilde vera ei god byrjing. 

  • Like 1
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.