Lars E. Øyane Posted February 23, 2021 Share Posted February 23, 2021 Dette er ei jente som eg har leitt etter i over 40 år, men aldri greidd å komma på sporet etter. Kanskje nokon kan klara det? Christina Halvorsdotter, fødd på garden Rønnei i Luster 11.9.1845, yngste barnet av Halvor Pederson (1799-1852) og Gjertrud Endresdotter (1800-1863). Christina utvandra i 1869 i lag med broren Anders Halvorson (1844-1893) til Amerika. Om Anders veit me at han gifte seg i Columbia Co., WI 4.12.1875 med nabojenta Ingeborg Nilsdotter frå Rønnei i Luster 1850-1916), og våren 1876 flytte dei til ein farm i Jacksonville township, Chickasaw Co., IA der dei fekk sju born i lag. Dei skreiv seg for Halvorson! Det næraste eg kjem i kveld, er denne ugifte tenestejenta i Chicago, IL 1870: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7163/images/4262753_00140?usePUB=true&_phsrc=Nzx24080&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=15810551 Kan det vera denne: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:V2P8-LTT Det hadde vore gildt om me endeleg kunne komma på sporet etter denne jenta frå Luster, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.