Jump to content
Arkivverket

Iver Olson Rønnei (1837-1902) - gardbrukar frå Luster som vart «ekspedert» til Amerika - hadde mange born, men kvar vart det av dei? - ei amerikansk utfordring!


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne familiefaren, Iver Olson, opphavleg frå Veum nordre i Hafslo, gifte seg med ei odelsdotter på ein av storgardane på Rønnei i Luster, men det vert fortalt at han ikkje dugde som gardbrukar, og etter elleve år på garden hjelpte slekti til kona i 1872 med amerikabillett for å verta «kvitt» han!

 

Han og kona Martha hadde mange born, derav fleire døtrer som skal ha butt i St. Paul, Ramsey Co., MN der nokre av dei skal ha vore lærarar.  Men eg har store vanskar med å finna dei att, og no vonar eg at kanskje nokon kan hjelpa meg.  Ei av utfordringane er tydeleg at dei nytta ulike ættenamn, Ronnei i ulike former (Runnie/Rounie), Everson og Iverson.

 

Her er manuskriptet mitt for denne huslyden, størstedelen produsert på 1980-talet, men med nokre suppleringar:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Iver Olson Rønnei, frå Veum nordre i Hafslo, var f. i Hafslo 27.1.1837 og gifte seg i Luster 14.5.1861 med Martha Olsdotter, dotter av føregåande brukar og herifrå garden, f. 30.11.1840.  Iver fekk 3.6.1861 skøyte på heimebruket til kona her på Rønnei, og dei dreiv garden fram til 1872.

Iver og Martha Ronnei utvandra til Amerika i 1872 og slo seg ned som farmarar i Albion township, Trempealeau Co., Wis. der Iver d. 3.5.1902.  Martha Ronnei flytte straks til døtrene i St. Paul, Ramsey Co., Minn. der ho d. 23.8.1902.  Dei fekk ni born i lag:

 

##### (1900 census Albion township, Trempealeau Co., WI shows Iver, Martha and daughter Mina: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120645_00270?usePUB=true&_phsrc=Nzx24097&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=64202009

 

a. Ingeborg, kjend som Emma Everson, f. i Luster 7.5.1862, utvandra til Amerika med foreldri i 1872 og d. i St. Paul, Minn. 30.5.1939.  Emma gifte seg i St. Paul, Minn. 29.9.1884 med Michael John Shanahan, f. i Ramsey Co., Minn. 21.10.1862.  Han d. i St. Paul, Minn. 13.3.1936.  Michael Shanahan var skomakar («shoemaker»), og han og Emma budde levetidi ut i St. Paul, Ramsey Co., Minn.  Dei fekk fire born i lag.

b. Kirsti, kjend som Christine

 

     ##### (last name?)

 

     f. i Luster 15.12.1864, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1872, men flytte til St. Paul, Ramsey Co., Minn. der ho arbeidde som lærar («schoolteacher»).

 

     ##### (what became of her? – died single in St. Paul, MN about 1915?)

 

c. Ingeborg Marie, kjend som Mary

 

     ##### (last name?)

 

     f. i Luster 29.10.1867, utvandra med foreldri til Amerika i 1872 og d. i St. Paul, Minn.

 

     ##### (date and place of her death? – about 1910?)

 

     Mary gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage?)

 

     med Charles Duke Buck, f. i Chicago, Ill. 14.8.1876.  Han gifte seg sidan att, men d. i St. Paul, Minn. 4.11.1922.  Charles Buck var kontormann («office clerk»), og han og Mary budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn.  Dei var barnlause.

 

     ##### (very questionnable if this information is correct!?)

 

d. Ole, kjend som Holly Rounie, f. i Luster 11.6.1871, utvandra òg til Amerika med foreldri i 1872 og d. i Jefferson Barracks, Mo. 29.1.1943.  Han gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage? – 1902/1903?)

 

     med Ora E.

 

     ##### (middle name?)

 

     Gilleland, f.

 

     ##### (date and place of her birth? – IL Dec. 1883?)

 

     ##### (date and place of her death? – after 1910!)

 

     Holly var elektrikar og sidan maskinarbeidar og dampmontør («electrician, machinist and pipefitter»).  Han og Ora budde ei tid i Milwaukee, Milwaukee Co., Wis., men flytte før 1910 til St. Louis, Mo.  

 

     ##### (NB: death certificate says he was divorced! – year of this? – after 1910)

 

     Dei fekk ein son i lag, som d. kort etter fødsli.

 

     ##### (son Holly Jr. born in Milwaukee, WI May 4, 1903)

 

e. Mina

 

     ##### (full name?)

 

     ##### (last name?)

 

     f. i Trempealeau Co., Wis..

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     .11.1873, var restaurantarbeidar («restaurant worker») i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men

 

     ##### (what became of her? – died single in St. Paul, MN about 1912?)

 

f. Otis William Iverson, f. i Trempealeau Co., Wis. 13.5.1876, d. i Ione, Wash. 30.11.1943.  Han gifte seg i Spokane, Wash. 4.11.1901 med Martha Mae Moon, f. i Otter tail Co., Minn. 16.12.1883.  Ho d. i Spokane, Wash. 25.1.1971.  Otis var ei tid sagbruksarbeidar («saw mill laborer») i Begland precinct, Stevens Co., Wash., men han og Martha flytte kring 1915 til Ione, Pend Oreille Co., Wash. der Otis var ferjeførar, fabrikkarbeidar og kraftverksarbeidar («river ferryman and pole yard worker and power and light laborer»).  Som enkje gifte Martha seg att

 

     ##### (date and place of their marriage? – about 1950?)

 

     med enkjemannen Edward George Merrow, f. i Somerset Co., Me. 26.9.1883.  Han d. 31.1.1961.  Edward var snikkar («carpenter») og hadde vore gift to gongar før.  Han og Martha budde òg i Ione, Pend Oreille Co., Wash.  Martha fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet med Otis, men Edward hadde òg ei dotter frå første ekteskapet sitt.

g. Maggie

 

     ##### (full name?)

 

     Runnie, f. i Trempealeau Co., Wis. 2.6.1879, d. i Eau Claire, Wis. 15.3.1954.  Maggie gifte seg i Trempealeau Co., Wis. 3.11.1900 med Sever A. Severson.  Han var f. i Vernon Co., Wis. 10.8.1867 og d. i Trempealeau Co., Wis. 29.1.1938.  Maggie og Sever farma i Albion township, Trempealeau Co., Wis. og fekk seks born i lag.

h. Eva

 

     ##### (middle name and last name?)

 

     f. i Trempealeau Co., Wis.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     .5.1883, flytte i ung alder til St. Paul, Ramsey Co., Minn. der ho arbeidde som lærar («school teacher»),

 

     ##### (what became of her? – died single in St. Paul, MN after 1910?)

 

i. Oscar

 

     ##### (middle name?)

 

     Iverson, f. i Trempealeau Co., Wis.

 

     ##### (exact date of his birth? – 1886!?)

 

     ##### (drowned in the river near the farm in 1894 – 8 years old! – details?)

 

NB: 1910 census: Mina and Eva Iverson living in the same house in St. Paul, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJ4-98V

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
45 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Charles Duke Buck, f. i Chicago, Ill. 14.8.1876.  Han gifte seg sidan att, men d. i St. Paul, Minn. 4.11.1922.

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:K87B-3CJ

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-818P-99X8?i=399&cc=1968530&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AK87B-3CJ 

Name: Charles Duke Buck
Event Type: Draft Registration
Event Date: 1917-1918
Event Place: St. Paul, Ramsey, Minnesota, United States
Event Place (Original): United States, Minnesota, St. Paul City no 8
Sex: Male
Birth Date: 14 Aug 1878
Birthplace: , , United States
Citizenship Place: United States
 

 

Charles Duke.jpg

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Grethe for innlegget frå i går!

 

Eg fann ogso mellom anna dette WW1 draft-dokumentet for Charles Duke Buck, men eg har òg finne ymse andre dokument og ancestry family trees som synest stemma svært dårleg med at han kan ha vore gift med Ingeborg Marie «Mary» Iverson:

 

https://www.ancestry.com/search/categories/42/?name=charles+Duke_buck&event=_minnesota-usa_26&birth=1877_illinois-usa_16&birth_x=2-0-0_1-0&count=50&event_x=_1-0&location=2&name_x=1_ps&priority=usa

 

Sjå t.d. FT1910 frå Sangamon Co., IL: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJB-9CSN

 

Her er han i St. Paul, MN med ny kone: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXW-9MG

 

Båe stadar nyttar han Duke som førenamn!

 

Denne ætti til Iver og Martha Ronnei synest verkeleg å verta ei kjempeutfordring!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med oppklaring av denne ætti!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.