Gå til innhold
Arkivverket

Albert Olai Olson - fødd i Noreg desember 1866 - utvandra 1888 - snikkar i Madison, MN i 1900 - kven var denne mannen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utordring som eg har hatt liggjande sidan førre hundreåret.  Kanskje det no er på tide å finna ut av dette?

 

FT1900 syner Albert Olson, fødd i Noreg desember 1866, snikkar, utvandra 1888 og busett i Madison, Lac qui parle Co., MN (eg fekk ikkje denne fram hjå FamilySearch...): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120288_00857?usePUB=true&_phsrc=Nzx24170&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=26626419

 

Dødsfallsprotokollen frå Ness Lutheran church, Madison, MN syner at Albert Olai Olson døydde 28.7.1907, 32 år gamal, fødd i Noreg: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314998-00372?treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true&_ga=2.150242934.1180998561.1613999577-390650824.1612707015&pId=3756251

 

Er det mogeleg, utifrå desse opplysningane, å seia noko om:

 

* Kvar i Noreg var Albert Olai fødd?

 

* Nøyaktig fødselsdato?

 

* Nøyaktig utvandringsår?

 

* Kven var foreldri hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Albert Olson

 in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969

Name:Albert Olson

Gender:Male

Record Type:Marriage

Birth Place:Norge

Marriage Date:30 Dec 1898

Marriage Place:Madison, Minnesota, USA

Spouse:Mattie Hendrickson

Church Name:Loken Lutheran Church

Church Location:Parle County, Minnesota

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc=Whg4&_phstart=successSource&usePUBJs=true&indiv=1&dbid=60722&_C000000F-n=Marriage&_C000000F-n_x=1&_F20ED074=loken*&_F20ED074_x=1&new=1&rank=1&uidh=bz3&redir=false&msT=1&gss=angs-d&pcat=34&fh=5&h=3758034&recoff=&ml_rpos=6&queryId=21cb253f2356d54f90a87e71f9485d36

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Anton, Ivar og Per for interessante innlegg!

 

Denne Albert Olai ser for meg ut til å verta ei skikkeleg «nøtt» å knekka.  Ingen av alternativi frå «Avansert personsøk» synest høva med «vår» mann.  Dotteri som er nemnd både i 1900 og i 1905, er ei dotter som kona Mattie hadde frå første ekteskapet sitt med Jacob Stangeland.

 

Kan henda lyt me freista finna ein liktale («obituary») etter Albert?  Eg vil tru dødsfallet hans må vera omtalt i Madison, MN...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera denne karen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1900-tellingen i FS : https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SS9-21R?i=22&cc=1325221&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AM9SR-SQ5

 

???

I denne basen står han med fødselsår 1861 https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDMR-RS9

og her https://www.mnhs.org/people/deathrecords/1907-53-1370

 

Fødselsår spriker altså i alle retninger, 1861, 1866, 1868 og 1875!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er alle de Albert som er betegnet som snekkere ved emigrasjon mellom 1885 og 1890. https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&sc[]=em&firstname=albert&lastname=&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=snekker&event_year_from=1885&event_year_to=1890&event_date=&related_first_name=&related_last_name=&related_birth_year=

 

Det finnes jo en Albert Olsen fra Drammen i 1885, som jo kan være en mulighet. Samtidig er det jo ikke sikkert yrket var oppført for "vår" Albert.

Endret av Per.H.Skaug
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Lars J. og Per for nye spennande innlegg!

 

Det skal tydeleg ikkje vera so enkelt å finna ut av denne karen.  Han KAN jo teoretisk ha hatt eit anna namn i Noreg, til dømes Albrigt Olai eller Ingebrigt Olai...

 

Eg vil tinga ein kopi av dødsattesten frå MN der han står oppført med fødselsåret 1861.  Kanskje den vil fortelja oss litt meir, sjølv om ein liktale truleg hadde vore det likaste...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #9:

 

Eg har alt motteke ein kopi av den offisielle dødsfallsinnførsli til Albert O. Olson, og denne syner at alderen var 46 år, 7 månadar og 8 dagar.

 

Eg ser at dødsdatoen varierer mellom 28.7. og 29.7.1907.

 

Fødselsdatoen synest vera 10.12. eller 11.12., men kva år?

 

Kan dette vera mannen? - frå Sandvik i Suldal: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000027810502

 

FT1875: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1134&kenr=005&bnr=0016&lnr=00

 

Eller kanskje ikkje - her er han i FT1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052940001713

 

Han er ikkje å sjå nokon stad i 1900 eller 1910!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera Albert!

Albert Olson.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Fødselsdatoen synest vera 10.12. eller 11.12., men kva år?

Hvis riktig alder ved død er 46-7-8 burde det gi en fødselsdato 20. eller 21. desember 1860

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #12:

 

Hjerteleg takk til Sven for nye utfordrande innlegg!

 

Du har sjølvsagt rett - fødselsdatoen bør vera 20. eller 21.12.

 

MEN med desse datoane finn eg ingen alternativ i «Avansert personsøk»...

 

Eg er redd for at me lyt vona på å finna ein liktale («obituary») etter Albert som kan nemna eventuelle søsken eller foreldri...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette må vel være den samme Albert Olai Olaussen, født 24 1 1869. Ikke samme dato, men dette er altså en Albert Olai Olaussen som utvandret i 1888...

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000020024806

 

Fødselsår varierer jo ganske betraktelig, så det gir vel ikke noe bevis den ene eller andre veien. Men et alternativ kan jo være å lete etter denne Albert Olai - finner vi ham igjen i USA et annet sted, vet vi jo ganske sikkert at det ikke er ham.

 

Forøvrig, hvorfor leter du etter ham? Kanskje det kan gi oss noen hint?

Endret av Per.H.Skaug
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #18:

 

Hjarteleg takk til Sven og Per for spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg set svært stor pris på den flotte hjelpi som eg får i freistnadane på å identifisera Albert Olai!

 

Når det gjeld òrsaki til at eg leiter etter Albert Olai og opphavet hans, kjem det av at kona hans hadde far sin frå Rønnei i Luster.  Og her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for kona til Albert og dei tre ekteskapi hennar:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Mette Kjerstine, kjend som Mattie Henrickson, f. i Fillmore Co., Minn. 10.7.1869, d. i Thomas, S.D. 8.2.1941.  Mattie gifte seg første gongeni Lyon Co., Minn. 3.11.1894 med Jacob Torjusson frå Stangeland vestre i Håland, i Amerika kjend som Jacob T. Stangeland.  Han var son av gardbrukar Torjus Knutson på Stangeland vestre og første kona Anna Christine Jacobsdotter frå Gimre  og f. i Håland 18.6.1853, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (utvandringsåret hans?)

 

     Jacob og Mattie farma i Vallers township, Lyon Co., Minn. der Jacob d. alt 26.4.1897.  Mattie gifte seg 30.12.1898 att i Madison, Minn. med Albert Olai

 

     ##### (norsk namn og opphav?)

 

     i Amerika kjend som Albert O. Olson.  Han var son av

 

     ##### (fulle namn på foreldri med yrke, bustad og opphav?)

 

     og f. i

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? – desember kring 1865?)

 

     men utvandra til Amerika i 1888. 

 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     Albert var snikkar («carpenter»), og han og Mattie budde i Madison, Lac qui parle Co., Minn. der Albert d.

 

     ##### (exact date of his death? – June 28 or 29?)

 

     .6.1907.  Mattie gifte seg tredje gongen i Lac qui parle Co., Minn. 29.11.1911 med Nils Peterson frå Fjeset i Sparbu, i Amerika kjend som Nels P. Fjeseth.  Han var son av gardbrukar Peter Larsson på Fjeset og kona Guru Rasmusdotter frå Risberg og f. i Sparbu 15.3.1864.  Han utvandra til Amerika i 1888

 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     og d. i Watertown, S.D. 22.5.1935.  Nels og Mattie flytte til ein farm nær Thomas, Hamlin Co., S.D. og budde der levetidi ut.  Mattie fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet; dessutan adopterte ho og Nels ein son.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Som det kjem fram her, er det Albert som er det «store» problembarnet, men eg set sjølvsagt òg pris på alle opplysningar spom kan fylla dei andre hòli i denne biografien!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 hour ago, Lars E. Øyane said:

Nels P. Fjeseth.  Han var son av gardbrukar Peter Larsson på Fjeset, opphavleg frå

 

Peder voks opp på Fjeset som sønn på gården.

 

Klipp fra bygdaboka fra Sparbu bind 7 side 473

 

image.thumb.png.c1595da03a4435ca9c7f4222784a1b52.png

 

Fra egne notater Peder født 30/6-1817 på Fjeset, Guru født 26/7-1821 av Rasmus Nilsen Risberg og Ingeborg Nilsdtr.

 

Har ikke funnet sønnen Nils i utvandringprotokollen, men det jeg har skrevet utvandret 1888 i mine notater. 

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #21:

 

Hjarteleg takk til Oddgeir for nye spennande innlegg om ætti frå Fjeset i Sparbu.

 

Etter dette skulle opphavi til Peter og Guru vera «på plass», og eg har korrigert manuskriptet mitt i Innlegg #18 tilsvarande.

 

** Men finst kanskje Nils Fjeset registrert i utvandringsprotokollane over Trondheim?

 

** Eller er han registrert som framkomen til Amerika?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.