Jump to content
Arkivverket

Halvor (1723), Lars (1733) og Guri (1737) Knutssøner og -dotter frå Ekrene under Kroken i Hafslo - levde att etter mori 1744, men kvar i all verdi vart det av dei? - kan henda til Bergen?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ei gamal, men like vonlaus utfordring frå Kroken i Hafslo:

 

Dette skiftet frå 20.5.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/24137/140

syner at husmannskona Christi Larsdotter då var avlidi og let etter seg:

 

* Knut Halvorson, enkjemann

* Halvor Knutson, son

* Lars Knutson, son

* Guri Knutsdotter, dotter

 

Kyrkjebøker og tingbøker syner at:

 

* Halvor Knutson var fødd på Sørheim i Luster ?.12.1723

 

* Lars Knutson vart døypt frå Kroken i Hafslo 16.8.1733

 

* Guri Knutsdotter vart døypt frå Kroken i Hafslo 8.12.1737

 

Som enkjemann flytte Knut Halvorson til plassen Lunden under Rønnei der han gifte seg att, men han døydde i 1753.

 

Både Knut og Christi kom frå «bondestand», og dei hadde mange søsken, men dei budde alle i Luster eller Hafslo - difor finn eg det høgst «besynderleg» at eg ikkje kan finna spor etter dei tre borni deira nokon stad!?

 

Ingen av dei vart konfirmerte i Luster og heller ikkje i Hafslo (lister frå 1755), so kvar i all verdi kan dei ha vorte av?  Kanskje hamna ein eller fleire av dei i Bergen?  Knut hadde ei stedotter som gifte seg i Luster, men som sist på 1760-talet flytte med mann og fleire born til Bergen...

 

Eg ville vorte svært so glad om nokon greier komma på spor etter denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.