Lars E. Øyane Posted March 9, 2021 Share Posted March 9, 2021 (edited) Dette er ein huslyd, som eg jobba mykje med på 1980-talet, men som eg ikkje greidde å spora opp slik eg ønskte. Johannes Nilsson, eller «Vossen» som dei kalla han i Luster, var gift tre gongar og hadde tre born. Dessutan hadde andre kona, som var ei søster av den første, to born frå før. Tre av desse borni utvandra til Amerika, og eg har for mange år sidan vore i kontakt med borni til den yngste av desse, som busette seg i Stoughton, WI, men dei visste ikkje noko om «uncle Henry», medan dei meinte Ragnhild eller «tante Rachel» skal ha vore i live då mori døydde i Stoughton, WI i 1952. Denne yngste av emigrantane døydde i Stoughton, WI som Hilda Lund 16.3.1952. Kanskje ein liktale kan finnast? So no er det spørsmål om nokon kan hjelpa meg finna att Rachel og Henry i Amerika og likeins fleire opplysningar om opphavet hans Johannes på Evanger? Kanskje ei bygdebok kan hjelpa til der? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Dette manuskriptet er i kveld oppdatert og erstatta av eit nytt i Innlegg #5 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Edited March 10, 2021 by Lars E. Øyane Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/268314-johannes-nilsson-r%C3%B8nnei-1832-1926-fr%C3%A5-evanger-p%C3%A5-voss-opphavet-hans-p%C3%A5-voss-lagnadane-til-dotter-og-steson-i-amerika/ Share on other sites More sharing options...
Rune Bergesen Posted March 10, 2021 Share Posted March 10, 2021 (edited) Fra BB Evanger bruk nr 2 i Evanger: I 1815 gifte Marta Torgeirsdtr. enke efter gjestgjever Ole Larsen Evanger, seg med enkem. Nils Godskalkson Vestrheim, Voss f. 1762, Marta døde i 1826 og Nils gifte seg med Ingebjørg Johannesdtr. Styve f. 1795, Nils døde 1839, barn: Godskalk f. 1828 til Fosse i Bergsdalen bruk nr 8, Johannes f. 1832, han reiste til Luster i 1856. Husmenn under Styve Johannes Olsen Styve f. 1770 g. 1794 med Dordei Jonsdtr. Kvilekvål f. 1761-1945, barn: Ingeborg 1795. Jon 1797-1816, Ole 1799-1799, Kari 1800 g. 1836 med Brynjulv Styrkson Edal f. 1774 b. Edal, Ragnhild f. 1804 g. 1837 med enkem. Lars Larsson Brunborg f. 1794? Husmann Styve. Edited March 10, 2021 by Rune Bergesen Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/268314-johannes-nilsson-r%C3%B8nnei-1832-1926-fr%C3%A5-evanger-p%C3%A5-voss-opphavet-hans-p%C3%A5-voss-lagnadane-til-dotter-og-steson-i-amerika/#findComment-2242464 Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted March 10, 2021 Author Share Posted March 10, 2021 Innlegg #3: Hjarteleg takk til Rune for ei spennande melding! No vart eg litt i stuss. Kan me: * Stola på at Nils Gotskalkson var fødd og oppvaksen på Vestrheim på Voss? * Tru at Nils og andre kona busette seg som husmannsfolk på ein plass under Evanger? Eller var dei gastgjevarar? * Gå ut ifrå at det ikkje er kjent kva plass under Styve Ingeborg var fødd og oppvaksi på? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden! Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/268314-johannes-nilsson-r%C3%B8nnei-1832-1926-fr%C3%A5-evanger-p%C3%A5-voss-opphavet-hans-p%C3%A5-voss-lagnadane-til-dotter-og-steson-i-amerika/#findComment-2242713 Share on other sites More sharing options...
Grethe Flood Posted March 10, 2021 Share Posted March 10, 2021 14 timer siden, Rune Bergesen skrev: I 1815 gifte Marta Torgeirsdtr. enke efter gjestgjever Ole Larsen Evanger, seg med enkem. Nils Godskalkson Vestrheim, Voss f. 1762, Marta døde i 1826 og Nils gifte seg med Ingebjørg Johannesdtr. Styve f. 1795, Nils døde 1839, barn: Godskalk f. 1828 til Fosse i Bergsdalen bruk nr 8, Johannes f. 1832, han reiste til Luster i 1856. https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000002617421 Hordaland fylke, Voss, Evanger, Uppheim, Vinje i Voss, Ministerialbok nr. A 8 (1752-1780), Kronologisk liste 1762, Side 226-227 Permanent bilde-ID: kb20070104610116 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070104610116 Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070104610116.jpg https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000584365 Hordaland fylke, Voss, Evanger, Uppheim, Vinje i Voss, Ministerialbok nr. A 8 (1752-1780), Konfirmerte 1778, Side 518-519 Permanent bilde-ID: kb20070104610271 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070104610271 Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070104610271.jpg Giftermålet 1815 https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000689187 Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/268314-johannes-nilsson-r%C3%B8nnei-1832-1926-fr%C3%A5-evanger-p%C3%A5-voss-opphavet-hans-p%C3%A5-voss-lagnadane-til-dotter-og-steson-i-amerika/#findComment-2242878 Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted March 10, 2021 Author Share Posted March 10, 2021 Innlegg #5: Hjarteleg takk til Grethe for eit nyttig innlegg! Då er eg overtydd - Nils Gotskalkson var frå Vestreim på Voss! Dei andre spørsmåli om Evanger står framleis òpne i denne nye versjonen i manuskriptet som erstattar manuskriptet i Innlegg #1: ~~~~~~~~~~~~~~~ Johannes Nilsson Rønnei, opphavleg frå Evanger på Voss, var son av husmann Nils Gotskalkson på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Evanger, opphavleg frå Vestreim på Voss, og andre kona Ingeborg Johannesdotter frå ##### (ein plass, men kva for ein? – 1801: far Johannes Olson: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058378004773 under Styve og f. på Voss 16.12.1832. Han d. som husmann på Rønnei 14.2.1926. Johannes flytte tidleg til Luster og gifte seg her første gongen 4.12.1856 med Sophia Larsdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen. Ho var f. 20.6.1833, men d. som husmannskone på Rønnei 25.1.1882. Johannes gifte seg so 3.7.1885 att med Anna Larsdotter, søster av første kona og likeins herifrå plassen. Ho var f. 12.6.1842 og d. som husmannskone på Rønnei 30.11.1892. So gifte Johannes seg tredje gongen 3.5.1895 med enkja Martha Knutsdotter, opphavleg frå Lunden 16 under Rønnei. Ho var f. 11.8.1843 og d. som husmannsenkje på gamleheimen i Luster 23.1.1935. Der hadde ho då butt i om lag to år. Martha hadde før vore gift med husmann Peder Halvorson i Lunden 5 under Rønnei (1834-1874). Johannes Nilsson var opphavleg fiskar, men han og første kona Sophia tok først over som plassfolk i Lunden 9 under Rønnei. Etter at Lars Henrikson var avliden i 1880, fekk dei so ta over heimeplassen hennar, og her vart Johannes buande levetidi ut. Liksom føregåande plass vart heller ikkje denne plassen flytt i samband med utskiftingi. Johannes fekk i alt tre born, som alle var frå første ekteskapet, men dessutan hadde andre kona Anna to born frå før: 1. Ragnhild Johannesdotter (1855-1856). 2. Nils Johannesson (1861-1943), vart husmann på Mosengi under Josvanger i Hafslo. 3. Ragnhild Johannesdotter, f. 30.9.1871, Rachel Johnson/Ronnei utvandra til Amerika i 1891 ##### (was supposedly still alive in 1952 – what became of her?) 4. Henrik Sjurson, son av Anna og husmannssonen Sjur Andersson frå Hesjebakken 6 under Rønnei (1844-1925), var f. 29.11.1864. Henry Severson/Ronnei utvandra visstnok til Amerika i 1884, ##### (sjekka utvandringsåret hans?) ##### (what became of him?) 5. Ragnhild Hansdotter (1876-1952), var dotter av Anna og husmannssonen Hans Torbjørnson, opphavleg frå Lunden 20 under Rønnei, men sjå Haugen under Leirdalen (1851-1902). Hilda Larson utvandra til Amerika i 1899 og vart der borte gift med husmannssonen Hans Nilsson Rønnei frå Hesjebakken 9 under Rønnei (1874-1963) (s.d.). ~~~~~~~~~~~~~~~ Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden! Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/268314-johannes-nilsson-r%C3%B8nnei-1832-1926-fr%C3%A5-evanger-p%C3%A5-voss-opphavet-hans-p%C3%A5-voss-lagnadane-til-dotter-og-steson-i-amerika/#findComment-2243100 Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now