Jump to content
Arkivverket

Johannes Nilsson Rønnei (1832-1926) frå Evanger på Voss - opphavet hans på Voss - lagnadane til dotter og steson i Amerika?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd, som eg jobba mykje med på 1980-talet, men som eg ikkje greidde å spora opp slik eg ønskte.  Johannes Nilsson, eller «Vossen» som dei kalla han i Luster, var gift tre gongar og hadde tre born.  Dessutan hadde andre kona, som var ei søster av den første, to born frå før.  Tre av desse borni utvandra til Amerika, og eg har for mange år sidan vore i kontakt med borni til den yngste av desse, som busette seg i Stoughton, WI, men dei visste ikkje noko om «uncle Henry», medan dei meinte Ragnhild eller «tante Rachel» skal ha vore i live då mori døydde i Stoughton, WI i 1952.  Denne yngste av emigrantane døydde i Stoughton, WI som Hilda Lund 16.3.1952.  Kanskje ein liktale kan finnast?

 

So no er det spørsmål om nokon kan hjelpa meg finna att Rachel og Henry i Amerika og likeins fleire opplysningar om opphavet hans Johannes på Evanger?  Kanskje ei bygdebok kan hjelpa til der?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Dette manuskriptet er i kveld oppdatert og erstatta av eit nytt i Innlegg #5 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Rune Bergesen

Fra BB Evanger bruk nr 2 i Evanger: I 1815 gifte Marta Torgeirsdtr. enke efter gjestgjever Ole Larsen Evanger, seg med enkem. Nils Godskalkson Vestrheim, Voss f. 1762, Marta døde i 1826 og Nils gifte seg med Ingebjørg Johannesdtr. Styve f. 1795, Nils døde 1839, barn: Godskalk f. 1828 til Fosse i Bergsdalen bruk nr 8, Johannes f. 1832, han reiste til Luster i 1856.

Husmenn under Styve Johannes Olsen Styve f. 1770 g. 1794 med Dordei Jonsdtr. Kvilekvål f. 1761-1945, barn: Ingeborg 1795. Jon 1797-1816, Ole 1799-1799, Kari 1800 g. 1836 med Brynjulv Styrkson Edal f. 1774 b. Edal, Ragnhild f. 1804 g. 1837 med enkem. Lars Larsson Brunborg f. 1794? Husmann Styve.

Edited by Rune Bergesen
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Rune for ei spennande melding!

 

No vart eg litt i stuss.  Kan me:

 

* Stola på at Nils Gotskalkson var fødd og oppvaksen på Vestrheim på Voss?

 

* Tru at Nils og andre kona busette seg som husmannsfolk på ein plass under Evanger?  Eller var dei gastgjevarar?

 

* Gå ut ifrå at det ikkje er kjent kva plass under Styve Ingeborg var fødd og oppvaksi på?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
14 timer siden, Rune Bergesen skrev:

I 1815 gifte Marta Torgeirsdtr. enke efter gjestgjever Ole Larsen Evanger, seg med enkem. Nils Godskalkson Vestrheim, Voss f. 1762, Marta døde i 1826 og Nils gifte seg med Ingebjørg Johannesdtr. Styve f. 1795, Nils døde 1839, barn: Godskalk f. 1828 til Fosse i Bergsdalen bruk nr 8, Johannes f. 1832, han reiste til Luster i 1856.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000002617421

Hordaland fylke, Voss, Evanger, Uppheim, Vinje i Voss, Ministerialbok nr. A 8 (1752-1780), Kronologisk liste 1762, Side 226-227
Permanent bilde-ID: kb20070104610116
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070104610116
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070104610116.jpg
 

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000584365

Hordaland fylke, Voss, Evanger, Uppheim, Vinje i Voss, Ministerialbok nr. A 8 (1752-1780), Konfirmerte 1778, Side 518-519
Permanent bilde-ID: kb20070104610271
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070104610271
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070104610271.jpg 

 

Giftermålet 1815

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000689187

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Grethe for eit nyttig innlegg!

 

Då er eg overtydd - Nils Gotskalkson var frå Vestreim på Voss!

 

Dei andre spørsmåli om Evanger står framleis òpne i denne nye versjonen i manuskriptet som erstattar manuskriptet i Innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Nilsson Rønnei, opphavleg frå Evanger på Voss, var son av husmann Nils Gotskalkson på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Evanger, opphavleg frå Vestreim på Voss, og andre kona Ingeborg Johannesdotter frå

 

     ##### (ein plass, men kva for ein? – 1801: far Johannes Olson: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058378004773

 

     under Styve og f. på Voss 16.12.1832.  Han d. som husmann på Rønnei 14.2.1926.  Johannes flytte tidleg til Luster og gifte seg her første gongen 4.12.1856 med Sophia Larsdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen.  Ho var f. 20.6.1833, men d. som husmannskone på Rønnei 25.1.1882.  Johannes gifte seg so 3.7.1885 att med Anna Larsdotter, søster av første kona og likeins herifrå plassen.  Ho var f. 12.6.1842 og d. som husmannskone på Rønnei 30.11.1892.  So gifte Johannes seg tredje gongen 3.5.1895 med enkja Martha Knutsdotter, opphavleg frå Lunden 16 under Rønnei.  Ho var f. 11.8.1843 og d. som husmannsenkje på gamleheimen i Luster 23.1.1935.  Der hadde ho då butt i om lag to år.  Martha hadde før vore gift med husmann Peder Halvorson i Lunden 5 under Rønnei (1834-1874).  Johannes Nilsson var opphavleg fiskar, men han og første kona Sophia tok først over som plassfolk i Lunden 9 under Rønnei.  Etter at Lars Henrikson var avliden i 1880, fekk dei so ta over heimeplassen hennar, og her vart Johannes buande levetidi ut.  Liksom føregåande plass vart heller ikkje denne plassen flytt i samband med utskiftingi.  Johannes fekk i alt tre born, som alle var frå første ekteskapet, men dessutan hadde andre kona Anna to born frå før:

 1. Ragnhild Johannesdotter (1855-1856).

 2. Nils Johannesson (1861-1943), vart husmann på Mosengi under Josvanger i Hafslo.

 3. Ragnhild Johannesdotter, f. 30.9.1871,

Rachel Johnson/Ronnei utvandra til Amerika i 1891

 

##### (was supposedly still alive in 1952 – what became of her?)

 

 4. Henrik Sjurson, son av Anna og husmannssonen Sjur Andersson frå Hesjebakken 6 under Rønnei (1844-1925), var f. 29.11.1864.

Henry Severson/Ronnei utvandra visstnok til Amerika i 1884,

 

##### (sjekka utvandringsåret hans?)

 

##### (what became of him?)

 

 5. Ragnhild Hansdotter (1876-1952), var dotter av Anna og husmannssonen Hans Torbjørnson, opphavleg frå Lunden 20 under Rønnei, men sjå Haugen under Leirdalen (1851-1902).

Hilda Larson utvandra til Amerika i 1899 og vart der borte gift med husmannssonen Hans Nilsson Rønnei frå Hesjebakken 9 under Rønnei (1874-1963) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.