Gå til innhold
Arkivverket

Lars Larsson Rønnei (1817-1878) - husmann i Luster - tre born til Amerika og eitt til Fana - kvar vart det av dei? - sonen Johannes hadde familie etter seg i Minneapolis, MN!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg heller aldri greidde å finna heilt ut av då eg jobba med dei på 1980-talet.  Sonedotteri Sigrid levde framleis i 1990, og ho var nysgjerrig på å få greie på slekti si i Amerika, men leitingi vart den gongen utan resultat.  Opplysningane som eg har å halda meg til, er frå skiftet etter Elisabeth frå 1911.  Av emigrantane til Amerika er då berre sonen Johannes nemnd, og at han let etter seg to søner.

 

Det hadde vore kjempekjekt om nokon kunne hjelpa meg finna ut av dei tre borni i Amerika og likeins dødsfalli til dei to barneborni på Bergenskanten.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye innlegg og oppdagingi av sonen Johannes i Amerika, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #6 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Carl, Harald og Vibeke for interessante innlegg!

 

Og nettopp denne John Larson som du, Vibeke, skriv om, oppdaga ogso eg i føremiddag, og eg har no i fleire timar sete og «plundra» med denne huslyden, som syner seg vera den riktige!

 

Eg har ogso sett at Andreas (Andrew Larson) var vitne ved vigsli til John i Minneapolis, MN i 1893, so då levde han i alle fall på den tidi!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet frå Innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no oppdatert og presentert i Innlegg #13!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 hours ago, Lars E. Øyane said:

Ole L. Rønneid flytte i ung alder til Fana ved Bergen der han 20.3.1899 gifte seg med Marta Marie Steffensdotter frå Hammarsland i Fana.  Ho var dotter av gardbrukar Steffen Haakonson på Hammarsland, opphavleg frå

 

 

 

##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

 

 

og kona Anna Johannesdotter frå

 

 

 

##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

 

1865 FT 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/census/person/pf01038241001290

 

Ekteskap

 

Stefan Haagensen

 in the Norway, Select Marriages, 1660-1926

Name:Stefan Haagensen

Gender:Male

Marital status:Single

Age:28

Birth Date:1818

Birth Place:Hammersland

Marriage Date:4 okt 1846 (4 Oct 1846)

Marriage Place:Fana, Hordaland, Norway

Father:Haagen Stefansen

Spouse:Anne Johannesdatter

FHL Film Number:278054

Reference ID:bk11 p15 n18

 

Nr. 18 

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20050829010800

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Steffen Haagensen

 in the Norway, Select Baptisms, 1634-1927

Name:Steffen Haagensen

Gender:Male

Birth Date:28 des 1818 (28 Dec 1818)

Baptism Date:1 jan 1819

Baptism Place:Fana,Hordaland,Norway

Father:Haaken Steffensen

Mother:Anna Larsdr

FHL Film Number:124499

 

Nr. 3 

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070504620109

 

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anna Johannesdatter

 in the Norway, Church Records, 1812-1938

Name:Anna Johannesdatter

Marriage Age:25

Record Type:ekteskap (Marriage)

Birth Date:abt 1821

Marriage Date:4 okt 1846 (4 Oct 1846)

Marriage Place:Fana, Hordaland, Norge (Norway)

Marriage Municipality:Fana

Residence Place:Krognæs

Entry Number:18

Father:Johannes Ziertsen Krognæs

Spouse:Stefan Haavarsen

 

 

Anna Johansen

 in the Norway, Select Baptisms, 1634-1927

Name:Anna Johansen

Gender:Female

Birth Date:1 mai 1822 (1 May 1822)

Baptism Date:5 mai 1822 (5 May 1822)

Baptism Place:Fana,Hordaland,Norway

Father:Johannes Giertsen

Mother:Marthe Askildsdr

FHL Film Number:124499

 

Nr. 22 

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070504620132

 

 

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johannes Giertsen

 in the Norway, Select Marriages, 1660-1926

Name:Johannes Giertsen

Gender:Male

Marriage Date:17 apr 1808

Marriage Place:Haus, Hordaland, Norway

Spouse:Martha Askildsdr

FHL Film Number:124522

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/327/pv00000000271775

 

Døde 1850

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/267/pg00000001758180

 

Johannes i Haus, Hordaland i 1801 FT 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/census/person/pf01058384000124

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Haagen Stefensen

 in the Norway, Select Marriages, 1660-1926

Name:Haagen Stefensen

Gender:Male

Marriage Date:20 nov 1814

Marriage Place:Fana,Hordaland,Norway

Spouse:Anne Kathrine Larsdr

FHL Film Number:124498

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/327/pv00000001090800

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070504620065

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #13:

 

Hjarteleg takk til Anton for nyttige og interessante innlegg om slekti på Hammarsland i Fana.  I mellom tidi har eg òg fått tak i fødselsdatoen til Jube Larson i Minneapolis, MN, og her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i Innlegg #6 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Larsson Rønnei, frå Haugen under Leirdalen, var f. 28.9.1817 og d. som husmann på Rønnei 17.2.1878.  Han gifte seg 24.6.1852 med Elisabeth Larsdotter frå Rønnei (bnr. 3).  Ho var f. i Jostedalen 17.12.1829 og d. som husmannsenkje på Rønnei 10.4.1911.  Som enkje gifte ho seg att med kårmann og enkjemann Jan Christopherson på Joranger nedre i Hafslo (1828-1900).  Lars og Elisabeth var først innerstfolk på Rønnei i nokre år, men kring 1857 fekk dei hand om ein plass i Lunden under Rønnei (bnr. 5).  Meiningi var truleg at dei skulle ha teke over plassen på Naustvolden heilt ytst i Lunden 1 under Rønnei (bnr. 5), men i staden fekk dei setja seg opp ei stove her inne på den staden som me har kalla Lunden 10.  Sjølve stovetufti stod den gongen på eigedomen til Rønnei (hnr. 6), men det meste av jordi som Lars og Elisabeth dreiv, låg lengre ute i den delen som då var matrikulert under Rønnei (bnr. 5).  Lars dreiv plassen so lenge han levde, og sidan heldt enkja fram med styringi til ho laut flytta i samband med den store utskiftingi på Rønnei sist i 1870-åri.  Ho flytte då fram på Hesjebakken 8 under Rønnei der ho budde til ho vart attgift i 1882 og flytte til Hafslo.  Lars og Elisabeth fekk sju born i lag:

 1. Lars Larsson (1852-1871), d. ugift på Rønnei.

 2. Siri Larsdotter (1855-1903), vart gift med husmann Anders Sjurson på Hesjebakken 8 under Rønnei (1855-1905).

 3. Andreas Larsson, f. 14.11.1862,

Andrew Larson utvandra til Amerika i 1880, og same året finn me han att som tenar («domestic») i Naples township, Buffalo Co. Wis. 

 

##### (what became of him? – witness at brother John’s marriage in Minneapolis, MN 1893! – apparently deceased by 1911?)

 

 4. Johannes Larsson, f. 29.3.1866,

John Larson utvandra til Amerika i 1883 og gifte seg i Minneapolis, Minn. 21.10.1893 med Anna Bastiane Bergitte Hansdotter frå Daveneset i Sykkylven, Ørskog, i Amerika kjend som Anna Hanson.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Jørgen Peterson på Daveneset, opphavleg frå Jarnes, og kona Bertha Louise Jetmundsdotter frå Geithammar i Borgund og f. i Ørskog 6.2.1869, men utvandra til Amerika i 1892. 

 

##### (sjekka utvandringsåret?)

 

John var møllearbeidar («miller»), og han og Anna budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der John d. 26.5.1899.  Anna gifte seg som enkje 15.3.1902 att i Minneapolis, Minn. med Hans Johan, kjend som Johan Bastianson frå Abelset i Ørskog, i Amerika kjend som John B. Abelseth.  Han var son av gardbrukar Bastian Martinus Eliasson på Abelset, opphavleg frå Myrset i Sykkylven, Ørskog, og kona Karen Olsdotter frå Magerholm og f. i Ørskog 3.3.1866, men utvandra som fiskar til Amerika i 1892.  John Abelseth var sidan kommunearbeidar, fabrikkarbeidar og bygningssnikkar («city worker, car factory worker and building carpenter»), medan Anna var hushaldar («housekeeper»).  Dei vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der John d. 21.7.1934.  Anna Abelseth d. same staden 5.1.1942.  Ho fekk i alt seks born; av dei var desse to frå første ekteskapet med John Larson:

a. Louis Henry Larson, f. i Hennepin Co., Minn. 21.3.1894, d. i Kenosha, Wis. 8.2.1960.  Louis gifte seg i Grand Rapids, Wis. 23.12.1915 med Ila Jean Agnes Richards, f. i Marathon Co., Wis. 20.11.1894.  Ho d. i Kenosha, Wis. 17.3.1989.  Louis var telegrafstyrar («telegraph office manager»), og han og Ila budde levetidi ut i Kenosha, Kenosha Co., Wis.  Dei fekk fem born i lag.

b. Jube Amelia Larson, f. i Hennepin Co., Minn. 12.7.1899, d. i Minneapolis, Minn. 16.4.1919.  Jube var kontordame («stenographer») og budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., ugift.

 5. Ole Larsson, f. 29.3.1868,

Ole L. Rønneid flytte i ung alder til Fana ved Bergen der han 20.3.1899 gifte seg med Marta Marie Steffensdotter frå Hammarsland i Fana.  Ho var dotter av gardbrukar Steffen Haakonson på Hammarsland og kona Anna Johannesdotter frå Kråkenes og f. i Fana 10.10.1864.  Ole Rønneid var først bakar, men vart sidan møllearbeidar.  Han og Marta busette seg på Fanahammaren i Fana der Ole d. 6.12.1941.  Marta Rønneid d. same staden 10.9.1948.  Dei fekk fire born i lag:

a. Anna Larsina Olsdotter Rønneid, f. i Fana 9.6.1899, d. i Fana 18.2.1916.

b. Ingeborg Johanna Olsdotter Rønneid, f. i Fana 29.5.1901, d. i Fana 26.10.1911.

c. Olav Elias Olson Rønneid, f. i Fana 7.10.1903, var i mange år gartnar på Hammarsland i Fana, men d. på ein gamleheim i Fana 3.5.1991, ugift.

d. Sigrid Olsdotter Rønneid, f. i Fana 9.8.1906, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar?)

 

     26.7.2005.  Ho gifte seg i Fana 29.6.1929 med Johannes Knutson Kallestad, f. i Hosanger 12.7.1894.  Han d. på Voss 13.12.1976.  Johannes Kallestad var snikkar og sidan fabrikkarbeidar.  Han og Sigrid budde i Ålvik i Kvam og fekk ei dotter i lag.

 6. Ingeborg Larsdotter, f. 31.10.1871,

Ingeborg Larson utvandra til Amerika i 1893,

 

##### (what became of her? – apparently deceased by 1911?)

 

 7. Lars Larsson (1876-1876).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #16:

 

Hjarteleg takk til Harald og Carl for nye innlegg!

 

Eg ser at vigselsdatoen som eg har for Sigrid Rønnei, 29.6.1929, ogso stemmer med klokkarboki...

 

Elles seier fødselsprotokollen for Fana at Sigrid verkeleg var fødd 9.8.1906, so kvifor det står 10.8.1906 i dødsmeldingi, kan eg ikkje forklara...  Elles gjeld spørsmålet mitt i første rekke KVAR Sigrid døydde, so kanskje finst det ein liketale eller dødsannonse einkvan stad?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Innlegg #18:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Harald for siste innlegget frå førre veke!

 

Det ER rette Sigrid Kallestad du har finne dødsfallet til, berre med feil fødselsdato!  Likevel er det merkeleg at det ikkje skal finnast nokon dødsannonse etter ho.  Ho var jo nesten 99 år gamal og har slekt etter seg!  Kanskje lyt me høyra med sokneprestkontoret i Kvam?

 

Elles saknar eg framleis ei stadfesting av utvandringsåret til Anna Bastiane Bergitte Hansdotter frå Daveneset i Sykkylven.  Fleire amerikanskje kjelder seier 1892, men eg finn ho ikkje i utvandringsprotokollane.  Kanskje finst det ei bygdebok som kan hjelpa oss vidare?

 

Elles vert det nok vanskeleg å gjera noko med dei hine søskeni i Amerika, Anders og Ingeborg.  Eg vil tru dei båe har vore i Minneapolis, MN, men med slike namn...?

 

Eg syner elles til manuskriptet i Innlegg #13 over, som framleis er uendra, og takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.