Jump to content
Arkivverket

Christen Olsen (Kalhagen) (1781-1845) og Ingeborg Larsdotter (Garshaugen) (1767-1841) - frå Luster/Jostedalen til Bergen - kvar vart det av dotteri hennar, Martha Ottesdotter, og barneborn i Bergen?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg hadde store vanskar med å «finna» den gongen me ikkje hadde søkbare kjelder i Bergen, på 1980-talet.  Likevel lukkast eg etter måten bra.  Det er likevel ein del detaljar eg gjerne skulle hatt på plass, og eg vonar no på lite vetta hjelp til å finna i alle fall nokre av desse?

 

Særleg er eg oppteken av Martha Ottesdotter, dotteri som Ingeborg hadde før ekteskapet?  Men eg lurer òg på om Christen og Ingeborg kan ha hatt fleire born etter dei flytte til Bergen, kanske lite sannsynleg når me ser på alderen til mori, men me veit jo aldri...  Ogso har eg vanskar med fleire barneborn i Bergen...

 

Slik ser det oppdaterte manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #16:

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
16 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

##### (lagnaden hennar? – truleg flytt til Bergen med mori og stefaren?)

?? https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000647290

 

Lysingen på høyre side

 

Bergen fylke, Nykirken i Nykirken, Forlovererklæringer nr. II.5.1 (1814-1846), Lysninger 1818, Side 19
Permanent bilde-ID: kb20060623050210
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060623050210
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060623050210.jpg

 

 

Fødselsåret stemmer ikke helt... https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001214934

Edited by Sven Hjortland
Link to post
Share on other sites
Jostein Stokke
58 minutes ago, Sven Hjortland said:

 

 

Dette var Sven sin!

Edited by Jostein Stokke
Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

e.  Anne Oline Ellevine Olsdotter Christensen, f. i Bergen 24.3.1839, d. i Bergen 19.3.1891.  Anna gifte seg i Bergen 8.5.1862 med Hans Hansen Ludvigson Balchen, f. i Bergen 25.6.1837.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kring 1870 til sjøs?)

 

Bergens Adressecontoirs Efterretninger 20.10.1866:

 

1271908289_Skjermbilde2021-03-16kl_20_50_11.png.afc4d906106af1347372ac72178f6d06.png

https://www.nb.no/items/a5f45cdb13f256f55368265e4a31707f?page=7

 

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

d. Christian Olai Olson Christensen, f. i Bergen 29.11.1834,

     ##### (nemnd i live 1851 – seinare lagnad?)

Christiania-Posten 13. mars 1855

coc.jpg

Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Bergens Adressecontoirs Efterretninger, lørdag 24. februar 1855

 

 

coc2.jpg

Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ole mønstra av siste gongen i september 1849 og d.

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kort etter 1849?)

medan Anna d. som enkje 29.11.1851.  Dei fekk seks born i lag:

 

Et sjuende barn: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007384617

 

 

Dødsfallet: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000796794

Edited by Sven Hjortland
Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

og vart døypt i Bergen 15.4.1804.  Liksom faren reiste også Ole Christensen til sjøs, først som matros, sidan som styrmann og til sist som skipper.  Han siglde for det meste på Østersjøen, men han og Anna budde visstnok fleire stader både i Tydskesmuget og i Trangesmuget på Nordnes i Bergen.  Ole mønstra av siste gongen i september 1849 og d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kort etter 1849?)

 

Bergens Adressecontoirs Efterretninger 12.9.1849:

231268786_Skjermbilde2021-03-16kl_22_00_20.png.5ba9ae59c013d4f5cc4e73ecc3a32096.png

https://www.nb.no/items/21efe9e5b0d9bae44f68df1bf0f11e22?page=7

 

Dødsfallsprotokollen:  https://www.digitalarkivet.no/sk20081111620070

 

Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Christen Olson Christensen, f. i Bergen 23.6.1828, d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – Bergen kring 1833?)

 

Bergens Adressecontoirs Efterretninger, lørdag 7. desember 1850

cc3.jpg

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane
Posted (edited)

Innlegg #15:

 

Eg er endå ein gong totalt imponert!  Hjarteleg takk til Sven, Jostein og Lars W. for fantastiske innlegg!

 

Eg tok til med spørsmåli kring Martha Ottesdotter, og oppdaga ganske kjapt at dette måtte vera rett Martha.  Det fanst rett nok eit par alternativ i FT1801, MEN, ei frå Gulen vart gift i Gulen og ei i Etne vart gift i Etne, og dessutan høver namneoppkallingi av dotteri Ingeborg etter mori...

 

Eg skal ogso studera dei andre innleggi, der eg ser fleire spennande opplysningar, men det er på tide for meg å ta kvelden.  Eg ville berre i denne omgongen få konsentrera meg om Martha Ottesdotter og huslyden hennar og kjem attende med resten i morgon:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Dette manuskriptet er no erstatta av eit nytt i Innlegg #16 under

 

Kanskje er det mogeleg å finna fleire detaljar om denne huslyden, både i Innvik og i Bergen?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane
Posted (edited)

Innlegg #16:

 

Eg takkar på ny for dei mange spennande innleggi frå i aftes!  Imponerande!

 

Eg har i dag hatt mange spennande timar der eg for det meste har vore oppteken med ein gjennomgong av denne huslyden.  Spennande var det òg å slå fast at ein av sønene hennar Martha Ottesdotter gifte seg med ei av døtrene hans Ole Christensen!  Eg har elles finne svar på mange av utfordringane, men sit særleg att med følgjande:

 

** Stadfesting av opphavi til foreldri hans Anton(ius) Nilsson frå Innvik i Nordfjord, Gytri og Høyalmen, og bustaden deira under Høyalmen?

 

** Dødsfallet til styrmann Anders Berge Simonsen - mellom 1865 og 1875 - kan henda i ei framand hamn?  LØYST

 

** Lagnaden til Lars Antonisen, fødd 1823 og konfirmert i 1839?

 

** Omstendi kring dødsfallet/forliset til styrmann Christen Christensen i 1850?

 

** Dødsfallet til Salomon Andreas f. 1830?

 

** Omstendi kring dødsfallet/forliset til styrmann Christian Olaus Christensen i 1854?

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript som erstattar manuskripti både Innlegg #1 og Innlegg #15:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Olson Kalhagen, frå Lunden under Kalhagen, vart døypt 30.9.1781 og gifte seg i Jostedalen 10.3.1805 med Ingeborg Larsdotter frå Garshaugen under Nedreli i Jostedalen, f. i Jostedalen kring 1767.  Christen Olson fekk 4.6.1805 feste på den eldste av dei to plassane i Steinkjelen under Rønnei og rydda visstnok plassen på same tidi.  Han og Ingeborg vart buande i Steinkjelen fram til kring 1810.

Christen og Ingeborg Olsen flytte kring 1810 til Bergen.  Christen var der ei tid matros, men sidan finn me han att som arbeidsmann.  Parfolket busette seg i Trangesmuget i Bergen der Ingeborg d. 18.5.1841.  Christen Olsen d. same staden 14.9.1845, og vart då kalla Christen Olsen Kaalhaven(!).

Christen Olson og Ingeborg fekk to søner i lag; dessutan hadde Ingeborg ei dotter frå før:

 1. Martha Ottesdotter, dotter av Ingeborg og husmann Otto Olson på Ottemoen under Alsmo (1755-1828), vart døypt i Jostedalen 22.2.1789 og budde i 1801 hjå mori på Stegen under Bruheim i Jostedalen.  Kan henda flytte ho sidan med mori til Lunden.

Martha Ottesdotter flytte kring 1810 med mori og stefaren til Bergen og gifte seg i Nykyrkja i Bergen 21.6.1818 med Anthonius Nilsson frå Høyalmen i Innvik, i Bergen kjend som Anton Nielsen.  Han var son av strandsitjar Nils Anthoniusson på ein plass

 

##### (kva for ein plass? – 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058410003965

 

under Høyalmen, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen? – Gytri? – vigsli: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000001605

 

og kona Mari Nilsdotter frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksi? – Høyalmen?)

 

og vart døypt i Innvik 24.3.1788.  Anton var dagarbeidar, og parfolket budde ei tid i Tvedtegården, men var frå kring 1824 busette i Strangehagen på Nordnes i Bergen der Martha d. 4.11.1861.  Anton Nielsen d. same staden 21.12.1864.  Dei fekk seks born i lag:

 

##### (NB: Dødsmeldingi hennar: 4 myndige born – ikkje namngjevne – dødsmeldingi hans: «myndige born»)

 

a. Marie Antonisen, f. i Bergen 20.5.1818, d. som styrmannsenkje i Bergen 7.5.1910.  Ho gifte seg i Nykyrkja i Bergen 30.7.1843 med Anders Berge Simonsen frå Bergen, f. i Bergen 24.1.1819.  Han d. om bord på hospitalskipet i Cardiff, Wales 18.11.1870.  Anders var matros og sidan styrmann, men som enkje livnærte Marie seg som iglekone.  Dei budde i Fredriksbergsgaten på Nordnes i Bergen og fekk seks born i lag.

b. Ingeborg Antonisen, f. i Bergen 8.8.1820, d. som almisselem på arbeidsanstalten Bergen 2.3.1860, ugift.

c. Nils Christian Antonisen, f. i Bergen 13.12.1821, d. som matros i Bergen 19.9.1854, ugift.

d. Lars Antonisen, f. i Bergen 3.10.1823

 

     ##### (konf. 1839 – levde 1861 – lagnaden hans?)

 

e. Anton Antonisen, f. i Bergen 17.10.1825, d. som styrmann i Bergen 8.4.1888.  Han gifte seg i Nykyrkja i Bergen 23.3.1862 med søskenbarnet Ingeborg Oline Olsdotter Christensen, dotter av morbroren Ole Christensen herifrå Steinkjelen under Rønnei (sjå under).  Ho var f. i Bergen 4.10.1832 og d. som styrmannsenkje i Bergen 3.5.1892.  Anton var styrmann, og han og Ingeborg tok over barndomsheimen hans i Strangehagen i Bergen.  Dei fekk fire born i lag.

f. Mads Martin Antonisen, f. i Bergen 9.8.1828, d. som tvangslem på arbeidsanstalten i Bergen 20.5.1891.  Mads gifte seg i Nykyrkja i Bergen 28.5.1854 med Karen Elisabeth Simonsdotter Andersen (Dahl) frå Bergen, f. i Bergen 21.10.1822.  Ho d. som sjømanskone på arbeidsanstalten i Bergen 1.6.1888.  Mads var matros og sidan riggjar, og han og Karen budde ulike stadar i Bergen.  Dei fekk tre søner i lag.

 2. Ole Christenson (1804-1804).

 3. Ole Christenson, døypt 13.4.1806,

Ole Christensen flytte med foreldri til Bergen kring 1810 og gifte seg i Bergen 19.11.1826 med Anna Gurine Salomonsen frå Bergen.  Ho var dotter av overstuar Salomon Olsen i Bergen, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen? – Tingestad i Egersund? - https://media.digitalarkivet.no/view/8643/492

 

og kona Anna Birgitte Sivertsdotter Dahl frå Bergen og vart døypt i Bergen 15.4.1804.  Liksom faren reiste også Ole Christensen til sjøs, først som matros, sidan som styrmann og til sist som skipper.  Han siglde for det meste på Østersjøen, men han og Anna budde visstnok fleire stader både i Tydskesmuget og i Trangesmuget på Nordnes i Bergen.  Ole d. under opphald i Königsberg, Aust-Preußen 16.8.1849, medan Anna d. som enkje i Bergen 29.11.1851.  Dei fekk sju born i lag:

a. Christen Olson Christensen, f. i Bergen 23.6.1828, var styrmann til sjøs, men miste livet då skonnerten han siglde på forliste

 

     ##### (kvar skjedde dette – på veg frå Stubbekøbing på Falster til Trondheim – kva dato 1850? – uklar annonse!)

 

b. Salomon Andreas Olson Christensen, f. i Bergen 19.12.1830, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – Bergen i 1831?)

 

c. Ingeborg Oline Olsdotter Christensen (1832-1892), vart gift med søskenbarnet Anton Antonisen (1825-1888), son av fasteri Martha Ottesdotter herifrå Steinkjelen under Rønnei (sjå over).

d. Christian Olai Olson Christensen, f. i Bergen 29.11.1834, miste livet som styrmann til sjøs

 

     ##### (feb. 1854 på veg frå St. Uebes til Bergen – fleire detaljar om dette skipsforliset?)

 

e.  Anne Oline Ellevine Olsdotter Christensen, f. i Bergen 24.3.1839, d. i Bergen 19.3.1891.  Anna gifte seg i Bergen 8.5.1862 med Hans Hansen Ludvigson Balchen, f. i Bergen 25.6.1837.  Han d. under opphald i Mykolajiv, Ukraina 19.9.1866.  Hans Balchen var styrmann og sidan skipper, men fall tidleg ifrå, og Anne livnærte seg sidan som industriarbeidar.  Parfolket budde for det meste i Tydskesmuget i Bergen og fekk to søner i lag.

f. Salomon Olai Olson Christensen, f. i Bergen 11.2.1846, d. i Bergen 21.2.1846.

g. Oline Salomine Adolphine Olsdotter Christensen, f. i Bergen 18.5.1847, d. i Bergen 9.4.1848.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg ville gleda meg stort over fleire detaljar og sender nok ein kjempetak for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #18:

 

Hjarteleg takk til Carl for siste innlegg med løysing på den eine gåta!  Eg har oppdatdert manuskriptet i Innlegg #16 deretter!

 

Kjempebra og ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #20:

 

Hjarteleg takk til Carl for eit nytt spennande innlegg!

 

Eg tykkjer det står noko om at han «formenes at være omkommen paa en Søereise med Hans Lund der afgik fra Helsingør den 4. Dec. f. A. uden at Noen(?) siden har hørt det mindste om dem» 

 

Det høyrest ut som denne skonnerten aldri vart attfunnen...

 

Kanskje nokon har ei betre tolking av dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand om denne huslyden!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.