Jump to content
Arkivverket

Lars Pederson Høyum (1843-1922) - jarnbanefunksjonær i Christiania med svensk kone - Augusta Erika frå Söderåkra i Kalmar län - opphavet hennar? - vigsli til son deira i Christiania?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Huslyden til denne jarnbanebetjenten frå Luster, som flytte til Christiania, jobba eg ivrig med på 1980-talet, og eg fann ut mykje, men fleire detaljar manglar, som kanskje no let seg gjera å finna.  Særleg gjeld det detaljar om den svenske kona hans.  Kan nokon hjelpa meg, please?

 

Manuskriptet mitt ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Pederson {Høyum}, f. {i Luster} 5.10.1843,

Lars Høyum flytte i ung alder til Christiania (Oslo), og der gifte han seg 26.8.1877 med Augusta Erika Karlsson frå

 

##### (Söderåkra i Kalmar län, Sverige)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar – fulle namn, bustad, yrke og opphav?)

 

og f. i Söderåkra, Kalmar län i Sverige 5.2.1851.  Lars Høyum var jarnbanebetjent og budde i Pilestredet i Christiania sist i 1870-åri, men sidan vart han baneformann ved Østbanen.  Kring hundreårsskiftet budde huslyden i Arups gate i Christiania, og Lars d. i Christiania 14.2.1922.  Augusta Høyum d. som enkje same staden 20.10.1929.  Dei fekk ein son i lag:

a. August Ludvig, kjend som Ludvig Larsson Høyum, f. i Christiania 3.8.1884, d. i Oslo 2.3.1947.  Ludvig gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1910!?)

 

     med tremenningen Karoline Ovidia Johansdotter Wiik, ei dotterdotter av husmannssonen Ole Henrikson herifrå Krigsvolden under Høyeim (1816-1872) (sjå over).  Ho var f. i Bergen 20.11.1883 og d. i Oslo 18.11.1943.  Ludvig Høyum var vaktmann, og han og Karoline budde i Oslo levetidi ut.  Dei fekk ei dotter i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen
14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ludvig Høyum var vaktmann, og han og Karoline budde i Oslo levetidi ut.  Dei fekk ei dotter i lag.

De fikk to døtre: Aase Augusta Sofie (12.4.1906 - 12.12.1907) https://media.digitalarkivet.no/view/1880/5

og Agnes Antonie (20.5.1907 - ).

 

 

Edited by Lars Johannessen
Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen

 

 

11 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

August Ludvig, kjend som Ludvig Larsson Høyum, f. i Christiania 3.8.1884, d. i Oslo 2.3.1947.  Ludvig gifte seg

 

 

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1910!?)

 

 

 

     med tremenningen Karoline Ovidia Johansdotter Wiik,

 

Vielsen 12.2.1906 https://media.digitalarkivet.no/view/25779/29

Brukslenke for sidevisning https://www.digitalarkivet.no/kb10040907030030

Her er August Ludvigs far oppgitt som sjømann Svend Anton Karlsen.

 

 

 

 

Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen

Dåpen til August Ludvig f. 3.8.1884, foreldre Svend Anton Karlsson og Marie Grønvold.  https://media.digitalarkivet.no/view/5824/291

Brukslenke for sidevisning https://www.digitalarkivet.no/kb20060926010420

Svend Anton var bror til Augusta https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-CSGC-F9N7-K?cc=2790465&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AQLG4-XR4B

 

 

Edited by Lars Johannessen
Link to post
Share on other sites
Kari Aabelvik

Augusta Erika f. 5/2 1851 i Søderåkra,Kalmar län. Foreldre dräng Carl Johan Svensson og  festekvinnan pigan Ingrid Maria Andersdtr., bosted Bergkvarna. (de giftet seg 16/10 1851 i Ljungby).

 

Carl Johan Svensson står i senere husf. in inhyst (leierboer)

Carl Johan Svensson f. 19/4 1822 i Ljungby,Kalmar län,foreldre arrendator Sven Nilsson f. 12/3 1779 og Stina Nilsdtr. ,f. 1778,bosted Koholma i Ljungby.

 

Ingrid Maria Andersdtr. f. 5/10 1821 i Kristianopel,Blekinge. Foreldre sjømann Anders Pehrsson f. 23/9 1792 i Kristianopel og Cecilia Nilsdtr. f. 4/3 1801 i Kristianopel, bostedÄppelås,Kristianopel.

 

 

Hilsen Kari

 

Edited by Kari Aabelvik
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane
Posted (edited)

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Lars J., Anton og Kari for spennande og imponerande innlegg!

 

Eg har fått svar på alle spørsmåli mine, og manuskriptet mitt ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Pederson {Høyum}, f. {i Luster} 5.10.1843,

Lars Høyum flytte i ung alder til Christiania (Oslo), og der gifte han seg 26.8.1877 med Augusta Erika Carlsdotter frå Söderåkra i Kalmar län, Sverige, kjend som Augusta Karlsson.  Ho var dotter av tenestedreng Carl Johan Svensson på Bergkvarna i Söderåkra, opphavleg frå Koholmen i Ljungby, Kalmar län, og kona Ingrid Maria Andersdotter frå Äppelås i Kristianopel, Blekinge län og f. i Söderåkra, Kalmar län i Sverige 5.2.1851.  Lars Høyum var jarnbanebetjent og budde i Pilestredet i Christiania sist i 1870-åri, men sidan vart han baneformann ved Østbanen.  Kring hundreårsskiftet budde huslyden i Arups gate i Christiania, og Lars d. i Christiania 14.2.1922.  Augusta Høyum d. som enkje same staden 20.10.1929.  Dei fekk ikkje born i lkag, men tok til seg og adopterte ein brorson hennar:

a. August Ludvig, kjend som Ludvig Svendson Høyum, f. i Christiania 3.8.1884, d. i Oslo 2.3.1947.  Ludvig gifte seg i Gamlebyen kyrkje i Christiania 12.2.1906 med tremenningen Karoline Ovidia Johansdotter Wiik, ei dotterdotter av husmannssonen Ole Henrikson herifrå Krigsvolden under Høyeim (1816-1872) (sjå over).  Ho var f. i Bergen 20.11.1883 og d. i Oslo 18.11.1943.  Ludvig Høyum var vaktmann, og han og Karoline budde i Oslo levetidi ut.  Dei fekk to døtrer i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand.  Eg er kjempenøgd!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen

Kan sikkert være litt "petimeter" nå, men August Ludvig sine biologiske foreldre var jo ikke Lars P. og Augusta....?

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #10:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for eit oppmerksamt innlegg!

 

Det hadde gått meg «hus forbi» at August Ludvig ikkje var rette sonen, so eg har no retta opp manuskriptet i Innlegg #8 ovanfor!

 

Ein ny kjempetakk frå framifrå bistand!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.