Gå til innhold
Arkivverket

Abelona Pedersdotter frå Høyeim i Luster (1847-1911) gift i Amerika med Ole L. Rowe frå Balestrand (1857-1951) - opphavet hans? - kven var svigersonen Charles Tente og opphavet hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg jobba med denne problemstillingi alt i 1982, men vart aldri klok på dette sambandet hans Ole Rowe til Balestrand!  Foreldri var paktarar på Hammersnes i Balestrand då Ole var fødd, men kvar var faren ifrå og kvifor namnet Rud/Rowe?

 

Eg har òg litt vanskar med opphavet til svigersonen Charles Tente frå Westfalen...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #15 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

24 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Ernst August Tente

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/94000149:9866

 

Name: Ernst August Tente
Gender: Male
Baptism Date: 23. Okt 1859 (23 Oct 1859)
Baptism Place: Evangelisch, Bergkirchen,Westfalen,Preussen
Father: Heinrich Tente
Mother: Wilhelmine Korte
FHL Film Number: 470116
Lenke til kommentar
Del på andre sider

25 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Marie Luise Tieman

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/68641795:9866

 

Name: Marie Luise Tiemann
Gender: Female
Birth Date: 5 Oct
Baptism Date: 10. Okt 1858 (10 Oct 1858)
Baptism Place: Evangelisch,Gehlenbeck,Westfalen,Prussia
Father: Karl Heinrich Tiemann
Mother: Marie Luise Burkamp
FHL Film Number: 1051547
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bror til Ole?

 

John Larsen Ród

 in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969

Name:John Larsen Ród

Gender:Male

Record Type:Marriage 

Marriage Date:12 Nov 1873

Marriage Place:Stoughton, Wisconsin, USA

Father:Lars Nilsen R

Mother:Maria Johnson

Spouse:Dena Laretta Himle

Church Name:Koshkonong

Church Location:Stoughton, Wisconsin

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=ELCAbmd&indiv=try&h=495578

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars N. Rowe

in the U.S., Find a Grave Index, 1600s-Current

Name:Lars N. Rowe

Birth Date:29 Sep 1818

Death Date:1897

Cemetery:Saint Pauls Liberty Lutheran Cemetery

Burial or Cremation Place:Deerfield, Dane County, Wisconsin, United States of America

Has Bio?:N

Spouse:Mary A. Rowe

Children:Settonel Rowe

 

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/154934338:60525

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars N Rowe

in the 1870 United States Federal Census

Name:Lars N Rowe

Age in 1870:52

Birth Year:abt 1818

Birthplace:Norway

Dwelling Number:97

Home in 1870:Medina, Dane, Wisconsin

Gender:Male

Post Office:Columbus

Occupation:Farmer

Father of Foreign Birth:Y

Mother of Foreign Birth:Y

Male Citizen Over 21:Y

Personal Estate Value:800

Real Estate Value:3000

Inferred Spouse:Mary Rowe

Inferred Children:Nels L RoweSusan RoweJohn L RoweHelen RoweMary RoweOle RoweLewis RoweJane RoweNellie Rowe

Household MembersAge

Lars N Rowe52

Mary Rowe50

Nels L Rowe25

Susan Rowe23

John L Rowe21

Helen Rowe18

Mary Rowe16

Ole Rowe13

Lewis Rowe10

Jane Rowe7

Nellie Rowe2

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

44 minutes ago, Lars Johannessen said:

Dåpen 11.10.1818 i Leikanger

Lars, foreldre Nils Olsen Røe og Helga Larsdatter

 

Helga Larsdotter Rud

1794–1821

BIRTH 1794 • Rudgard, Balestrand District, Sogn Fjord, Norway

DEATH 1821 • Rudgard at age 27

 

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/62447102/person/34085725249/facts

 

1801 FT 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/census/person/pf01058393002576

 

Ekteskap

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/327/pv00000001542961

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ekteskap av foreldre til Helga.

 

Lars Olsen

 in the Norway, Select Marriages, 1660-1926

ame:Lars Olsen

Gender:Male

Marriage Date:31 mai 1790 (31 May 1790)

Marriage Place:, Leikanger, Sogn Og Fjordane, Norway

Spouse:Magdelie Hansdr

FHL Film Number:126467

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070511630162

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 hours ago, Lars E. Øyane said:

Han var son av paktar Lars Nilsson på Hammarsnes, opphavleg frå

 

 

 

##### (kvar fødd og oppvaksen? – Rud – eller Eitun?)

 

 

 

og kona Maria Johnsdotter frå Kvalheim og f. i Balestrand 19.3.1857.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine i

 

 

 

 

Helga Larsen

 in the Norway, Select Baptisms, 1634-1927

Name:Helga Larsen
[Helga Olsen] 

Gender:Female

Baptism Date:25 okt 1794 (25 Oct 1794)

Baptism Place:, Leikanger, Sogn Og Fjordane, Norway

Father:Lars Olsen

FHL Film Number:126467

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070511630253

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje mannen til Helga. Andre ekteskap?

 

Niels Olsen Niøss i 1801 FT 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/census/person/pf01058393000723

 

Niels Olsen

 in the Norway, Select Baptisms, 1634-1927

Name:Niels Olsen

Gender:Male

Baptism Date:15 des 1767 (15 Dec 1767)

Baptism Place:, Leikanger, Sogn Og Fjordane, Norway

Father:Ole Michelsen

Mother:Ingeri Andersdr

FHL Film Number:126466

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070511620683

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #15:

 

Hjarteleg takk til Sven, Anton og Lars J. for mange spennande og interessante innlegg!

 

Eg er framleis svært i stuss når det gjeld opphavet til Rowe-ætti.  Den sidetalsreferensa som du Lars oppgjev i siste innlegget, finn eg ikkje att.  So eg ser ikkje kva gard dette er referert til.  Eg har berre den redigerte ætteboki for Balestrand frå 1985 der Kvamsøy er teke med, men gardane på Leikanger-sida ytst i Fjærlandsfjorden, som då høyrde til Leikanger, manglar, mellom anna Eitun.  Kanskje garden Rød (eller Rud?) ogso ligg der?

 

Elles har eg oppdatert manuskriptet frå Innlegg #1, og dette ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Abelona Pedersdotter {Høyum}, f. {i Luster} 11.1.1847,

Abelona Andrea Hoium utvandra til Amerika i 1873 og gifte seg i Dane Co., Wis. 29.10.1876 med Ole Larsson frå Hammarsnes i Balestrand, i Amerika kjend som Ole L. Rowe.  Han var son av paktar Lars Nilsson på Hammarsnes, opphavleg frå Rød i Balestrand, og kona Maria Johnsdotter frå Kvalheim i Kvamsøy og f. i Balestrand 19.3.1857.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1857.  Ole Rowe var arbeidsmann («laborer») i Madison, Dane Co., Wis. då han gifte seg, men i 1879 slo han og Abelona seg ned som farmarar i Auburn township, Chippewa Co., Wis.  Kring 1890 flytte dei til ein farm i Grant township, Dunn Co., Wis., men kort etter hundreårsskiftet flytte dei til ein farm i Washburn township, Bayfield Co., Wis. der Abelona d. 8.6.1911.  Ole Rowe flytte sidan til St. Paul, Minn. der han d. 22.3.1951.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Lewis Peder, kjend som Pedal Rowe, f. i Dane Co., Wis. 4.4.1877, d. i Colfax, Wis. 31.3.1945.  Pedal gifte seg i Dunn Co., Wis. 9.5.1903 med Ida May Helgeson, f. i Eau Claire Co., Wis. 22.5.1881.  Ho d. i Colfax, Wis. 2.2.1963.  Pedal Rowe var smed og verkstadeigar («blacksmith and repair shop owner»), og han og Ida budde i Colfax. Dunn Co., Wis.  Dei fekk fire born i lag.

b. Anna Maria, kjend som Mary Rowe, f. i Dane Co., Wis. 19.9.1878, d. i Ashland, Wis. 30.5.1963.  Mary gifte seg i St. Paul, Minn. 27.3.1907 med Karl Heinrich Ernstson Tente frå Gehlenbeck i Lübbecke, Nordrhein-Westfalen i Tyskland, i Amerika kjend som Charles Henry Tente.  Han var son av

 

     ##### (yrkestitel?)

 

     Ernst August Heinrichson Tente i Gehlenbeck, opphavleg frå Bergkirchen, og kona Marie Luise Karlsdotter Tiemann frå Gehlenbeck og f. i Gehlenbeck, Nordrhein-Westfalen, Tyskland 10.7.1880.  Han utvandra til Amerika i 1904. 

 

     ##### (sjekka utvandringsåret hans?)

 

     og d. i Ashland, Wis. 30.11.1961.  Mary dreiv hattebutikk («millinery shop owner»), medan Charles var frisør («barber»).  Dei budde i Ashland, Ashland Co., Wis. og fekk ein son i lag.

c. Herman Rowe, f. i Chippewa Co., Wis. 31.1.1880, d. i Washburn, Wis. 5.11.1962.  Han gifte seg i Dunn Co., Wis. 16.11.1907 Johannah Marie Harstad, f. i Barron Co., Wis. 15.10.1882.  Ho d. i Milwaukee, Wis. 6.11.1950.  Herman og Johannah farma først i Sand Creek township, Dunn Co., Wis., men flytte sidan til ein farm i Washburn township, Bayfield Co., Wis.  Dei fekk fire born i lag.

d. Ingeman Rowe, f. i Chippewa Co., Wis. 27.10.1881, d. i Washburn, Wis. 15.12.1947.  Ingeman farma i Barksdale township, Bayfield Co., Wis., men var ugift.

e. Josephine Rowe (1883-1952), vart gift med søskenbarnet, gardbrukarsonen Peder Olson Næss frå Nessvoll, Nes (bnr. 24) (1881-1963) (s.d.).

f. Gerhard Rowe, f. i Chippewa Co., Wis. 19.2.1885, d. i St. Paul, Minn. 15.4.1956.  Han gifte seg i Bayfield Co., Wis. 14.4.1915 med Nora LaVerne Downey.  Ho var f. i Fond du Lac Co., Wis. 28.3.1897 og d. i Los Angeles, Cal. 4.1.1966.  Gerhard Rowe var snikkar («carpenter»), og han og Nora budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn.  Dei fekk tre born i lag.

g. Laura Rowe, f. i Chippewa Co., Wis. 22.4.1887, d. i Hinsdale, Ill. 11.11.1954.  Laura gifte seg i Bayfield Co., Wis. 9.12.1909 med Arthur George Halverson, sidan kjend som Arthur G. Halderson.  Han var f. i Bayfield Co., Wis. 22.10.1889 og sette livet til ved ei jarnbaneulukke i Racine, Wis. 9.3.1947.  Laura var syerske og kokke («seamstress and cook»), medan Arthur var jarnbanekonduktør og sidan bilseljar («railroad conductor and car salesman»).  Dei budde i Washburn, Bayfield Co., Wis., i Ashland, Ashland Co., Wis., og sidan i Park Falls, Price Co., Wis., men vart skilde kring 1932.  Arthur var sidan krohaldar («tavern keeper») i Merrill, Lincoln Co., Wis., medan Laura flytte til Chicago, Cook Co., Ill.  Dei fekk fem born i lag.

h. Hilda Sirene Rowe, f. i Dunn Co., Wis. 12.4.1892, d. i Washburn, Wis. 17.5.1960.  Hilda gifte seg i Bayfield Co., Wis. 21.4.1921 med Carl Gustaf Sampson.  Han var f. i Bayfield Co., Wis. 1.8.1897 og d. i Ashland 2.6.1983.  Carl Sampson var fabrikkformann («factory foreman»), og han og Hilda budde i Washburn, Bayfield Co., Wis.  Dei fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #17:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget!

 

Gjennom samanlikning med den reviderte bygdeboki for Balestrand ser eg at fem gardar er borte:

 

36. Hellen

37. Rud

38. Vestreim

39. Eitorngjerde

40. Eitorn

 

So desse må då vera tillagde Leikanger; kanskje skjedde dette i samband med Skei-komitéen sitt arbeid i 1963?

 

Kanskje burde me endra namnet frå Rød til Rud i manuskriptet, men eller er den delen av problemet løyst!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er litt i tvil om hvor mye du vil vite? Gjelder det bare Ole Rowe, eller samtilge efterkommere av Lars Nilsson Rowe fra Rud i Leikanger?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #19:

 

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegg!

 

Det er berre huslyden til Ole Rowe eg treng, sidan han fann kona si frå Luster.  Eg har meir enn nok med å halda «styr» på over 6500 emigrantar berre frå Luster inkl. Hafslo og Jostedalen åleine...

 

Men eg vil jo gjerne rå til at det vert samla opplysningar ogso om resten av Rowe-ætti. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
På 3.4.2021 den 13.32, Lars E. Øyane skrev:

Innlegg #17:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget!

 

Gjennom samanlikning med den reviderte bygdeboki for Balestrand ser eg at fem gardar er borte:

 

36. Hellen

37. Rud

38. Vestreim

39. Eitorngjerde

40. Eitorn

 

So desse må då vera tillagde Leikanger; kanskje skjedde dette i samband med Skei-komitéen sitt arbeid i 1963?

 

Kanskje burde me endra namnet frå Rød til Rud i manuskriptet, men eller er den delen av problemet løyst!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Innlegg # 20:

 

Som du skriv, Lars, er desse gardane kome til Leikanger i 63 (eller 64) pga Skei-komiteen. 

Men dei er ikkje komen i nokon Bygdabok, som er komen ut enno.

 

Ha ein Kjekk og Koselig SØTTANDES !

 

Lev vel !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg # 21: 

Eg er framleis svært i stuss når det gjeld opphavet til Rowe-ætti.  Den sidetalsreferensa som du Lars oppgjev i siste innlegget, finn eg ikkje att.  So eg ser ikkje kva gard dette er referert til.  Eg har berre den redigerte ætteboki for Balestrand frå 1985 der Kvamsøy er teke med, men gardane på Leikanger-sida ytst i Fjærlandsfjorden, som då høyrde til Leikanger, manglar, mellom anna Eitun.  Kanskje garden Rød (eller Rud?) ogso ligg der?

Dette skriv du i # 15 den 2 april, Lars !

 

Lars J. visste deg i innlegget på RUD om ein Nils Olson Njøs f ca 1762, og omlag 30 år eldre enn kona. Ho døydde i 1821. Og let etter seg mann og 2 søner. Ein av dei er Lars gift m/ Marie Jonsdtr Kvalheim. Pakta eit bruk i Eitodn.  emigrer han og kona m/ ongar til Amerika 30 mars 1857.

https://www.digitalarkivet.no/kb20070302620131

 

Kvifor er du slik i stuss, Lars ?  At sonen Ole f 19 mars 1857, på sin tur over havet ikkje overlever ?  Han er tross alt kun 11 dg, iflg presten sine notater.

Døypt 25 mars 1857:  https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070302610400.jpg 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #22:

 

Hjarteleg takk til Jon for siste innleggi!

 

Eg er no ikkje lenger i stuss når det gjeld opphavet til denne ætti; stussen forsvann forsovidt etter siste innlegget frå Lars J...

 

Elles ein forseinka sautjande mai til deg ogso.  Eg såg på fjernsynet at vêret i Bergen var svært so bra.  Her var det surt og kaldt, men eg har børja nedteljingi til avreisa mi til Middelhavet med sol og varmt saltvatn...  Smitteverdiane der eg skal, er raskt minkande, ligg no kring 50 eller om lag på same nivå som i Noreg!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.