Gå til innhold
Arkivverket

John C. Anderson, fødd i Bohuslän i Sverige 21.9.1839 - gift i Madison, WI 1871 - kven var denne svensken - opphavet og utvandringi hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år spekulert på opphavet til svensken John C. Anderson, som i 1871 gifte seg i Madison, WI med ei jente frå Luster, Cecilia Aamundsdotter Rønnei.  Barneborni hans (som eg hadde kontakt med for 40 år sidan), meinte John kom frå Stockholm, men vigselsattesten som eg fann i dag:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRLN-H6Q

 

syner at fødestaden hans var Bohuslän, og sidan eg no òg kjenner dei «amerikaniserte» namni til foreldri hans, let det seg kanskje gjera å finna opphavet hans?  Kan nokon please hjelpa meg?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Cecilia Aamundsdotter {Rønnei}, f. {i Luster} 5.11.1848,

Cecelia Nelson utvandra til Amerika i 1866 og gifte seg i Madison, Wis. 20.11.1871 med

 

##### (mannen sitt fulle svenske namn? – opphavet hans? – Bohuslän!?)

 

i Amerika kjend som John C. Anderson .  Han var son av

 

##### (Anders Pederson og Nellie!? - fulle namn, yrke, bustad og opphav?)

 

og f. i

 

##### (fødestaden hans? – Bohuslän?)

 

21.9.1839.  Han utvandra til Amerika

 

##### (utvandringsåret hans?)

 

John Anderson var målar («painter»), og han og Cecelia busette seg i Madison, Dane Co., Wis. der Cecelia d. 21.6.1906.  John Anderson d. same staden 15.12.1915.  Dei fekk tre born i lag:

a. Adolph Carl Anderson, f. i Dane Co., Wis. 27.12.1873, d. i Dane Co., Wis. 6.5.1940.  Han gifte seg i Dane Co., Wis. 19.7.1905 med Eleanor Ann Rinders, f. i Dane Co., Wis. 27.9.1873.  Ho d. i Madison, Wis. 16.1.1950.  Adolph Anderson var maskinist og formann i ein maskinverktyfabrikk («machinist and foreman in a machine tool factory»).  Han og Eleanor budde i Madison, Dane Co., Wis. og fekk 2 søner i lag; dessutan adopterte dei ei dotter.

b. Alma Josephine Anderson, f. i Dane Co., Wis. 3.1.1876, d. i Madison, Wis. 15.3.1960.  Alma var butikkdame («clerk») og budde i Madison, Dane Co., Wis., ugift.

c. Sadie Anderson, f. i Dane Co., Wis. 20.12.1885, d. i Madison, Wis. 15.11.1925.  Sadie var sjukepleiar («nurse») og budde for det meste i Chicago, Cook Co., Ill., likeins ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Sven for ei utfordrande melding!

 

Korkje i FT1880, 1900, 1905 eller 1910 står det nokon mellombokstav på John, so denne C-en har eg truleg lese frå dødsattesten hans i Madison, WI.  Og som alle veit, C og E kan lett «blandast».

 

Elles ser eg at FT1900 nemner utvandringsåret 1865 for John: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120623_00029?usePUB=true&_phsrc=Nzx24885&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=54509636

 

medan FT1910 har han som utvandra i 1860: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7884/images/4454416_00638?usePUB=true&_phsrc=Nzx24886&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=30676574

 

Eg vonar framleis på at det let seg gjera finna John i Sverige og takkar på ny for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Frank Marton for eit interessant innlegg!

 

Eg kan ikkje hugsa at eg har sett denne liktalen for John, truleg ikkje, men her kjem det jo òg fram han skal vera fødd i Stockholm, og at han utvandra i 1867!

 

Eg trur nok meir på vigselsattesten hans m.o.t. fødestad...

 

Tja, kven veit?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høyst usikker, men pike Nilla Persdotter får sønnen Johannes f. 21.09.1839 utenfor ekteskapet i Kristianstad, Skåne.

 

Kan Nilla være Nellie som kanskje senere slo seg sammen med en Anders Pederson? Evt. er Anders Pederson en fosterfar?

 

 

Sweden, Select Baptisms, 1611-1909 - Ancestry.com

 

image.png.51f073cd06b6038ae710b9effae1ed5f.png

 

og

 

Norra Åkarps kyrkoarkiv, Födelse- och dopböcker, SE/LLA/13284/C I/4 (1804-1845) - Riksarkivet - Sök i arkiven

 

image.thumb.png.6bb6216174af271160b13a4bad70a109.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 minutter siden, Frank Marton Pedersen skrev:

Høyst usikker, men pike Nilla Persdotter får sønnen Johannes f. 21.09.1839 utenfor ekteskapet i Kristianstad, Skåne.

 

Kan Nilla være Nellie som kanskje senere slo seg sammen med en Anders Pederson? Evt. er Anders Pederson en fosterfar?

 

 

Sweden, Select Baptisms, 1611-1909 - Ancestry.com

 

image.png.51f073cd06b6038ae710b9effae1ed5f.png

 

og

 

Norra Åkarps kyrkoarkiv, Födelse- och dopböcker, SE/LLA/13284/C I/4 (1804-1845) - Riksarkivet - Sök i arkiven

 

image.thumb.png.6bb6216174af271160b13a4bad70a109.png

Han døde i 1841 iflg HFL:

https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0061235_00248

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Frank Marton og Carl for siste innleggi!

 

Eg set svært stor pris på at de freistar med alle midlar å finna opphavet til John Anderson, og eg er ganske so overtydd om at han før eller sidan vil dukka opp!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.