Jump to content
Arkivverket

Bertha Andreasdotter frå Kalhagen i Luster (1864-1965) - til Eau Claire, WI og sidan til Helena, MT - ein utfordrande huslyd i «ville vesten»?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Bertha Andreasdotter frå Kalhagen i Luster (1864-1965) var nok full av eventyrlyst då ho alt kring 1890 flytte frå det «rolege» Eau Claire, WI til «ville vesten» Helena, MT.  Ho vart gift to gongar og opplevde nok litt av kvart før ho døydde knapt 101 år gamal!

 

Men er det mogeleg å finna nokre av dei detaljane som framleis manglar i biografien hennar?  Dei fleste av desse opplysningane vart samla på 1980-talet, og det er i grunnen ikkje so altfor mykje som manglar:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #4 under:

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee
58 minutes ago, Lars E. Øyane said:

som reingjeringsassistent («laundress»), men gifte seg 23.1.1901 att i Butte, Mont. med enkjemannen Charles J.

 

 

 

##### (middle name?)

 

 

 

Brackett, f. i

 

 

 

##### (date and place of his birth? – NY about 1868!)

 

 

 

Charles Brackett var trygdeagent («insurance broker»), og han og Bertha budde òg i Helena, Lewis and Clark Co., Mont. til dei vart skilde kring 1911.  Charles flytte året etter til San Diego, Cal., men

 

 

 

##### (what became of him?)

 

 

Charles J Brackett

 in the Montana, U.S., County Marriages, 1865-1987

Name:Charles J Brackett

Gender:Male

Race:White

Age:34

Birth Date:abt 1867

Birth Place:Brooklyn, Kingo, N Y

Marriage Date:23 Sep 1901

Marriage Place:Butte, Silver Bow, Montana, USA

Father:Charles L Brackett

Mother:Frances J Brackett

Spouse:Bertha Thompson

Certificate Number:6722

 

Charles Brackett

 in the New York, New York, U.S., Index to Birth Certificates, 1866-1909

Name:Charles Brackett

Gender :Male

Race :White

Birth Date:4 Sep 1867

Birth Place:Brooklyn, New York City, Kings, New York, USA

Residence Address:Douglas Street 42 1/2

Certificate Number:3338

Father:Charles L. Brackett

Mother:Frances Jane Brackett

Mother Maiden Name:Smith

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?dbid=61779&h=797598&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=5187

 

 

 

 

 

Edited by Anton Hagelee
Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee

 

Charles J Brackett

 in the California, U.S., Death Index, 1905-1939

Name:Charles J Brackett

Birth Year:abt 1867

Death Date:31 Dec 1936

Age at Death:69

Death Place:San Diego, California, USA

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=5187&h=476405&ssrc=pt&tid=82085156&pid=200185426752&usePUB=true

 

Charles J Brackett

in the California, U.S., Voter Registrations, 1900-1968

Name:Charles J Brackett

Residence Date:1922

Street Address:2860 Copley, Real

Residence Place:San Diego, California, USA

Party Affiliation:Republican

Occupation:Estate

 

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/10542576:61066

 

1930 FT 

 

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/92134324:6224?ssrc=pt&tid=47292812&pid=6910460471

 

 

 

 

 

 

Edited by Anton Hagelee
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Anton for spennande innlegg!

 

Eg ser det er dukka opp ymse opplysningar om denne huslyden hjå ancestry.com, og eg har kunna oppdatera manuskriptet mitt, både med opplysningar frå Anton og ogso med andre eg har finne.

 

Soleis ser manuskriptet mitt i dag slik ut, erstatning for manuskriptet i Innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Bertha Andreasdotter {Kalhagen}, f. {i Luster} 29.5.1864,

Bertha Anderson utvandra til Amerika i 1883 og gifte seg første gongen i Helena, Mont. 10.1.1891 med John A. Thompson, f. i Pittsburg, Penn.

 

##### (exact date of his birth? – 1865/1866 – par: George Thompson and Ann Davidson)

 

John var jarnbanefunksjonær («railroad switchman»), og han og Bertha budde i Helena, Lewis and Clark Co., Mont., men John miste livet der ved eit ulukkeshende alt 5.5.1893.  Bertha arbeidde ei tid som reingjeringsassistent («laundress»), men gifte seg 23.9.1901 att i Butte, Mont. med enkjemannen Charles Joseph Brackett, f. i Brooklyn, Kings Co., N.Y. 4.9.1867.  Charles Brackett var trygdeagent og eigedomsmeklar («insurance and realestate broker»), og han og Bertha budde òg i Helena, Lewis and Clark Co., Mont. til dei vart skilde i 1911.  Charles flytte året etter til San Diego, Cal. der han gifte seg att og heldt fram som eigedomsmeklar («realestate broker»).  Han d. i San Diego, Cal. 31.12.1936.  Bertha Brackett vart sidan styrar for utleigehusvære («operator of an appartment house») og budde i mange år i Helena, Mont., men flytte sidan til Missoula, Mont. der ho d. 8.3.1965, nesten 101 år gamal.  Charles Brackett hadde to døtrer frå første ekteskapet sitt, medan Bertha fekk desse to døtrene, ei frå kvart av ekteskapi:

a. Anna Sylvia, kjend som Sibyl Thompson Brackett, f. i Helena, Mont. 19.1.1892, d. i Helena, Mont. 6.12.1955.  Ho gifte seg første gongen i Helena, Mont. 12.4.1919 med Herbert Holloway Connor, f. i Jasper Co., Ia. 5.7.1875.  Han d.

 

     ##### (place of his death? – still lived in Butte, MT 1945 – not found dead there – bur. Abilene, KS! – home town of his 2nd wife!)

 

     15.7.1947.  Herbert var handelsagent («retail and wholesale salesman»)., og han og Sibby budde i Butte, Silver Bow Co., Mont., men vart skilde i 1931.  Herbert gifte seg att, og 1.9.1938 gifte Sibyl seg att i White Sulphur Springs, Mont. med Albert Wiley King.  Han var f. i Bozeman, Mont. 20.1.1890 og d. i Helena, Mont. 24.1.1955.  Sibyl tok over som styrar for same utleigehusværi som mori («operator of an appartment house»), medan Albert var televerksfunksjonær («telephone company employee»).  Dei budde i Helena, Lewis and Clark Co., Mont., men fekk ikkje born i lag.  Sibyl hadde visstnok ei dotter frå første ekteskapet, men ho d. ugift før mori.

 

     ##### (to be verified? – not found in Montana!)

 

b. Helen Winnefred, kjend som Winnefred Brackett, f. i Helena, Mont. 13.9.1907, d. i Missoula, Mont. 2.1.1982.  Winnefred gifte seg i Butte, Mont. 30.12.1933 med Frank Roger Grady, f. i Silver Bow Co., Mont. 6.7.1905.  Han d. i Missoula, Mont. 9.5.1979.  Frank Grady var assurandør («insurance agency operator»), og han og Winnefred budde for det meste i Missoula, Mont.  Dei adopterte to born.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med opplysningar om denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Oddgeir Fossli
30 minutes ago, Lars E. Øyane said:

Herbert Holloway Connor

Name: Herbert H Conner
Gender: Male
Marriage Age: 56
Record Type: Marriage
Birth Year: abt 1876
Marriage Date: 21 Feb 1932
Marriage Place: Butte, Silver Bow, Montana, USA
Father: William E Conner
Mother: Ina Holloway Conner
Spouse: Pearl Schimmel
Film Number: 001939682
DGS:

004351392

 

 

 

Name: Herbert H. Conner
Birth Date: 5 Jul 1874
Birth Place: Iowa, United States of America
Death Date: 15 Jul 1947
Cemetery: Abilene Cemetery
Burial or Cremation Place: Abilene, Dickinson County, Kansas, United States of America
Has Bio?: Y
Spouse: Pearle Conner

 

 

Herbert H. Conner (1874-1947) - Find A Grave Memorial

 

 

Link to post
Share on other sites
Oddgeir Fossli
37 minutes ago, Lars E. Øyane said:

Sibyl hadde visstnok ei dotter frå første ekteskapet, men ho d. ugift før mori.    ##### (to be verified? – not found in Montana!)

 

Ingen datter nevnt i FT1920 eller FT1930

FT1930

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/106411244:6224

FT1920

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/45846851:6061

 

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Oddgeir for nye spennande innlegg om denne utfordrande huslyden!

 

Kjelda til denne opplysninginom at Sibyl skulle ha ei dotter, kan eg i dag ikkje hugsa.  Eg hadde på 1980-talet kontakt med eitt av adoptivborni etter Winnefred, og truleg var det der eg fekk denne opplysningi.  MEN, eg kan ikkje sjå at nokon Conner/Connor born med desse foreldri var fødde eller døydde i Montana mellom 1918 og 1932, so om ho hadde ei dotter, var barnet kanskje dødfødt?  ELLER, ho kan ha fått barnet som ugift før ho gifte seg med Herbert Conner, og då kan jo barnet ha vorte bortadoptert...?

 

Ikkje godt å seia...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.