Jump to content
Arkivverket

John Bollingberg (1860-1954) - farmar i Eddy og Wells Co., ND - detaljar om huslyden hans?


Recommended Posts

Sven Hjortland
På 6.4.2021 den 22.00, Lars E. Øyane skrev:

Som enkje gifte Idella seg att

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage? – Arizona 1969!)

??

 

https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60873/images/42676_2421406273_0042-00871?treeid=&personid=&hintid=&queryId=8d75f16b0e22c504e3035d032fab997b&usePUB=true&_phsrc=ITW12546&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.112748871.274211209.1618133025-1291571358.1577234306&pId=900611440

 

Name: Idell Bollingberg
Gender: Female
Affidavit or License Age: 58
Affidavit or License Date: 14 Jun 1966
License Place: Maricopa, Arizona, USA
Spouse: August G Guell
Description: Marriage Affidavits 1966
Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/22664267:60901?tid=&pid=&queryId=7723167bafd590cd5f6aea915aae1926&_phsrc=ITW12547&_phstart=successSource

 

Name: Idella Mae Bollingberg[Idella Mae Guell][Idella McCormick][Idella Mae Fredrickson]
Gender: Female
Race: White
Birth Date: 1 Apr 1908
Birth Place: Lignite Burk, North Dakota
Death Date: 21 Dec 1998
Father: Austin Fredrickson
Mother: Anne Holen
SSN: 501548471
Notes: Jul 1964: Name listed as IDELLA MAE BOLLINGBERG; Jun 1966: Name listed as IDELLA MAE GUELL; Mar 1970: Name listed as IDELLA MCCORMICK
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #28:

 

Hjarteleg takk til Sven for nye spennande og inspirerande innlegg!

 

Eg oppdaga no at Idella hadde eit ekteskap imellom dei to me visste om, og eg har freista finna lite vetta opplysningar om andre mannen August Guell, men saknar mellom anna yrket hans...

 

Her følgjer ei ny oppdatering av manuskriptet som erstattar versjonen frå Innlegg #25:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Hansson {Bollingberg}, f. {i Luster} 15.3.1860,

John Bollingberg utvandra til Amerika i 1882 og gifte seg første gongen i Pope Co., Minn. 17.4.1888 med Anna T. Hogy, dotter av gardbrukar Torsten Johannesson frå Høgi i Hafslo (1835-1913).  Anna var f. i Hafslo 15.3.1866, men utvandra til Amerika med foreldri sine alt i 1869.  John og Anna slo seg ned på ein farm i Paradise township, Eddy Co., N.D., der Anna d. i barselseng alt

 

##### (exact date of her death? – summer of 1888!?)

 

John gifte seg så att i Minneapolis, Minn. 6.7.1899 med Anna Marie, kjend som Maria Knutsdotter frå Kalhagen, i Amerika kjend som Mary Kalhagen.  Mary var f. i Luster 20.11.1860 og utvandra første gongen til Amerika i 1885.  I 1896 fór ho attende til Luster, men i 1899 utvandra ho for godt.  Elles kan me leggja til at også John var ein tur heime på vitjing i 1908.  John Bollingberg flytte med andre kona si til ein farm i Bremen township, Wells Co., N.D. der Mary d. 22.4.1932.  John Bollingberg d. same staden 30.5.1954.

Maria Knutsdotter hadde ei dotter før ho utvandra til Amerika:

a. Anna Nilsdotter Kalhagen, dotter av Maria og gardbrukar Nils Nilsson Yttri i Pikhaugen, Mjelvær i Jostedalen (bnr. 5) (1857-1940), var f. i Luster 10.10.1879 og voks opp hjå bestemor si i Kalhagen.

Men i 1900 utvandra Anna Kalhagen til Amerika, og ho gifte seg i Wells Co., N.D. 11.11.1908 med Conrad Marius Hansson Selli frå Selli i Sparbu, i Amerika kjend som Conrad Sellie.  Han var son av gardbrukar Hans Ellingson på Sørenget, Selli, opphavleg frå ein plass

 

##### (kva for ein plass? – Lillemarken?)

 

under Skurset, og kona Anna Margrethe, kjend som Margretha Jacobsdotter frå Selli og f. i Sparbu 18.2.1878, men utvandra til Amerika i 1896.  Anna og Conrad Sellie slo seg ned som farmarar i Hamburg township, Wells Co., N.D. der Anna d. i barselseng 2.7.1918.  Conrad gifte seg 24.3.1920 att i Buffalo, Minn. med Oline Amalie Johansdotter Ingvaldsen frå Hamar, i Amerika kjend som Oline Ingvaldsen.  Ho var dotter av vognmann Johan Jacob Ingvaldsen på Hamar, opphavleg frå Larsbakken under Gaustad søndre i Romedal, og kona Sigrid Halvorsdotter frå

 

##### (Åmot 1858)

 

og f. på Hamar 26.8.1884.  Ho utvandra til Amerika i 1915.  Conrad og Oline vart buande på farmen hans i Hamburg township, Wells Co., N.D. der Oline d. 5.2.1953.  Conrad Sellie d. i Austin, Minn. 27.10.1954.  Han fekk i alt ni born; av dei var desse fem frå første ekteskapet med Anna Kalhagen:

a. Anna Margrethe, kjend som Margaret Sellie, f. i Wells Co., N.D. 12.8.1909, var collegeelev («college student»), men d. ugift i Fargo, N.D. 22.4.1930.

b. Myrtle Berntine Sellie, f. i Wells Co., N.D. 16.8.1911, d. i Moorhead, Minn. 7.1.2003.  Ho gifte seg i Austin, Minn. 3.6.1978 med enkjemannen Ariel Robert Molldrem, f. i Rice Co., Minn. 24.8.1911.  Han d. i Moorhead, Minn. 5.11.2007.  Ariel var prest («Lutheran Minister») i Sandwich, DeKalb Co., Ill., i Chicago, Cook Co., Ill., i Beloit, Rock Co., Wis. og frå 1960 i Moorhead, Clay Co., Minn., medan Myrtle i førti år var lærar («school teacher»), lengste tidi i Austin, Mower Co., Minn.  Frå dei gifte seg i 1978 budde Myrtle og Ariel i Moorhead, Clay Co., Minn.  Dei fekk ingen born i lag, men Ariel hadde tre søner frå første ekteskapet sitt.

c. Helen Sellie, f. i Wells Co., N.D. 16.4.1913, d. i Kilmarnock, Va. 26.7.1984.  Helen gifte seg i Richmond, Va. 26.12.1954 med Charles Frank, kjend som Frank Hazard.  Han var f. i Wood Co., Ohio 13.2.1912 og d. i Richmond, Va. 11.3.1991.  Frank Hazard var hønsefarmar og fabrikkleiar («chicken rancher and plant manager»), medan Helen var lærar og bibliotekar («school teacher and librarian»).  Dei budde rett nord for Richmond i Hanover Co., Va., men flytte som pensjonistar til Kilmarnook, Northumberland Co., Va.  Ingen born.

d. Herbert Edward Sellie, f. i Wells Co., N.D. 31.12.1914, d. i Everett, Wash. 20.11.2001.  Han gifte seg i Fessenden, N.D. 29.12.1940 med Fern Myra Meland, f. i Wells Co., N.D. 29.10.1919.  Ho d. i Everett, Wash. 28.9.2010.  Herbert Sellie var grensevakt («border patrol man»), medan Fern var lærar og bankkasserar («school teacher and bank teller»).  Dei budde ulike stader i Minnesota, North Dakota, Texas, Arizona, New York, Florida, California og Washington, men flytte som pensjonistar til Everett, Snohomish Co., Wash.  Dei fekk to søner i lag.

e. Clifford Norenberg Sellie, f. i Wells Co., N.D. 8.1.1917, d. i Northbrook, Ill. 3.8.2001.  Clifford gifte seg første gongen i Jefferson, Tx. 15.5.1948 med Mary Evelyn, kjend som Emmy Martin, f. i Wichita Co., Tx. 22.10.1924.  Ho d. i Tyler, Tx. 1.3.2020.  Dei budde i Chicago, Cook Co., Ill., men vart skilde før 1952.  Emmy gifte seg sidan att tre gongar og fekk to born.  So gifte Clifford seg att i Östersund i Sverige 6.8.1960 med Margarethe Elise Göransdotter Ekman, f. i Östersund, Jämtland i Sverige 30.7.1934. 

 

     ##### (still living 2021?)

 

     Margarethe har vore sjukepleiar («registered nurse»), medan Clifford var økonomisk rådgjevar («professional consulting engineer»).  Dei budde i Northbrook, Ill.  Clifford fekk to born, som båe var frå andre ekteskapet med Margarethe.

Dette var altso dotteri som Maria Kalhagen hadde, medan ho budde i Luster.

John Bollingberg fekk i alt fem born, eitt frå første ekteskapet og fire frå det andre, men barnet frå første ekteskapet d. straks etter fødselen, og me vantar nærmare opplysningar om namn og datoar:

 

##### (info. on baby?)

 

b. Bertha Aletta Bollingberg, f. i Wells Co., N.D. 16.5.1900, d. i New Rockford, N.D. 23.9.1989.  Bertha gifte seg i Wells Co., N.D. 25.6.1935 med Walter Raymond Green, f. i Murray Co., Minn. 16.1.1906.  Han d.

 

     ##### (place of his death?)

 

     10.1.2002.  Både Bertha og Walter var lærarar («school teachers»).  Dei budde i Humboldt, Minnehaha Co., S.D., men flytte som pensjonistar til New Rockford, Eddy Co., N.D.  Ingen born.

c. Hans Olaf, kjend som Olaf Bollingberg, f. i Wells Co., N.D. 16.2.1902, d. i Bremen, N.D. 18.11.1963.  Han gifte seg i Burke Co., N.D. 11.12.1932 med Idella Mae Fredrikson, f. i Burke Co., N.D. 1.4.1908.  Ho d. i New Rockford, N.D. 21.12.1998.  Olaf og Idella farma i Bremen township, Wells Co., N.D.  Som enkje gifte Idella seg att i Mesa, Az.

 

     ##### (exact date of her 2nd marriage? – license date June 14, 1966)

 

     .6.1966 med enkjemannen August Gilbert Guell, f. i Pawnee Co., Ks. 27.7.1907.  Han d. i Phoenix, Az. 4.7.1999.  August var

 

     ##### (occupation?)

 

     og han og Idella budde i Mesa, Az., men vart skilde alt kring 1968.  So gifte Idella seg tredje gongen  

 

     ##### (date and place of her 3rd marriage? – Arizona 1969!)

 

     med Robert Reed McCormick, f. i Montgomery Co., Ind. 2.2.1920.  Han d. i Delphi, Ind. 3.4.2012.  Robert var i mange år fabrikkarbeidar («factory worker») og hadde mellom anna butt i Mesa og Phoenix, Az., men tok pensjon i 1969 og var sidan for det meste bubilreisande («RVing») over heile Amerika.  Han og Idella skilde sidan lag.  Idella fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet med Olaf, men August hadde fem born frå første ekteskapet sitt, medan Robert òg hadde to born frå første ekteskapet sitt.

d. Bella Karina Bollingberg, f. i Wells Co., N.D. 3.9.1903, d. i Fargo, N.D. 7.11.2001.  Bella gifte seg i Chicago, Ill. 19.2.1933 med Calvin Llewelyn Griffiths.  Han var f. i Lincoln Co., Minn. 13.4.1904 og d. i Fargo, N.D. 13.5.1984.  Bella var lærar («school teacher»), medan Calvin først var butikkleiar («store manager») i Sibley, Osceola Co., Ia. og sidan leiar for eit oljeselskap («oil company manager») i Eugene, Ore.  Som pensjonistar busette dei seg so i Fargo, Cass Co., N.D.  Dei fekk to born i lag.

e. Anna Sophie, kjend som Sophya Bollingberg, f. i Wells Co., N.D. 11.8.1905, d. i Minneapolis, Minn. 7.4.2007.  Sophya gifte seg i Becker Co., Minn. 7.2.1931 med John Arthur Reitan, f. i Clay Co., Minn. 18.5.1905.  Han d. i Minneapolis, Minn. 17.3.1947.  Sophya var lærar («school teacher»), medan John dreiv ei elektrisk forretning («electrical appliances merchant»).  Dei budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. og fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.