Lars E. Øyane Posted April 11, 2021 Share Posted April 11, 2021 (edited) Eg har i so mange år slite med å finna lagnadane til fleire søsken frå Urnes i Hafslo som sist vart sette i Bergen i 1785 og 1792 og som mellom anna er drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/225948-gunvor-jørgensdotter-fødd-1768-og-lars-jørgenson-fødd-1777-halvsøsken-frå-hafslo-som-forsvinn-i-bergen-kvar-i-all-verdi-vart-det-av-dei-ei-kjempeutfordring/?tab=comments#comment-2101729 ** Gunvor Jørgensdotter (Haugen), døypt i Hafslo 14.8.1768 - konfirmert i Domkyrkja i Bergen i 1785 ** Lars Jørgenson (Haugen), døypt i Hafslo 27.7.1777 - konfirmert i Nykyrkja i Bergen i 1792 Eg har leitt «høgt og lågt» etter desse søskeni og mistenker dei for kanskje å ha forlete landet slik fleire andre indresogningar gjorde på den tidi - truleg då til København i Danmark? Og i desperasjon seier eg følgjande: Om nokon greier å finna lagnadane til desse halvsøskeni, vil vedkommande få ei bokgåve frå meg: Band XII i bygdebokserien for Luster når denne er ferdig prenta! Eg vonar eg ikkje bryt med regelverket til Digitalarkivet ved å lova ei slik beløning...!? Eg takkar hundre tusen gongar på førehand for alle gode tips! Edited April 11, 2021 by Lars E. Øyane Gunnar Sigdestad, Torbjørn Igelkjøn, David Widerberg Howden and 1 other 4 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Margun Kristiansen Posted April 12, 2021 Share Posted April 12, 2021 Hei. Disse unga er oppkalla etter besteforeldre Jørgen og Berte??, men det er ikke sikkert at det er riktige folk. https://www.histreg.no/index.php/person/daid/pd00000009176622 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted April 12, 2021 Author Share Posted April 12, 2021 Innlegg #3: Hjarteleg takk til Margun for spennande innlegg! Eg har sett litt nærare på «kandidaten» din, og dette må vera han i FT1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390003518 Kona er Karen Rasmusdotter, og sonen Jørgen er nemnd. MEN Lars er 35 år gamal, og det er nok same mann me finn i 1804 som fødd på Follevåg i Askvoll: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000012435 Protokollen frå 1804 har ingen andre Lars Jørgenson i Bergen! Eg takkar på ny for freistnaden, men denne er det altso diverre ikkje... Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Frank Marton Pedersen Posted April 12, 2021 Share Posted April 12, 2021 Hei! Jeg gjør et desperat forsøk på Lars Jørgensen Haugen her uten noen form for kvalitetssikring fra min side... Den Norske Rigstidende (nb.no) Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Rune Thorstensen Posted April 12, 2021 Share Posted April 12, 2021 35 minutter siden, Frank Marton Pedersen skrev: Hei! Jeg gjør et desperat forsøk på Lars Jørgensen Haugen her uten noen form for kvalitetssikring fra min side... Den Norske Rigstidende (nb.no) Det er vel denne Lars Jørgensen på gården Peperstad i Vestby det henvises til Frank Marton. Han skal være født 1790 i Vestby og er neppe den man er på jakt etter her. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038006001385 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Ivar Moe Posted April 12, 2021 Share Posted April 12, 2021 (edited) 3 timer siden, Lars E. Øyane skrev: Protokollen frå 1804 har ingen andre Lars Jørgenson i Bergen! Merkelig at det ikke er spor å finne etter disse søsknene. Jeg finner en NN Jørgensen f. i 1777. Står litt på farten nå, men han skulle gjerne vært sjekket ut. Ser ut som han har ett par barn så er vel tvilsomt om det er rett kar. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051079000064 Og så er det denne karen som er i "aars tjeneste" på Voss i 1801 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058378000968 Mvh Ivar Edited April 12, 2021 by Ivar Moe Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted April 14, 2021 Author Share Posted April 14, 2021 Innlegg #7: Hjerteleg takk til Frank Marton, Rune og Ivar for nye freistanadar på å løysa denne kjempegåta! «Kandidaten» til Frank Marton kan me altso «skrinleggja», og når det gjeld dei to «kandidatane» til Ivar, so meiner eg bestemt me har vore borti denne ungdomen frå Voss før og påvist at han ikkje kan vdera frå Sogn, og det er vel ikkje nokon Lars Jørgensen som får dei to borni som er nemnde under hin «kandidaten»... Kan det tenkjast at Lars og eller Gunvor er avlidne i Bergen før 1801, men ført på ein slik måte at me ikkje kan kjenna dei att? Jørgen NN's son eller dotter? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne kjempeutfordringi! Rune Thorstensen 1 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted April 23, 2021 Author Share Posted April 23, 2021 Innlegg #8: Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne saki med von om at ein eller annan kan greia komma nærare ei løysing... Eg er ganske so fortvila, men gjev ikkje opp voni! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted June 19, 2021 Author Share Posted June 19, 2021 Innlegg #9: Eg vil i dag gjerne nok ein gong få henta fram natt dette emnet til drøfting! Kanskje et det tilkomme nokon som kunne tenkja seg ei gratis bygdebok for verdifulle opplysningar om ein «forsvunnen» huslyd frå Luster!? Eg kryssar fingrer og tær... Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Grethe Flood Posted June 19, 2021 Share Posted June 19, 2021 (edited) På 12.4.2021 den 0.47, Lars E. Øyane skrev: ** Lars Jørgenson (Haugen), døypt i Hafslo 27.7.1777 - konfirmert i Nykyrkja i Bergen i 1792 Jeg har ingenting å bidra med når det gjelder skjebnen til Lars etter konfirmasjonen, men er dette din Lars ved konfirmasjonen. I så fall synes jeg det står Bethlehems skole ved konfirmasjonen: Bergen fylke, Nykirken i Nykirken, Klokkerbok nr. A 1 (1770-1821), Konfirmerte 1792, Side 32-33 https://media.digitalarkivet.no/view/8734/17 Er det det samme Nykirken fattigskole? Jf.: https://no.wikipedia.org/wiki/Fattigskole "I 1742 startet Nykirkens fattigskole, på folkemunne kalt Betlehem eller Grønneskolen (etter fargen på skoleforkleets krage).". I så fall finnes arkivet i Bergen Byarkiv: https://www.arkivportalen.no/contributor/no-BBA_arkiv000000638338?ins=BBA På nettsidene til Bergen Byarkiv står det litt mer om hva arkivene inneholder: https://www.bergenbyarkiv.no/oppslagsverket/2010/02/22/fattigskoleallmueskole/ Edited June 19, 2021 by Grethe Flood Gunnar Sigdestad 1 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted June 20, 2021 Author Share Posted June 20, 2021 Innlegg #11: Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande innlegg! Eg lyt tilstå eg har aldri tenkt på at det kan finnast skuleprotokollar for Bergen frå den tidi, men kva opplysningar finst det der? På Byarkivet sin side ser eg under kapitlet om kva opplysningar som finst, følgjande: «Arkivene kan inneholde tilsynsprotokoller, karakterprotokoller, klassedagbøker, kopibøker m.m. Materialet er fra tidsrommet ca. 1760 til 1889». So då er eg redd for at me ikkje kjem so mykje lenger. Det er jo lagnadane til desse skuleelevane som interesserer oss! I konfirmasjonslista står det elles at Lars budde hjå Jørgen Persens enkje i Knøsesmuget, men det hjelper oss jo heller ikkje lenger... Med mindre det finst eit notat om at Lars til dømes «stakk av frå skulen for å reisa til sjøs?» Uansett, det koster jo lite å sjekka dette, når me veit kva skule Lars gjekk på og kva tid, men eg fryktar for lange ventelister for å få hjelp til eit oppslag (tidlegare erfaring frå fattigvesenet sine protokollar), og eg kan ikkje gjera dette på eige hand. Eller kanskje kan nokon hjelpa meg med eit oppslag? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa ein av dei siste store flokene i denne bygdeboki! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.