Jump to content
Arkivverket

Bygdebok som gåve for fantastisk hjelp? - Er det lov eller er det bròt på regelverket til Digitalarkivet?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i so mange år slite med å finna lagnadane til fleire søsken frå Urnes i Hafslo som sist vart sette i Bergen i 1785 og 1792 og som mellom anna er drøfta i dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/225948-gunvor-jørgensdotter-fødd-1768-og-lars-jørgenson-fødd-1777-halvsøsken-frå-hafslo-som-forsvinn-i-bergen-kvar-i-all-verdi-vart-det-av-dei-ei-kjempeutfordring/?tab=comments#comment-2101729

 

** Gunvor Jørgensdotter (Haugen), døypt i Hafslo 14.8.1768 - konfirmert i Domkyrkja i Bergen i 1785

 

** Lars Jørgenson (Haugen), døypt i Hafslo 27.7.1777 - konfirmert i Nykyrkja i Bergen i 1792

 

Eg har leitt «høgt og lågt» etter desse søskeni og mistenker dei for kanskje å ha forlete landet slik fleire andre indresogningar gjorde på den tidi - truleg då til København i Danmark?

 

Og i desperasjon seier eg følgjande:  Om nokon greier å finna lagnadane til desse halvsøskeni, vil vedkommande få ei bokgåve frå meg: Band XII i bygdebokserien for Luster når denne er ferdig prenta!  Eg vonar eg ikkje bryt med regelverket til Digitalarkivet ved å lova ei slik beløning...!?

 

Eg takkar hundre tusen gongar på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
  • Like 3
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Margun for spennande innlegg!

 

Eg har sett litt nærare på «kandidaten» din, og dette må vera han i FT1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390003518

 

Kona er Karen Rasmusdotter, og sonen Jørgen er nemnd.  MEN Lars er 35 år gamal, og det er nok same mann me finn i 1804 som fødd på Follevåg i Askvoll: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000012435

 

Protokollen frå 1804 har ingen andre Lars Jørgenson i Bergen!

 

Eg takkar på ny for freistnaden, men denne er det altso diverre ikkje...

Link to post
Share on other sites
Rune Thorstensen
35 minutter siden, Frank Marton Pedersen skrev:

Hei!

 

Jeg gjør et desperat forsøk på Lars Jørgensen Haugen her uten noen form for kvalitetssikring fra min side...

 

Den Norske Rigstidende (nb.no)

 

image.png.0bc6221b30e87493dec113ef8093acec.png

Det er vel denne Lars Jørgensen på gården Peperstad i Vestby det henvises til Frank Marton. Han skal være født 1790 i Vestby og er neppe den man er på jakt etter her.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038006001385

Link to post
Share on other sites
Ivar Moe
3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Protokollen frå 1804 har ingen andre Lars Jørgenson i Bergen!

 

Merkelig at det ikke er spor å finne etter disse søsknene.

 

Jeg finner en NN Jørgensen f. i 1777. Står litt på farten nå, men han skulle gjerne vært sjekket ut. Ser ut som han har ett par barn så er vel tvilsomt om det er rett kar.

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051079000064

 

Og så er det denne karen som er i "aars tjeneste" på Voss i 1801

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058378000968

 

Mvh

Ivar

Edited by Ivar Moe
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #7:

 

Hjerteleg takk til Frank Marton, Rune og Ivar for nye freistanadar på å løysa denne kjempegåta!

 

«Kandidaten» til Frank Marton kan me altso «skrinleggja», og når det gjeld dei to «kandidatane» til Ivar, so meiner eg bestemt me har vore borti denne ungdomen frå Voss før og påvist at han ikkje kan vdera frå Sogn, og det er vel ikkje nokon Lars Jørgensen som får dei to borni som er nemnde under hin «kandidaten»...

 

Kan det tenkjast at Lars og eller Gunvor er avlidne i Bergen før 1801, men ført på ein slik måte at me ikkje kan kjenna dei att?  Jørgen NN's son eller dotter?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne kjempeutfordringi!

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
  • 2 weeks later...
Lars E. Øyane

Innlegg #8:

 

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne saki med von om at ein eller annan kan greia komma nærare ei løysing...

 

Eg er ganske so fortvila, men gjev ikkje opp voni!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.