Jump to content
Arkivverket

LØYST: Saknar vigsle i Christiania 1860 - ikkje registrert av Digitalarkivet? - kvar var desse folki ifrå?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Ifølgje FamilySearch skal det 18.11.1860 ha finne stad ei vigsle i Christiania mellom:

 

Peder Iverson frå Vågå

Christine Andersdotter frå Hole

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7YZ-V96

 

Eg har søkt i fleire retningar på Digitalarkivet, men finn ikkje denne vigsli nokon stad

 

Her er huslyden i FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038012007781

 

Eg er på leiting etter namn på gardar/plassar der Peder og Christine (Kirstine?) er fødde og oppvaksne?

 

Kan nokon forklara kvifor denne vigsli manglar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Foreldra til Peder er Ivar Eriksson og Kari Persdotter som var husmannsfolk i Øygarden under Øy i Vågå i 1833, jf, dåpen til Peder:

 

SAH, Vågå prestekontor, Ministerialbok nr. 4 /1, 1827-1842, s. 57, nr. 20:
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603530058

 

Foreldra Ivar og Kari vart vigde 9. nov 1830 i Vågå:

SAH, Vågå prestekontor, Ministerialbok nr. 4 /1, 1827-1842, s. 185, nr. 26.
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603530183
Ivar var da på Sveieiget (dvs. Svevollen eller Vollen under Sve) og Kari på Øyseiget. Dei bur i Øygarden når dei døyper ungane sine, men dei kom før 1865 til Nørdre Skottlien som var husmannsplass under Vågå prestegard:

https://www.digitalarkivet.no/pf01038059002252


Dei bur også i Skottlien i 1875:

https://www.digitalarkivet.no/pf01052089007138

 

Eg høyrer gjerne frå deg Lars om du har informasjon om lagnaden vidare til Peder og Kristine.

Edited by Per S. Nestande
Link to comment
Share on other sites

Burud/Bure er første gård i Tyristrand sett fra sør, fra Modum. i 1860 når ekteskapet inngås er Anders Christoffersen på Evje. Evje er noen hundre meter unna, på Modum-sida.

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Carl, Per og Jon for interessante og nyttige innlegg!

 

Eg fann IKKJE denne vigsli då eg søkte i Digitalarkivet etter Pe* som brudgom og Iv* som far hans, so eg veit framleis ikkje kva eg gjorde galt...

 

Men uansett, paret er komme til rette, og likeins opphavi deira.

 

Det einaste eg vart litt i stuss over, var om dei var fødde på ein stad og oppvaksne på ein heilt annan stad?  Men eg fann konfirmasjonane til båe, Peder på Øygarden i Vågå, og Kirstina på Burud i Hole: https://media.digitalarkivet.no/view/1093/213

so eg går utifrå dei verkeleg voks opp på desse stadane og at det var foreldri deira som sidan hamna andre stadar?

 

Eg ser at du Per er interessert i fleire opplysningar om etterslekti til Peder Iverson.  Eg har ikkje spesielt studert slekti hans, men veit at han var snikkar på Kampen i Christiania til han i 1880(?) utvandra til Amerika.  Kona Kirstina følgde i 1881 med borni deira: https://www.digitalarkivet.no/en/view/8/pe00000000955876

 

Eg mistenker dette for å vera dødsfallet til Peter Iverson i Chicago, IL 14.4.1893 med gravferd i Mt. Olive i Chicago: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=2552&h=720887&tid=&pid=&queryId=34b8e105025de2053a269be657c1f09c&usePUB=true&_phsrc=Nzx25226&_phstart=successSource

 

Eg følgjer sonen Jonas, som vart inngift i denne ætti frå Luster - sjå innlegg #22: https://forum.arkivverket.no/topic/202018-anna-pedersdotter-øyene-owens-fødd-i-luster-1851-utvandra-1860-forsvinn-i-amerika-under-namnet-anna-wilson-lagnaden-hennar/

 

 

Her finst det etterslekt etter to døtrer (som ogso er mine slektningar).

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne huslyden.  Problemet mitt er løyst, og eg er kjempenøgd!

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

  • Lars E. Øyane changed the title to LØYST: Saknar vigsle i Christiania 1860 - ikkje registrert av Digitalarkivet? - kvar var desse folki ifrå?

Takk skal du ha for det Lars. Det var primært lagnaden til Peder og Kristine eg var ute etter så takk for informasjon om at dei utvandra. 

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.