Gå til innhold
Arkivverket

Otte Johnsen og Maritte Iversdatter, Helland, Fitjar. - kven var dei?


Reidar Olav Meling
 Del

Recommended Posts

Ifølge Bømlo Bygdebok (bd. II, s. 404) budde Jon Ottesen Barane og Larine Karlsdatter i Tverrborgvik på Bømlo på 1840-talet. Me kjenner til Larine. Jon omkom på sjøen i 1850, berre 29 år gammal. Det står ingenting meir i bygdeboka om kor Jon kom frå. Barane er elles ein stad sør for Børøy i Bømlo, høyrde i eldre tid til tidlegare Moster kommune. Jon (John) og Larine blei gifte i Finnås i desember 1844 (https://www.digitalarkivet.no/kb20070507620447). I kyrkjebok for Fitjar sokn i Stord prestegjeld finn me at han var fødd på garden Helland i Fitjar i 1821 (https://www.digitalarkivet.no/kb20070516640497). Her står det at han var son av Otte Johnsen og Maritte Iversdatter.

Eg finn ikkje Otte og Maritte på garden Helland (gardsnr. 49) i bygdebok for Fitjar. Derimot finn eg iallfall 3 av fadrane då barnet John blei døypt i 1821, brørne Lars og Peder Olsen og Jens Johannesen, dei budde alle på Helland. Men i ft  for 1815 finn me Otte Johnsen Bernes (? mi uth.) og Marthe Christine Iversdatter buande på Børøy i Finnås prestegjeld. Otte er 23 år, og Marthe er 27 år gammal. Dei skulle då vera fødde rundt 1792 og 1788. I ft 1801 finn eg ei Marta Iversdatter i Lindås, fødd i 1787. Finn ingen Otte Johnsen som er fødd rundt året 1792.

Kor kom Otte Johnsen og Martha (Maritte) Christine Iversdatter frå, og når blei dei gifte?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aha, ser man det! Men finn me dei i folketeljinga i 1801? Eg finn ein Otte Jonsen Wiig, men han er berre 5 år gml, skulle altså vera fødd i 1796. Når det gjeld Marta, finn eg ei som som fødd i 1780, skulle då vera rundt 35 år gml. i 1815, og det stemmer jo dårleg med opplysningane i ft i 1815.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fantastisk, Lars! Då stemmer alt. Og det forklarer at Otte og Marta kalla barnet for John (Jon). Og for ein gongs skuld stemmer opplysningane i ft 1815 om alderen til Otte og Martha! Mange takk for vel utført jobb, Lars!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.