Gå til innhold
Arkivverket

Har Alfred etterkommarar idag?


Reidar Olav Meling
 Del

Recommended Posts

Anton Mathias Christensen, fødd 6.januar 1853 på Horn, Nesna, fekk først sonen Peder Johan med Matthæa M. Pedersdatter (1851-80) i 1874. Så blei Anton gift med Laura Jensine Larsdatter, f. 1862.

Anton og Laura fekk 7 barn, dei fleste vaks opp, fleire av desse veit me har etterkommarar idag. Her undersøkjer me den eldste sonen, Alfred Laurin Kristensen. Alfred var fødd på Horn i Nesna 30.august 1884. Alfred blei gift i 1906 i Bakke kirke, Trondheim, med Amunda Vilhelmine Olsen, ho fødd 21.aug. 1883 på Flatanger i Nord-Trøndelag. Me kjenner til eitt barn av Alfred og Amuna, det er Solveig Kristensen, fødd 7.januar 1907 i Trondheim. Alfred døydde i desember 1932. Me finn to personar med namn Solveig i gravminnebasen som er fødde 7.januar 1907, men ingen av dei har etternamn Kristensen. Dette kan vel tyda på at Solveig blei gift.

Har Solveig Kristensen etterkommarar idag? Har Alfred og Amunda andre barn som har etterkommarar idag?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Amunda Vilhelmine står som skilt i FT1925, uten noen barn fra første ekteskap boende hos seg:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01063300027410

 

Hun gifter seg igjen i 1927 med Olav, som hun bodde sammen med i 1925:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001393413

 

Siden Amunda kun hadde Solveig i FT1910, er det vel naturlig å tro at hun og Alfred ikke fikk flere barn:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036806034582

 

Ser ut som om hun døde i 1945:

image.png.c17cc320b312834dde03c183e4ef58b1.png

Endret av Carl Nilsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takkar mykje for svar, endå om svaret diverre ikkje var nett det eg hadde vona. Men det er lite å gjera med det. Me driv faktisk og undersøkjer om Alfred kan ha fått eit barn utanfor ekteskap, - i januar 1916. Når kan Alfred og Amunda ha blitt skilt? Dersom Alfred har hatt eit "sidesprang", kan ein jo spørja seg om det kan vera ein samanheng her...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Interessante opplysningar, Allan. Men igjen er det rart kor lemfeldige dei var med opplysningane om fødselsår i eldre tider. I ft 1910 er Amanda fødd i 1884, i ft 1920 er ho fødd i 1881, i ft 1925 er ho fødd i 1883, då ho gifta seg påny i 1927 er ho brått fødd i 1903! Det rette årstalet er 1883, for  me finn henne som fødd i Flatanger 21.august det året.

No er me ikkje primært ute etter opplysningar om Amunda i denne samanhengen. Men me har altså fått greie på at stuerten Alfred Kristensen var gift med Amunda i 1910 og at dei då hadde eitt barn saman, Solveig, som var fødd i 1907 og som døydde i 1911. Så var Alfred og Amunda skilde i 1920. Kva har skjedd mellom 1911 og 1920?

DNA-prøvar tyder på at Alfred truleg er far til ein gut som vart fødd i 1916. Men DNA-prøvane gir og eit lite rom for at den aktuelle barnefaren kan vera ein av Alfred sine 2 brør. Ein DNA-test av ein (annan) etterkommar etter Alfred ville truleg gitt oss det eintydige svaret. Men alt tyder altså no på at Alfred ikkje har (andre) nolevande etterkommarar.

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Reidar Olav Meling skrev:

Når kan Alfred og Amunda ha blitt skilt?

 

Hvis de ble skilt ved dom, må du vite når og hvor dommen ble avsagt. Hvis de fikk skilsmissebevilling fra Justisdepartementet, kan det være en mulighet for å finne selve saken i arkivene i Arkivverket (Riksarkivet). 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til Grethe for godt tips, og til Roy for at du fann dødsannonsa til vesle Solveig.

 

mvh Reidar O.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Alfred skal ifølge mine opplysninger ha hatt en datter Mary(opplysning som opprinnelig kommer fra en av Alfreds søsterdøtre). Ved dødsfallet hans i 1932

er det ført at han hadde en datter som var 7-8 år da han døde. Jeg er barnebarn av Alfreds bror Leif Emil

Forsøker å legge ved lenke til dødsfallet i 1932 fra Trondheimsbasen 2014. 

 

317.jpg (1338×1040) (trondheimsbasen.no)

 

Ser at det også står at en datter skulle være 7-8 år i 1907-1908, men det har jeg ikke klart å finne i noen kirkebok tidligere. 

Det har vel uansett ikke noe å bety i denne sammenhengen

Endret av Anne Lise Hovdal
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til alle.

Det er altså mykje som tyder på at vår Alfred hadde eit barn på 7-8 år  då han døydde i 1932, ei jente ved namn Mary. Har sett at Mary var eit nokså vanleg namn på jentebarn i Trondheimsområdet på 1920-talet. Denne Mary må vel vera fødd midt på 1920-talet. Alfred budde i Trondheim, så det er kanskje rimeleg at Mary blei fødd der, men dette er svært usikkert. I tillegg så ligg det føre opplysningar som tyder på at denne Mary seinare har budd i Oslo. Me veit ikke om ho blei gift.

Nøyaktig når og kor blei Mary fødd? Lever ho enno? Kan ho ha etterkommarar som er i live idag?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 timer siden, Reidar Olav Meling skrev:

Til alle.

Det er altså mykje som tyder på at vår Alfred hadde eit barn på 7-8 år  då han døydde i 1932, ei jente ved namn Mary. Har sett at Mary var eit nokså vanleg namn på jentebarn i Trondheimsområdet på 1920-talet. Denne Mary må vel vera fødd midt på 1920-talet. Alfred budde i Trondheim, så det er kanskje rimeleg at Mary blei fødd der, men dette er svært usikkert. I tillegg så ligg det føre opplysningar som tyder på at denne Mary seinare har budd i Oslo. Me veit ikke om ho blei gift.

Nøyaktig når og kor blei Mary fødd? Lever ho enno? Kan ho ha etterkommarar som er i live idag?

Det er ei  Rose Mary Født i 1923 i Trondheim Screenshot_20210508-185043_Chrome.thumb.jpg.a6bd1618cac489eac2930094bd073a70.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Erik. Dette kunne jo vera interessant å sjå på, men heiter barnefaren Alfred Kristensen? Namnet Mary var elles ein del i bruk i Trondheim på 1920-talet.

 

Reidar O. Meling

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Erik - Nilsen skrev:

Det er ei  Rose Mary Født i 1923 i Trondheim Screenshot_20210508-185043_Chrome.thumb.jpg.a6bd1618cac489eac2930094bd073a70.jpg

Kan være interessant dette, men hvilken kirkebok er dette hentet fra? Er vel Rose Mary det menes her, men jeg får ikke opp hvem som var hennes

foreldre. Hadde vært bedre med lenke til kirkeboken, og det er mange kirkebøker i Trondheim i 1923

Endret av Anne Lise Hovdal
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg fant igjen Rosa Mary i  Trondheimsbasen 2014, og dessverre het faren Herbert ifølge deres oversettelse. Så dette kan ikke være riktig Mary. Finner heller ikke Alfred som far til andre enn den vi vet(datteren Solveig). Det kan kanskje være mer å hente i senere Trondheimsbaser, og det er nettop kommet en Trondheimsbase 2020 med flere navn i enn det jeg har.  Den skal kunne lastes ned på pc, eller kjøpes som cd

Endret av Anne Lise Hovdal
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har ikkje klart å  finne Mary Kristensen i den kirkeboken men vis hu var 7 te 8 år når faren døde må hu vore født i 1922 eller 1923 ut av det eg har kommet fram te.  Vis hu lever i dag er hu 98 eller 99 år  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er mangen Mary i Gravminner Databasen i Trondheim men kommer te å bli vanskelig å finne ut kem som e den rette vis hu gifta seg bytta hu etternavn men Antageligvis må hu heta Mary Kristensen  før hu gifta seg

 

Screenshot_20210509-094808_Chrome.jpg

Endret av Erik - Nilsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er en kandidat Mary Bertine født 1925 utenfor ekteskap. foreldre er stuert Alfred Kristensen og pige Petra Johansen. bosted: Egge pr Trondhjem. 

Riktignok har Alfred fødselsår 1889, men man var jo litt så som så med disse fødselsårene sine.

 

 

https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&firstname=mary&lastname=&roles[]=barn&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=1920&event_year_to=1927&event_date=&related_first_name=alfred&related_last_name=&related_birth_year=&related_roles[]=far&sort=ed

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Renathe-Johanne. Du skriv at du fann denne Mary (Marry) Bertine Kristensen, fødd i 1925 med far stuert Alfred Kristensen. Men kor finn du denne opplysninga? Merkeleg nok fann eg og denne Mary (ho heiter Berntine, ikkje Bertine). I folketellinga fra 1934 så finn me altså Mary Berntine, fødd 9.juni 1925, bur på Ranheim v/Trondheim. Ho er altså rundt 9 år gammal. Men kven er hennar føresette? "Vår" Alfred veit me døydde i slutten på 1932, så er dette dotter til Alfred er det jo logisk at namnet hans ikkje står her. Men kva med mora, Petra Johansen?? Mary står saman med ein Knut Dreier, 2 år eldre, og saman med familien Bjørnstad. Er Knut og Mary adoptivbarn til denne Bjørnstad-familien?

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

27 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Hei Renathe-Johanne. Du skriv at du fann denne Mary (Marry) Bertine Kristensen, fødd i 1925 med far stuert Alfred Kristensen. Men kor finn du denne opplysninga? Merkeleg nok fann eg og denne Mary (ho heiter Berntine, ikkje Bertine). I folketellinga fra 1934 så finn me altså Mary Berntine, fødd 9.juni 1925, bur på Ranheim v/Trondheim. Ho er altså rundt 9 år gammal. Men kven er hennar føresette? "Vår" Alfred veit me døydde i slutten på 1932, så er dette dotter til Alfred er det jo logisk at namnet hans ikkje står her. Men kva med mora, Petra Johansen?? Mary står saman med ein Knut Dreier, 2 år eldre, og saman med familien Bjørnstad. Er Knut og Mary adoptivbarn til denne Bjørnstad-familien?

trodde jeg la inn linken til dåpen, må ha glemt det

her er den

 

https://www.digitalarkivet.no/kb10041102251021

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutter siden, Renathe-Johanne Wågenes - Arkivverket skrev:

trodde jeg la inn linken til dåpen, må ha glemt det

her er den

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01063301008859

Ellers vil jeg tro at hun er satt bort og dermed ikke har bodd hos mor og far. Kanskje hun har vært fosterbarn hos familien Bjørnstad?

Fosterbarn var mye mer vanlig enn adoptivbarn. 

Hvis hun var adoptert, ville hun nok ha brukt Bjørnstad som etternavn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I gravdatabasen står det ingen med namn Mary eller Mary Berntine som er fødd på datoane 9.6 eller 6.9 i 1925. Kan det hende at denne Mary (Marry) lever enno?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen, Renate-Johanne, - du seier at du har lagt ut linken til dåpen for Mary Berntine, kan ikke sjå denne linken, ser at du igjen har lagt ut linken til folketeljinga i 1934.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.