Gå til innhold
Arkivverket

Gjest Baardsen si slekt


Ingvar Åberge
 Del

Recommended Posts

Eg har fått mykje hjelp med genealogiske spørsmål her på forumet, så eg prøver meg med eit til. Det gjeld slekta til Gjest Baardsen. 

 

Det er ein sterk tradisjon i slekta etter husmannsparet Jon Larsson og Ragnhild Bendiksdotter, som budde på Kobbaneset under Eitorn i Leikanger (Jon Laberg, Balestrand bygd og ætter s. 512), at ein skal vera i slekt med Gjest Baardsen, landskjend forbrytar frå Sogndal. Dette gjeld både etterslekta deira i Balestrand og Trøndelag, der dei også har talrike etterkomarar.

 

Denne tradisjonen har nok i stor grad vorte vidareført innan husstandane, og i liten grad vore samtaleemne i større forsamlingar, då det inntil for ein generasjon eller to sidan var noko skamfullt som ein ikkje ynskte å snakka høgt om. Dette styrkjer i høg grad tradisjonen, då ein kan sjå på det som fleire ulike kjelder som stadfestar den same forteljinga.

 

Problemet er at når me i dag har fått bygdebøker der me kan rekkja både forfedrene til Gjest Baardsen, Jon Larsson og Ragnhild Bendiksdotter, har det ikkje lukkast å påvisa noko kontaktpunkt mellom dei to familiane.

 

Ragnhild og Jon var fødde høvesvis i 1799 og 1806, og var fylgjeleg nokre år yngre enn Gjest, som var fødd i 1791. 

 

Dette er kva eg har notert om Gjest Baardsen sine forfedre:

 

1. Gjest Baardsen

 

2. Bård Gjestson

3. Marta Pedersdtr.

 

4. Gjest Larsson Resaland/Kleiv under Hildeskor

5. Ølgård Bårdsdt. Skjeldestad

6. Per Jakobson Fjæren

7. Kari Hallvardsdtr. Grøt

 

8. Lars Kristenson Hundere/Resaland

9. Anna Hansdtr.

10. Bård Larsson Skjeldestad

11. Kari Olsdtr. Haug

12. Jakob Madsson, tambur og styrmann

13. Barbra Persdtr.

14. Halvard Torsson, soldat

15. Marta Hansdtr. Grøt

 

16. Kristen Mikkelsson Hundere

20. Lars Bårdson Skjeldestad

22. Ola Olsson Haug

 

Her er det rett nok å seia at bygdebøkene for Stedje sokn er så ufullstendige at denne lista i stor grad er basert på slektsopplysningar på nettet.

 

Ættetavla til borna til Jon og Ragnhild vert til samanlikning slik:

 

2. Jon Larsson Eitorn

3. Ragnhild Bendiksdtr. Osen 

 

4. Lars Ingebriktsson Vangsnes/Eitorn

5. Ingeborg Jonsdtr. Helland

6. Bendik Jensson Sagi under Holum/Osen

7. Sesilia Kristensdotter Sogndalsfjøra

 

8. Ingebrikt Knutson Vangsnes

9. Ingeborg Simonsdtr. Tveiten

10. Jon Bårdson Øksdal/Helland

11. Guri Berntdsdtr. Helland

12. Jens Rasmusson Kaupangerhagen/Sagi under Holum

13. Sigrid Bendiksdtr. Indre Frønningen

14. Kristen Larsson Nes/ Sogndalsfjøra

15. Ragnhild Jonsdtr.

 

16. Knut Ingebriktson Feidje/Vangsnes

17. Marta Larsdtr. Henjum

18. Simon Guttormson Tveiten

19. Marita Lassedtr. Seim

20. Bård Sjurson Dale/Øksdal

21. Ingeborg Hansdtr. Øksdal

22. Bernt Nilsson Åfet/Feidje/ Helland

23. Kari Knutdtr. Åfet

24. Rasmus Torsson Kaupangerhagen

25. Kari Johannesdtr.

26. Bendik Ivarson Simlenes/Indre Frønningen

27. Brita Nilsdtr.

28. Lars Sjurson Nes

29. Sissel Eiriksdtr. Åbyrge

 

Enkelte greiner kan fylgjast ytterlegare eit par generasjonar bakover, utan at det truleg har almenn interesse.

 

Det einaste som ein ser at kunne passa er Halvard Torsson og Rasmus Torsson Kaupangerhagen, dersom dei begge var søner av same Tor. Men det er jo i så fall ganske langt uti. Gjest ville då vera firemenning med Ragnhild Bendiksdotter. Så pass nære slektningar må Gjest ha hatt ein del av i Sogn, utan at eg har noko oversyn over kor mange. Men om det er eit godt stykke ute, sett med våre dagars auge, skal seiast at dei ofte rekna på så fjern slekt den gongen.

 

Det andre alternativet er at det er eit eller anna farskap i ei av slektene som er eit anna enn det som vart bokført av styresmaktene. Sosiobiolgane likar å fortelja at farskap er ei høgst usikker sak, medan me som driv med slektsgransking jo helst vil lita på dei opplysningane me finn i kjeldene.

Endret av Ingvar Åberge
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit vidare søk på nettet gjev fleire relevante treff her på forumet:

 

 

No kom dei ikkje til nokon konklusjon i denne tråden for 18 og eit halvt år sidan. Men eg ser i alle fall at det er sannsynleggjort at Rasmus Torson Kaupangerhagen kunne vera son av Tor Rasmusson i Fjærland. Denne Tor er kort omtala i Laberg si bygdebok s. 554, utan familieopplysningar.

 

Om det no stemmer at han hadde ein son Rasmus som kom til Kaupangerhagen, så spørst det om han også hadde ein son Halvard som vart soldat.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skiftet etter Tor Rasmusson Skreen er referert i den digitale ætteboka for Fjæfland, ved Trygve K. Mundal, under Øvre Mundal s. 64. 

 

Her står ganske korrekt at Tor hadde ein son Rasmus, fødd 1715. Men bustad er ikkje spesifisert. Derimot er ikkje nemnt nokon son Halvard.

 

Halvard skal i fylgje Davidsen og Nedrebø på nettet vera fødd i 1693, med andre ord jamngamal med Tor Skreda sin eldste son Rasmus som er nemnd av Trygve Mundal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Odd Brede etterlyste i den gamle tråden (som eg dessverre ikkje lenger kan svara på) opplysningar frå Sogndal bygdebok. No kom det ikkje ut noka bygdebok for Kaupanger før i 2012, 9 år etter at dette vart skrive. Men i dag har me bygdeboka, og der finn me Rasmus Torson i Kaupangerhagen på side 179 i bind 2.

Bygdeboka set som truleg at han var frå "Skreen" (utan å spesifisera det til Fjærland), men grunngjev ikkje kvifor det er truleg.

Endret av Ingvar Åberge
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.