Gå til innhold
Arkivverket

Jostedalen - Solund i Ytre Sogn - Søker foreldrene til fosterbarna Lussi og Arne Andersen som kom fra Jostedalen og slo seg ned på Netteland i Solund


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

I følge bygdeboka:

 

image.png.aa3166840344327b41189bf200179055.png

 

Vielsen til Lussi og Mads

https://www.digitalarkivet.no/kb20070228330560

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000616769

 

Men hvem var foreldrene til Lussi og Arne, og hvor ble det av Arne ? Er han en av de to Arne Andersen som er dåpsvitne til Lussi  sitt barn i 1799 ?

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006749055

 

Arne lever i hvertfall i 1801 da han er vitne i "broren  se 34b over" sin vielse. 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391001908

 

Mvh

Ivar

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk Gisle. 

Da er foreldrene på plass, det var det viktigste.

Jeg får lese nøye igjennom i morgen for andre detaljer.

 

Mvh

Ivar

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Beklager at eg ikkje skreiv litt meir i går kveld, men hadde nett satt på ein Netflix-film 🙂

 

Britha (1760-?) sin lagnad er ikkje funnen.

 

Eg meiner at lagnaden til alle borna til Lussi (1764-1841) vart funnen, bortsett frå dottera Synneva som truleg dø ung, etter 1801. For ho har eg heller ikkje notert dåpsdato.

 

Ellers vart vel ikkje opphavet til andre kona til Arne (1869-1848) funnen, ho kan kanskje også ha komme frå Indre Sogn...?

 

Einar vart funnen att i Leikanger. Ref. tema #68340, innlegg #7 og 8. Ref. også tema #67511.
https://forum.arkivverket.no/topic/153702-68340-sogn-og-fjordane-johan-wiig-in-hafslo
https://forum.arkivverket.no/topic/152874-67511-hjelp-med-sogn-og-fjordane

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Heisan!

 

Eg refererer til husmannsplassen Halseteig, opphavleg under Kvam nedre i Hafslo, men frå 1841 under Hafslo prestegard:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Arneson Halseteig, opphavleg frå Notadalen, vart døypt 21.1.1728 og vart gravlagd frå Halseteigen 6.3.1785.  Han gifte seg 15.10.1758 med Britha Einersdotter frå Eikjaberget.  Ho var f. kring 1733 og vart gravlagd frå Halseteigen 8.3.1785.  Anders og Britha var først plassfolk på Turtnebakken under Heggestad, men fekk kring 1773 rydda seg ein plass i Halseteigen, som den gongen låg under Kvam.  Her vart dei buande levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag:

 1. Siri Andersdotter (1758-1759).

 2. Britha Andersdotter, døypt 6.7.1760,

Britha Andersdotter flytte før konfirmasjonsalderen frå bygdi, rimelegvis til ytre Sogn, og ho levde i 1785, men diverre har kjeldene våre førebels ikkje kunna fortelja noko meir om lagnaden hennar.

 3. Lussi Andersdotter, døypt 18.3.1764,

Lussi Andersdotter flytte i ung alder til Gulen og skal ha vokse opp på garden Netteland.  Ho gifte seg i Gulen 9.7.1792 med Mads Iverson frå Losna i Gulen.  Han var son av gardbrukar Iver Johnson på Losna, opphavleg frå Vatne, og kona Siri Hansdotter frå Losna og var f. i Gulen kring 1757.  Mads og Lussi tok over heimebruket hans på Losna der dei vart buande levetidi ut.  Mads d. som kårmann på Losna 15.2.1831, medan Lussi d. som kårenkje same staden 24.4.1841.  I bygdeboki for Gulen fortel Ivar Kleiva at Lussi etter segni skal ha vore ”tjukk som ei istappa ullsekk”.  Mads og Lussi fekk ti born i lag:

a. Ingeborg Madsdotter, døypt i Gulen 21.6.1793, d. som kårenkje på Nesje i Hyllestad, Askvoll 13.10.1872.  Ingeborg gifte seg i Gulen 4.7.1830 med enkjemannen Arne Lasseson frå Tveiten i Hyllestad, døypt i Gulen 28.5.1776.  Han d. som gardbrukar på Nesje, den gongen i Lavik, 16.3.1852.  Arne hadde før vore gift med ei enkje på Nesje i Hyllestad, og der vart han og Ingeborg buande som gardbrukarar levetidi ut.  Arne fekk fem born, som alle var frå ekteskapet med Ingeborg.

b. Søren Madson, døypt i Gulen 30.3.1795, d. som kårmann på Losna 27.5.1882.  Han gifte seg i Gulen 7.7.1826 med Britha Pederdotter frå Rørdal i Solund.  Ho vart døypt i Solund (Gulen) 15.9.1803 og d. som kårenkje på Losna 1.7.1893.  Søren og Britha tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Losna og fekk ni born i lag.

c. Synneva Madsdotter, f. i Gulen hausten 1796, er nemnd tre år gamal i 1801, men ein stiller seg spørsmål om denne jenta verkeleg har vore.  Ikkje finst ho døypt i Gulen, og heller ikkje finst ho konfirmert eller avlidi i ung alder!

d. Britha Madsdotter, døypt i Gulen 18.3.1798, vart gravlagd i Gulen 25.8.1799.

e. Anna Madsdotter, døypt i Gulen 7.7.1799, vart gravlagd i Gulen 4.8.1799.

f. Hans Madson, døypt i Gulen 20.10.1800, d. som kårmann på Salbu i Hyllestad 9.10.1882.  Hans gifte seg i Hyllestad, Askvoll 18.7.1857 med enkja Petrina Johanne Jacobsdotter, opphavleg frå Salbu i Hyllestad, f. i Askvoll kring 1803.  Ho d. som kårenkje på Salbu 10.12.1892.  Petrina gifte seg første gongen i Hyllestad, Askvoll 15.6.1823 med Christen Christenson frå Ulvika i Hyllestad, døypt i Askvoll 27.1.1798.  Han d. som husmann på Salbu 9.4.1856.  Christen og Petrina slo seg ned som plassfolk i Storliåsen under Salbu, og etter at ho gifte seg att med Hans Madson, kjøpte dei ut plassen og vart gardbrukarar same staden.  Petrina fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet.

g. Britha Madsdotter, døypt i Gulen 13.11.1802, vart gravlagd frå Losna 28.11.1802.

h. Anna Madsdotter, døypt i Gulen 20.10.1803, d. som kårkone på Porten i Hyllestad 29.11.1871.  Anna gifte seg i Hyllestad, Askvoll 13.11.1852 med enkjemannen Knut Guttormson, opphavleg frå Nessane i Kvamsøy, Vik.  Han vart døypt i Vik 24.6.1803 og d. som kårmann på Porten 13.6.1877.  Knut gifte seg første gongen i Vik 9.6.1833 med Britha Olsdotter frå Porten i Hyllestad, ei sonedotter av gardbrukar Torkild Endreson på Porten (1728-1795), opphavleg gardbrukarson frå Heltneåkeren, Heltne i Fortun sokn i Luster.  Britha vart døypt i Askvoll 25.2.1806, men d. som gardbrukarkone på Porten 6.12.1851.  Knut tok over som gardbrukar på heimebruket til første kona si på Porten i Hyllestad og vart buande der levetidi ut.  Han fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet.

i. Anders Madsson, døypt i Gulen 27.10.1805, vart gravlagd frå Losna 9.11.1805.

j. Pernilla Madsdotter, døypt i Gulen 15.11.1807, d. ugift på Losna 2.4.1828.

 4. Arne Andersson (1768-1768).

 5. Arne Andersson, døypt 24.6.1769,

Arne Andersson flytte i heilt ung alder til Gulen og tente ei tid på Losna.  Han gifte seg første gongen i Gulen 10.7.1802 med Britha Baltzersdotter frå Lihaug i Gulen.  Ho var dotter av gardbrukar Baltzer Knutson på Lihaug, opphavleg frå Midtun i Gulen, og kona Kari Olsdotter frå Flolid og vart døypt i Gulen 22.3.1751.  Arne og Britha skal ha butt som husmannsfolk på ein plass under Rørdal i Solund der Britha d. 4.6.1817.  Arne gifte seg so att i Solund, Gulen 19.6.1818 med Martha Larsdotter av usikkert opphav.  Ho var f. kring 1790.  Arne og Martha vart plassfolk på Breidalsneset under Kalgraf i Solund der Arne d. som husmann og legdelem 2.1.1848.  Martha Larsdotter d. som legdelem same staden 4.7.1864.  Arne Andersson fekk tre søner, som alle var frå andre ekteskapet:

a. Berent Arneson, f. i Solund 21.9.1819, d. som legdelem på Lien i Solund 19.10.1890.  Han gifte seg i Gulen 26.9.1868 med Anna Johannesdotter frå Tverranger i Solund, f. i Gulen 29.9.1835.  Ho d. på Breidalsneset under Kalgraf i Solund 19.7.1922.  Berent og Anna budde som innerstfolk fleire stader i Solund, mellom anna på Tverranger, på Mårstig, på Råke og på Hardbakke, men som enkje budde Anna hjå dotter si på Breidalsneset under Kalgraf.  Berent og Anna fekk fem born i lag, men Anna hadde òg ei dotter frå før.

b. Anders Arneson, f. i Solund 16.4.1821, d. i Storevik under Grønnevik i Solund 24.5.1902.  Anders gifte seg i Askvoll 26.5.1863 med Synneva Hansdotter frå Leknessund i Askvoll, f. i Askvoll 11.8.1829.  Ho d. som husmannskone på Færøy i Askvoll 21.10.1874.  Anders og Synneva var først plassfolk under Leknessund i Askvoll og deretter på Buskøy, men var komne til ein plass under Færøy i Askvoll, no ein del av Solund, då Synneva fall ifrå i 1874.  Anders har nok sidan hatt fleire bustader, men hamna til sist på Storevik under Grønnevik.  Arne og Synneva fekk tre born i lag.

c. Lars Arneson, f. i Solund 28.3.1824, d. som kårmann og enkjemann på Losnegard i Gulen 11.9.1913.  Lars gifte seg første gongen i Gulen 19.8.1854 med enkja Johanna Tollefsdotter frå Birknes i Gulen, f. i Gulen 14.2.1827.  Ho d. som husmannskone i Soleibotnen under Eivindvik 3.5.1859 etter barselseng, og Lars gifte seg 18.6.1860 att i Gulen med Orlaug Arnesdotter frå Østerbø i Lavik, døypt i Lavik 23.5.1816.  Ho d. som husmannskona i Veddevik i Gulen 28.12.1893.  Lars og første kona Johanna hudde som plassfolk i Soleibotnen under Eivindvik i Gulen, men med andre kona Orlaug busette Lars seg som husmann på Bønes under Veddevik i Gulen.  Han fekk to søner, som båe var frå første ekteskapet med Johanna.

 6. Einer Andersson, døypt 25.7.1772,

Einer Andersson flytte òg  heilt ung alder til Losna og tente ved hundreårsskiftet framleis hjå søsteri Lussi og mann hennar, men gifte seg første gongen i Leikanger 3.6.1802 med Synneva Berntsdotter frå Tjønn i Feios, Leikanger.  Ho var dotter av husmann Bernt Knutson på Hestøya under Tjønn, opphavleg frå Tjønn, og kona Anna Olsdotter frå Eide, Kaupanger i Sogndal og vart døypt i Leikanger 15.3.1754.  Einer og Synneva tok over som plassfolk på Hestøya under Tjønn i Feios, Leikanger, men Synneva d. der kring 1808, og Einer gifte seg att i Leikanger 28.4.1811 med ei Kari Johnsdotter som i 1801 tente på Tjønn i Feios, Leikanger.  Ho var f. kring 1778, dato og stad ukjende.  Einer og Kari vart buande på Hestøya under Tjønn i Feios, Leikanger der Einer d. som husmann 1.4.1837.  Kari d. som husmannskone same staden 15.10.1855.  Einer fekk i alt fem born, som alle var frå andre ekteskapet med Kari:

a. Synneva Einersdotter, døypt i Leikanger 28.9.1811, vart gravlagd frå Tjønn 23.2.1812.

b. Anna Einersdotter, døypt i Leikanger 10.11.1812, vart gravlagd frå Tjønn 31.1.1813 (vart døypt som Gjertrud og gravlagd som Anna).

c. Britha Einersdotter, døypt i Leikanger 5.12.1813, gifte seg i Leikanger 2.7.1860 med enkjemannen Ole Halvorson frå Dræge i Leikanger, døypt i Leikanger 22.3.1810.  Han gifte seg første gongen i Leikanger 29.6.1835 med Randi Torjusdotter frå Flåm i Aurland, døypt i Aurland 7.3.1802.  Ho d. som husmannskone på Dræge 29.8.1858.  Ole Halvorson var i mange år husmann på ein plass under Dræge i Feios, Leikanger, men han og Britha utvandra til Amerika i 1862.  So langt har me ikkje funne att denne huslyden i Amerika.  Ole fekk i alt tre born, som alle var frå første ekteskapet med Randi.

d. Endre Einerson, døypt i Leikanger 4.2.1816, gifte seg i Leikanger 19.6.1844 med Unni Olsdotter frå Osen i Leikanger, døypt i Leikanger 13.8.1815.  Endre og Unni tok over som plassfolk etter foreldri hans på plassfolk på Hestøya under Tjønn i Feios, Leikanger, men utvandra til Amerika i 1866.  Under namni Andrew og Unni Einerson finn me dei att som farmarar i Blooming Grove township, Waseca Co., Minn., men dei flytte i 1870-åri med fleire av borni deira til Big Bend township, Chippewa Co., Minn.  Unni d. i Fertile, Minn. 14.2.1893, medan Andrew Einerson d. i Chippewa Co., Minn. 28.6.1898.  Dei fekk seks born i lag, men Unni hadde òg ein son frå før.

e. John Einerson, døypt i Leikanger 5.8.1820, gifte seg i Leikanger 6.4.1853 med Christi Olsdotter frå Dale i Leikanger, f. i Leikanger 27.4.1825.  Dei utvandra til Amerika i 1853, og under namni John og Christi Einerson finn me dei frå 1856 att som farmarar i York township, Green Co., Wis.  Christi d. i Green Co., Wis. etter barselseng i 1866, dato ukjend, og John gifte seg att i Green Co., Wis. 17.11.1867 med Britha Bottolfsdotter frå Borlaug i Feios, Leikanger, i Amerika kjend som Brita Larson.  Ho var dotter av strandsitjar Bottolf Larsson på ein plass under Borlaug og kona Kari Olsdotter frå Dale i Feios, Leikanger og f. der 9.3.1841, men utvandra til Amerika i 1866.  John og Brita vart buande på farmen hans i York township, Green Co., Wis. der John d. 19.1.1900.  Brita Einerson d. visstnok same staden i 1913, dato ukjend.  John fekk i alt seksten born, seks frå første ekteskapet og ti frå det andre.

 7. Martha Andersdotter (1781-1783).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Nokre utfordringar fann eg adri ut av då dette vart publisert i 2012, som til dømes:

 

** Lagnaden til Britha Andersdotter, fødd 1760, framleis i live 1785?

 

** Lagnaden til Synneva Madsdotter, f. 1796. om ho i det heile fanst?

 

** Opphavet til Martha Larsdotter, andre kona til Arne Andersson i Solund?

 

** Opphavet til Kari Johnsdoter, andre kona til Einer Andersson i Feios?

 

** Lagnaden til Britha Einersdotter i Amerika?

 

Kanskje det er mogeleg å gjera noko med dette i dag?

 

Hjarteleg takk for alle gode tips!

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.