Jump to content
Arkivverket

Ingeborg Torkildsdotter fødd i Haugaviki under Fimreite i Sogndal 1872 - skal ha forsvunne i Amerika - er det mogeleg å finna ho att?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Torkild Andersson , fødd på Alsmo i Luster 26.5.1830, var gift med Randi Olsdotter, fødd på Fimreite i Sogndal 6.12.1832.

 

Dei busette seg som plassafolk i Haugaviki under Fimreite der Torkild d. 3.3.1902.  Randi døydde i Vik i Sogn 26.7.1926.

 

Dei fekk i alt sju born som alle busette seg på Fimreite eller i nabobygdene i Sogn, bortsett ifrå denne jenta:

 

Ingeborg Torkildsdotter, fødd i Sogndal 1.8.1872.  Slekti hennar fortél at Ingeborg skal ha utvandra til Amerika i ung alder, men at ho aldri hadde kontakt med korkje foreldri eller søskeni i Noreg!

 

Og ganske riktig: Her finn me utvandringi hennar i 1897: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000694293

 

Det hadde vore svært so kjekt å finna ho att i Amerika og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
Dag Arne Danielsen

Hei Lars.

 

Kan dette være Ingeborg Torkildsdotter, fødd i Sogndal 1.8.1872 ?

Selv om de her skriver 01.08.1873 og ikke 01.08.1872.

 

https://www.findagrave.com/memorial/162233424/ingeborg-blunck

 

Ingeborg Torkelson Blunck

BIRTH 1 Aug 1873
Norway
DEATH 19 Jun 1958 (aged 84)
Madison, Dane County, Wisconsin, USA
BURIAL Monona, Dane County, Wisconsin, USA
PLOT Garden; Section B; Lot 31; Space 7
Edited by Dag Arne Danielsen
  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Dag Arne Danielsen
Lars E. Øyane

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Dag Arne og Carl for overraskande og kjempefine innlegg!

 

So er problemet plutseleg nesten løyst!  Eg har no sjølv greve fram litt fleire opplysningar på nettet og står fast på berre eitt spørsmål:

 

Frederik Ferdinand Mathias BLUNCK skal vera fødd i Holstein i 1831, men kvar i Holstein?  Og kva heitte far hans?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

e. Ingeborg Torkildsdotter, kjend som ingeborg Torkelson, f. i Sogndal 1.8.1872, utvandra til Amerika i 1897 og gifte seg i Stoughton, Wis. 2.12.1899 med Frederik Peter Roger Frederikson Blunck frå Bragernes, Drammen, i Amerika kjend som Fred R. Blunck.  Han var son av røyrleggjar Frederik Ferdinand Mathias Blunck på Bragernes, opphavleg frå

 

     ##### (kvar i Holstein!)

 

     og kona Johanna Marie, kjend som Marie Olsen frå Herlev i Frederiksborg amt, Danmark og f. i København, Danmark 23.12.1860.  Fred utvandra til Amerika i 1880.  Fred var målar («painter»), og han og Ingeborg budde mange år i Stoughton Dane Co., Wis., men flytte i 1920-åri til Madison, Dane Co., Wis. der Fred d. 22.12.1943.  Ingeborg Blunck d. same staden 19.6.1958.  Dei fekk ein son i lag og adopterte dessutan ei dotter.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Type hendelse: Marriage
Navn: Frederik Ferdinand Mathias Blunck
Kjønn: Male
Alder: 31
Fødselsår (anslått): 1829
Ektefellens navn: Johanne Marie Olsen
Ektefellens alder: 37
Ektefellens fødselsår (anslått): 1823
Marriage Date: 18 Aug 1860
Marriage Place: Hillerød, Frederiksborg, Denmark
Marriage Place (Original): Hillerød, Frederiksborg

 

I kirkeboka (som er lagt ut i skannet versjon på FS) står det at brudgommen er født 29.11.1831. Men det er bare oppgitt navn på forloverne:

Giftermål 1860.jpg

Edited by Grethe Flood
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.