Gå til innhold
Arkivverket

Lage Rasmusson Lihaug frå Gulen - fødd 1754 - gift 1774 med Kari Larsdotter Molde - kven var ho, og kvar vart det av dette parfolket?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Rasmus Tøgerson og Anna Endresdotter var i mange gardbrukarar på Myklemyr i Jostedalen, men flytte i 1762 til Lihaug i Gulen der dei sidan budde levetidi ut.  Rasmus vart gravlagd 10.1.1795, medan Anna vart gravlagd 19.9.1799.  Skifte etter desse har eg ikkje greidd å finna so langt!

 

Rasmus og Anna hadde seks born, to døtrer og fire søner.  To av desse sønene, Lage og Peder, har eg noko mangelfulle opplysningar om, og særleg er Lage eit kjempemysterium!  Kan nokon hjepa meg finna att denne Lage?  Ogso ville eg verta glad for identifikasjon av konene til både Lage og Peder!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Rasmus Tøgerson Lihaug, bror av føregåande brukar og likeins opphavleg frå La i Hafslo sokn, Hafslo, var f. her på Myklemyr kring 1714, men flytte i barneåri med foreldri sine til Hafslo der han 22.10.1745 gifte seg med enkja Anna Endresdotter, opphavleg frå Kalhagen i Hafslo.  Ho var f. i Hafslo kring 1714 og hadde før vore gift med gardbrukar og enkjemann Lasse Torstenson på La i Hafslo sokn, Hafslo (1705-1744).  Rasmus tok først over bruket på La i Hafslo som Anna sat med, men 3.12.1752 fekk Rasmus skøyte på Myklemyr nedre hjå bror sin; han og Anna flytte hit på same tidi og vart buande på Myklemyr fram til 1762.

Rasmus og Anna flytte i 1762 til garden Lihaug i Gulen der dei sidan vart buande levetidi ut.  Rasmus vart gravlagd frå Lihaug 10.1.1795, medan Anna vart gravlagd same staden 19.9.1799.  Dei fekk seks born i lag:

a. Christi Rasmusdotter (1747-1748), f. og d. i Hafslo.

b. Christi Rasmusdotter, døypt i Hafslo 16.11.1749, flytte med foreldri til Gulen i 1762, men vart sidan tenestejente på Kværhellen i Solund.  Ho d. som legdelem i Solund 14.2.1824, ugift.

c. Lasse Rasmusson, f. i Hafslo kring 1752, flytte òg med foreldri til Gulen i 1762, men gifte seg i Kvamsøy i Vik 29.12.1775 med Siri Andersdotter frå Alrek i Kvamsøy, døypt i Kvamsøy 11.4.1745.  Lasse og Siri var først gardbrukarar på Svardal i Gulen, men fekk sidan ta over heimebruket hans på Lihaug i Gulen der dei vart buande levetidi ut.  Siri d. som kårkone på Lihaug 10.10.1821, medan Lasse d. som kårmann same staden 14.10.1821, berre fire dagar etter ho.  Dei fekk fem born i lag.

d. Lage Rasmusson, f. i Jostedalen kring 1754, flytte til Gulen med foreldri i 1762 og gifte seg der 8.7.1774 med Kari Larsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? – kalla Molde 1774!)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? - kring 1750?)

 

     ##### (kvar vart det av Lage og Kari? – bustadar og dødsfall?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – ho hadde ei dotter frå før!?

 

e. Endre Rasmusson, f. i Jostedalen kring 1757, flytte likeins til Gulen med foreldri i 1762, men vart gravlagd som tenestedreng frå Lihaug 12.9.1782, ugift.

f. Peder Rasmusson, døypt i Gulen 26.12.1762, gifte seg i Gulen 1.11.1791 med Agatha Olsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? – kalla Tangen 1791!)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1750?)

 

     ##### (lagnaden deira? – 1801 Peder enkjemann og tenestedreng på Kværhellen i Solund)

 

     ##### (Ei Agatha Olsdotter vart gravlagd frå Nordgulen 14.12.1798, 50 år gamal – ho?)

 

     Peder d. som legdelem på Indrevær i Solund 21.7.1831. 

 

     ##### (born? – truleg ingen?)

 

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

45 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

d. Lage Rasmusson, f. i Jostedalen kring 1754, flytte til Gulen med foreldri i 1762 og gifte seg der 8.7.1774 med Kari Larsdotter frå

 

 

 

     ##### (opphavet hennar? – kalla Molde 1774!)

 

 

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? - kring 1750?)

 

GRN 53 Molde

image.png.9fabaede5640e902cfd501b2d186454d.png

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Ivar for fleire spennande innlegg!

 

Her er provet på at Rasmus Tøgerson var far til både Lasse og Lage - sjeleregisteret for Jostedalen 1760: https://media.digitalarkivet.no/view/4653/5

 

Elles ser eg Ivar Kleiva har eit opphav for Kari frå Molde, men han har ikkje noko fødselsår på ho!?  Og ikkje har han fulle namn på foreldri heller!!?

 

Men FamilySearch syner at Lars Molde med kona Bertha i alle fall hadde desse borni:

* Barbro, døypt Molde, Gulen 27.10.1745

* Bertha, døypt Molde, Gulen 4.4.1747

* Kari, døypt Molde, Gulen 1.9.1750

* Ingeborg, døypt Molde, Gulen 12.6.1753 (mor ikkje oppgjevi)

* Ahlet, døypt Molde, Gulen 12.6.1753 (mor ikkje oppgjevi)

 

Men kven var no desse foreldri??

 

Ivar: Skulle ikkje Lage då vera omskriven under LID??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.